... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Fjell og fjord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjell og fjord. Vis alle innlegg

tirsdag 12. oktober 2010

Det er Raudhette og eg...

I haustferien skulle vi på jakt, storfugljakt.
Kjæresten, ein kompis og eg.

Vi gjekk, utan å sjå noko og kom opp på høgda.
Kjæresten, som er ein gentleman,
meinte at eg skulle gå rett ned frå høgda og vente på dei,
medan dei gjekk rundt over myra (for at eg ikkje skulle bli våt på føtene)

Eigentleg syntes eg at det var ein litt smådårleg plan,
i og med at eg har litt dårleg retningssans....
Men, kva gjer ein?
Jaudå, høyrer på vaksne menn som har vore på jakt før:)



Vi delte oss og eg småtusla meg nedover høgda,
utan peiling på kvar eg skulle gå.
Men var ved godt mot,
det kunne då ikkje vere so vanskeleg å finne fram?


Det byrja å nærme seg skymingstimen
og eg hadde gått ganske mykje lenger enn eg trudde eg skulle,
utan å sjå ein einaste jeger.
Men fugl, det såg eg! Mange.
(til saman såg eg 7 stk, karane såg ingen)

Eg var redd for å rope og øydelegge jakta for karane,
difor gjekk eg med kryssa fingrar
og håpa at eg skulle treffe på vegen snart.
Etter å ha gått i ca ein time byrja eg å miste motet
og trakka meg til knes i myra nokre gonger.
Våt og kald var eg redd for å måtte bli att i skogen heile natta.

Eg er mørkeredd.... veldig... og eg er skogredd... like mykje.

Det er ikkje lenge sidan dei har sett bjørn med ungar
like ved der eg gjekk og surra, og ulveflokken er ganske stor.
For ikkje å snakke om elg!
Eg er mest redd for elg, eigentleg.


Ikkje før hadde eg tenkt tanken
før det dukka opp eit digert ulvespor rett nedom føtene mine.
Kva i alle dager gjer eg om eg må overnatte i skogen?

Korleis skal eg halde varmen?
Korleis oppfører ein seg om ein trakkar rett inn på ein bjørnefamilie?

Tusen tankar rasa rundt i hovudet mitt.
Eg var redd, alvorleg redd.

Og ingen ridder på kvit hest i mils omkrets...



So tett er skogen.
Ikkje lett å sjå ein ting... for ikkje å snakke om å sjå retninga.

Lure meg fann ut til slutt at eg skulle fylgje bekken!
Det gjer vi på Møre når vi rotar oss bort,
for bekken den fører oss ned mot havet.
Slik er det ikkje i Finnskogen.
"Bekken" renn nedover...
men ikkje til eit vatn, men *poff* inn i myra.
Då var det berre å finne seg ein ny bekk,
og etterkvart skjønte eg at bekken måtte fylgjast feil veg,
for eg var på nedsida av vegen.
Nytt håp.

Eg trakka i tett kratt,
djup myr, med fjellskoa full av myrvatn
og håret fullt av hjortelus (Jækk!)
og ENDELEG!!
Eit hus i sikte!
Ikkje det rette, men iallefall eit som eg kjente att.

I luftlinje hadde eg gått over ei mil feil veg...


Ser de!
Til og med elgen rotar seg vekk i Finnskogen...
men denne har vore uheldig å treffe på ulv.
Eg var heldigare:)

I alle år har eg sagt:
"de må ikkje sende meg ut på eiga hand, då havnar eg plutseleg i Sverige"

Det er ingen grunn til å slutte å seie det.
Eg var nemleg mest sannsynleg over svenskegrensa...

*surrekopp*

Kjæresten var frå seg av glede då vi fann kvarande att,
etter 1,5 time.
(det må innrømmast eg var ganske letta sjølv)
Og resten av kvelden gjekk til å avluse meg,
40-50 hjortelus kravla rundt i håret mitt fram til leggetid.

Det vart ein dag med høg puls og panikkontroll,
med andre ord:)







mandag 27. september 2010

Dugg i gras og stjerner i vatn

Vi har vore på fjellet i dag.
Har nytt gode samtalar, deilig vèr og herleg natur.



Før eg drog på meg spinkelbeinbuksa
tusla eg meg ein liten tur i hagen for å knipse hausten.
Fantastisk lys!



I siste liten kom eg på at eg burde måle eit strøk på veggen på syrommet,
svosj-svosj med målekosten, so var det i boks.


Eg er fascinert av vatn og stein.


Eg har fanga stjernene i vatnet! :)
Dette biletet gir meg lysta på reker, solstol og lukta av solkrem.



Etter at eg kom heim att fekk eg kaffebesøk og det var so triveleg!

Fin dag, med andre ord:)

lørdag 22. mai 2010

Eg vil flytte!


Vi har vore i Røros,
herlighet kor fint der er!


Tømmerveggar, gamle utelampar, steintrapper
og mykje anna vakkert å sjå.


Tenk å få bu her då!


Inne i eit portrom.
Gamle sleder og kunst i skjønn forening.


Folket i byen er hyggelege, døra (eller vindauget) står ope.
Butikkane har utstillinga og varene sine
ståande ute etter stengetid,
det er som å ha skrudd tida tilbake.
Eller... eg trur tida har stoppa her.
Alle har god tid og stress fins ikkje.




Vi sov på Frøyas hus.
Eit gaaamalt hus med to små rom til leie.
Skakt, slitt og veldig sjarmerande!


Putetrekket på senga vår.
Her kunne eg ha sove kvar natt:)


Gardinene og vindauget ut mot bakgården.
Der har eigaren butikk og sel myykje fine saker!

Eg vil tilbake, mange gonger,
om eg ikkje flyttar dit so vil eg iallefall på besøk!


tirsdag 2. mars 2010

Ritsj-ratsj-filibombombom

På søndag var vi på vinterpicnic,
to av søstrene Bruse og Lillebror.
Og ungane våre, sjølvsagt.



Princess har vore kreativ og laga eit snøhjarte.


Schærste-par!
Lille Lavendel-søs, hennar forlovede og deira to born.


Tuppen og Lillemor, søskenborn og verdas beste venar:)


På veg ned att, gutane heiv seg på kjelkane
og drog avgarde før eg fekk sukk for meg!


Lillebror og Snuppa.


Største prinsessene våre.
Dei kallar seg søsterborn.
Dei hadde hekta seg ihop og kom nedover bakkane
meir eller mindre kontrollert:)


Dette er påfyll av energi;
kjekt samvær,
sol,
fregner,
sjokolade,
glade ungar
og inga klokke å følge!


torsdag 25. februar 2010

Sinnsykt flott!

Det tikkar inn sms:
"Ta med deg fotoapparatet og ta bilete av månen i kveld!"

Sjekk den ringen då!!


Takk Ewa, det var ein opplevelse!
Månen har aldri vore vakrare:)


Ungane er i seng etter ein lang dag på badeland,
i morgon skal vi produsere makramèarmband.
Det kjem eit par jenter på besøk.
Det bli kos.

Eg har hatt nokre timar for meg sjølv i dag
og fått klipt 3 ellemeller-tunikaer.
Princess skal få sy sin eigen,
dei to andre skal eg snekre saman.

Snart er det slutt på vinterferien til ungane,
vi har hatt mykje besøk,
kost oss med strikking, data, bading, bowling, perling og grilling.
Fin vinterferie rett og slett:)

Og eg har oppdaga at det fins englar,
historia kjem om eit par dagar:)

mandag 9. november 2009

Sjå kor vakkert eg bur!

Det kan virke som om seinhausten kom først i år,
i form av minst 6 veker med regn,
og so kom sjølvaste Kong Haust no for 4 veker sidan.
Det er so vakkert!!
Temperaturen er god og fjellet lokkar.



På laurdag og i dag har vi vore på Synnalandshornet.
Ny oppleving for meg.
Fyy flate for ei herleg utsikt!
Her ser vi ned på småbåthamna vår.


Hellandshornet i all si prakt.
Har vore der ein gong og er ikkje sikker på om det blir so mange fleire gongar
... det var laangt...
og tungt!


Synnalandsvatnet.
Litt is inst og med sola som skein på vart det reine kunstverket.

mandag 29. juni 2009

Herlig tur til Blåskjerdingen!


Mamma, mellomsøster og eg på tur.
Laaang tur!

Det er minst like bratt som det ser ut!
Vi pusta og pesa og drakk som besatte.


Fantastisk vèr, herlig temperatur og vakker natur!






Etter 3.5 timar var vi oppe.
Eg trudde aldri eg skulle komme meg opp og eg hadde aldri blitt med
om eg hadde visst kor langt og tungt det var.


Sinnsykt! Eg har aldri vore so imponert over utsikt før
(det har kanskje med at eg aldri har vore so høgt oppe)

Utsikt frå 1092 moh, Harams høgaste fjell.
Vi brukte 2 timar ned att, knea ville bli att oppe i steinura. Det var tøft for beina.
Men... er ein viking, so er ein.

lørdag 27. juni 2009

Romantisk kjærestetur ut i havgapet.


Kjæresten skal heim att for ein periode og hadde lyst til å sjå Ona før han dro.
Vi pakka mat, drikke, fotoapparat og andre greier som ein treng når ein skal på tur.
Vi tok ferje over til Harøy og køyrde til Finnøy for å vente på neste ferje. Kjæresten hadde lest feil på rutene, so vi måtte vente.... og vente... og vente... Men sola skein og alt var berre fryd.

So tikka det inne ein sms på telefonen hans "Har du tid til å komme i studio i dag?"
Jada, det er klart vi har det:) Vi snudde og han fekk sunge inn litt meir på sangen sin. Noko må ein då ofre når ein har kjæreste som skal bli verdsberømt musikar.
Ona kan vente til ein annan gong.


Bilde frå Finnøy.


onsdag 24. juni 2009

I bakvendtland


...kanskje ikkje heilt bakvendt, men iallefall litt forsinka StHansfeiring.
Kjæresten hadde lyst å ta en tur ned til sjøen for å grille, og då heiv me mat og drikke i sekken og traska avgårde. 10 min å gå og poff, so er vi nesten i paradis.




Princess framføre bålet.


Ekte bål, ekte grillpølser og ekte hamburger.


Eg slappar av medan ungane leikar "jorda rundt"
( ikkje spør kva det handlar om. Eg var litt bekymra for om dei ville kome heim att før konfirmasjonen.... som eg allereie har byrja å planlegge, sjølv om det er 3 år til)