... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 6. juni 2011

Rammelim, siste del


Ivrig.
Var so spent på dette biletet.


Når biletet har tørka er det berre å gnukke på vaselin.
Fargane kjem fram litt etter kvart.




Sjå!
Fiine fargane:)
Eg tenker at eg skal sy meg ei rååsa toalettmappe
med bling, glitter og stas.

Då er det berre å bestille rammelim
og setje i gong.
Det er skikkeleg moro
og moglegheitene er uendelege!





søndag 5. juni 2011

rammelim 2 og redesigna kjole

Hovudet har jobba litt i dag...
med ymse prosjekt.
Kjekt.



Vi held fram med rammelim-lynkurs:

Når bileta har tørka over natta,
legg matpapir over og stryk i ca 5 min.


Legg i lunka vatn i ca 15 min.


Rull av papir til du ser biletet du har tenkt å bruke.
Tørk.


Det var det eg rakk i dag.
Eg trur eg må sy meg ei veske,
ei "Let`s dance"-veske.
Med bilete av David Bowie på.



Impuls-prosjekt:



I skåpet fann eg denne oldgamle kjolen.
Den har aldri vore noko fin på
og det er mange år sidan sist eg brukte den,
i dag såg eg på den med nye auge.

Eg klipte av kjolen og forkorta ryggen
og sydde ein løpegang til å snøre den litt meir saman.
I enden av snora/strikken har eg festa to runde glasperler.
Veldig fine.

Det var ikkje lett å bestemme seg for stoff...
Litt påvirka av Barbro falt valget på raudt stoff med prikkar!!?!



I can see you:)
Kjolen bak,
meir polkadottar og eit par auge på toppen.
Då har eg fortsatt full kontroll.

Vips!
Ny kjole til sommaren.
den matchar til og med dei raude treskoa mine.

Sol, sol, kom igjen!


lørdag 4. juni 2011

Kva er rammelim?


Nokon kjøper avisa for å få med seg kva som skjer i verda.
Eg kjøper den for å få med meg vekas bilete med Lars Eivind Bones.
Laurdag er beste dagen!!
Magasinet denne veka var eit skikkeleg bonusbilag,
med reportasje om Norwegian Wood.




Eg har klipt ut bileta eg har lyst til å bruke.
Og funne fram ein bit kvit lin.



Rammelimet blir pensla rett på bilete.
Denne konserten var eg på;
då David Bowie (som er ein av mine heltar)
fekk kjærleik på pinne i auget.
Eg sto heilt bakerst, heilt åleine i heile verda,
iskald, audmjuk og like sjokkert som resten av
publikumet.



Legg biletet ned på stoffet, stryk godt over og la det tørke over natta.

Eg har ingen god plan på kva eg skal bruke bileta til enno,
men den dukkar nok opp etterkvart.

-fortsettelse følgjer-

Psst...
rammelim får du kjøpt hjå Lille Gitte.



fredag 3. juni 2011

Litt forsinka


Besta har hatt rund dag og eg og gåva er skikkeleg forsinka.



Kortet ligg klart til i morgon.
Då skal vi ta turen over fjellet.


Enkelt kort, utan for mykje stæsj.
Eg trur det vil passe henne godt:)


Små sitat på innsida.


Og ei lita helsing, på kaffemarinert tag.


Proffe kortlagarar brukar å skrive ei liste over kva papir
og slikt dei har brukt.
Eg er ikkje proff, difor: inga liste:)


Eit takk på baksida.
Besta er, og har vore, ein solid grunnmur i livet mitt.