... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 1. juli 2009

Lillesøs flyktar frå tåkehavet,
og landar på terrassen vår.



Då må vi servere noko godt før vi skal ete middag.


Vaffelkjeks

90 gram margarin

1,2 dl sukker

2 egg

1 ts bakepulver

300 gram kveitemjøl

Rør margarin og sukker kvitt. ha i eitt og eitt egg om gongen. Rør inn bakepulver og mjøl.
Vips!
Lag kuler av ei stor teskei med deig. Steik i vaffeljarnet.
Eg fekk 20 stk.

Sannsynlegheita for at det skal bli noko til overs er lita,
men om det skjer, skal kjeksa oppbevarast på eit tett glas.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarar blir verdsatt:)