... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten feriekos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten feriekos. Vis alle innlegg

tirsdag 2. mars 2010

Ritsj-ratsj-filibombombom

På søndag var vi på vinterpicnic,
to av søstrene Bruse og Lillebror.
Og ungane våre, sjølvsagt.



Princess har vore kreativ og laga eit snøhjarte.


Schærste-par!
Lille Lavendel-søs, hennar forlovede og deira to born.


Tuppen og Lillemor, søskenborn og verdas beste venar:)


På veg ned att, gutane heiv seg på kjelkane
og drog avgarde før eg fekk sukk for meg!


Lillebror og Snuppa.


Største prinsessene våre.
Dei kallar seg søsterborn.
Dei hadde hekta seg ihop og kom nedover bakkane
meir eller mindre kontrollert:)


Dette er påfyll av energi;
kjekt samvær,
sol,
fregner,
sjokolade,
glade ungar
og inga klokke å følge!


fredag 21. august 2009

Skrik-mysteriet er oppklart, for alltid.

I sommar, på vår vandring i Parga, kom vi over nokre fantastiske oliventre.
Eg har planer om å bruke nokre av bilete på veggen, i svart/kvitt.
Medan eg sto og knipsa fekk eg brått auge på noko besynderleg!





" Er det ikkje? ...jau, det trur eg sanneleg det er !... I alle dagar? Mamma? Kva trur du?
Ser du det same som meg?"


Og ja, det gjorde ho, vi fann E. Munch sitt SKRIK, midt i Hellas!
Luktar det finnarlønn her?

onsdag 19. august 2009

Oppskrift med gresk stemning.

Annakvart år reiser mamma og eg på tur saman.
Vi har vore på Skiathos (fantastisk øy!!), Kreta og i år var vi i Parga.
Det er ikkje mogleg med ord å fortelje kor fint der er, det må opplevast!
Lite, pittoresk og sjarmerande.


Og... kor lett er det å plukke ut bilete til bloggen... eg har fleire hundre å velje mellom. *sukk*
Eit lite knippe, altfor lite knippe:)


Ellemeller nyt utsikta frå "The Castle" mot stranda vår.
Eg ser litt anspent ut, med rette, gudane må vete kor høgt det var rett ned....
og eg har høgdeskrekk.



Ein slik ein vil eg ha i hagen min!!


Vi var på dagstur til Albania, av alle plassar!
Her er "ferga" som vi tok over kanalen.
4 bilar og ørten ståplassar, på eige ansvar.
Det var litt tøft:)
(klikk på bilete for å sjå galskapen på ordentleg)


Ruinar i kilometervis! Eg hadde aldri trudd at eg skulle bli imponert etter at eg var på Akropolis for to år sidan, men.... fy flaten, dette var so imponerande!!
Vi gjekk mellom godt bevarte bygningar i lang tid og stadig dukka det opp spanande saker. Guiden visste alt og meir til.
Skal eg fortelje alt han fortalde so blir eg ikkje ferdig på denne sida av nyttår:)


Saranda, badeby i Albania.
Og eg... som trudde at Albania var eit grått og trist land med berre elende.
Nånei, dei bur seg på turisme dei òg.


Seilbåttur er obligatorisk. Vi var ein tur til havs, var innom "Blue cave" (har ikkje alle greske øyar ei slik grotte??) , Antipaxos og so åt vi lunsj på Paxos. Søt øy, lite badestrender.

Og, vi såg delfinar!! Eg sat heilt framme, med sjøen under beina og såg delfinane svømde under meg. Det var ganske gøy!

Tusen takk mamma for enda ein herleg tur!

*

So, til oppskrifta.
Eg har fått nokre spørsmål om korleis eg stryk serviettar på stearinlys.
Enkelt og greit:
Klipp til motivet slik du vil ha det og slik at det passar på det lyset du skal bruke.
Ta av det ytterste laget på servietten, sett strykejarnet på lav temp.
Legg motivet på lyset og stryk forsiktig på.
Ver lett på handa og for all del, ikkje la jarnet ligge for lenge på same plassen.
Eg kjøpte eit billeg strykejarn til formålet,
so er eg sikker på å ikkje rote stearin på tekstilane mine.

Lykke til!


mandag 20. juli 2009

Morgenfriske høner og andre høner.

Ei lita forteljing om søstrene Bruse på campingtur,
med og utan campingvogn og morgenfriske høner.


Dei to eldste søstrene Bruse heiv ungar og pikkpakk i bilen ein laurdags føremiddag og reiste til Valldal for å ete seg feite.... eller besøke minstesøster Bruse, med familie.


Dei fekk opp teltet og drog fram grillen i ei fart.
Laksen låg og venta på god steiketemp og stormkjøkkena struplekokte pastaband,
som seinare skulle veltast i grøn pesto.
Skikkeleg feitemat.


Etter at maten var fortært kom det store trollet og lurte på om dei kunne trampe litt på brua, det var so lenge sidan sist. Trollet var ein smarting og kom med ein pose heimelaga sjokolade.
"Sjokoladane er laga av ho Elin på Choco Plaisir", sa han med eit lurt smil.
Han tenkte nok at dei vart god marinade.



Minstesøster Bruse hadde vore og kjøpt seg nye fat og koppar, noko eldstesøster blei litt avundsjuk på, og dei måtte fram når slik god sjokolade skulle prøvesmakast. Vinen blei òg dregen fram, men det er ei anna historie.

Dagen og natta gjekk og søstrene Bruse fann ut at dei ikkje hadde lyst til å trampe på brua heilt enno. Dei sov godt om natta, sjølv om det regna bittelitt.
Ungane storkosa seg og ville slettes ikkje heim att over brua.


Eldstesøster Ellemeller Bruse tok ansvar og laga eggerøre av morgenfriske høner.
Piip! Nei, ikkje av hønene, men egga deira.
Søndagsfrukost er søndagsfrukost.




Mellomstesøster, som er mest handy, og stakk straks til skogs for å lage ein visp.


Minstemann tek livet med ro på ei rose-eng. Her må ein smøre seg med tålmod.
Mellomste Bruse hadde nemleg bestemt seg for å kjøpe seg ei slik staseleg vogn
som lillesøster har. Pc blei henta fram,
Trollet blei gløymd.
Me surfa på nettet og fann vogna.
Mellomste ville sjølvsagt ha den med ein gong og for å få tida til å gå satte ho seg rett ned og skreiv liste over alt ho skulle handle inn.
Det blei ikkje lite, etterkvart.




Lillesøster Bruse tek livet med ro ( i si eiga campingvogn)
og strikkar Barbie-klede til si minste taus
og størstesøster Bruse får drøyme om campingvogn ei lita stund til.

Snipp snapp snute so var forteljinga ute.
Trollet ventar på Søstrene Bruse,
berre vent!
Saft O`suse!

tirsdag 30. juni 2009

Bading og sånn.


Det er ikkje berre fryd i heimen for tida. Vi er bekymra for Irene, eg tenkjer mykje på kjæresten som er langt borte og som går gjennom sitt livs mareritt. I sånne tider kan det vere sunt og godt å tenkje på noko anna. Det har vi gjort i dag, vi har vore hos lillelavendel-søster.
Vi har kosa oss og bada, det har vore ein fin dag, sjølv om alt er vanskeleg.
Takk til søs! Glad i dj!


"Kossjen ej ska geie ditta no da, mamma?" (korleis skal eg greie dette da, mamma?)
Det var fint å ha ei tantehand å halde i når Gullet skulle over elva.
" Ej må ikke dette, veit du"
Den jenta er berre til å ete opp!




Gullet ville òg vere med "storeungane" for å bade, kleda og skoa gikk av i ei fart:)
Tante og mamma fikk sitte og prate interiør og utveksle oppussingsplanar for sommaren og hausten og egentlig for årevis framover.
Eg har faktisk kjøpt meg "Tilda`s hus" og blei litt inspirert.. bittelitt...
Ok, veldig da.


onsdag 24. juni 2009

I bakvendtland


...kanskje ikkje heilt bakvendt, men iallefall litt forsinka StHansfeiring.
Kjæresten hadde lyst å ta en tur ned til sjøen for å grille, og då heiv me mat og drikke i sekken og traska avgårde. 10 min å gå og poff, so er vi nesten i paradis.




Princess framføre bålet.


Ekte bål, ekte grillpølser og ekte hamburger.


Eg slappar av medan ungane leikar "jorda rundt"
( ikkje spør kva det handlar om. Eg var litt bekymra for om dei ville kome heim att før konfirmasjonen.... som eg allereie har byrja å planlegge, sjølv om det er 3 år til)


onsdag 10. juni 2009

Kreta 2007

Dette er mamma, som eg har plassert i ei hòle.



Skiathos 2005



Dette er meg, gonger to.

Mamma og eg reiser til syden saman annakvart år. Ein veldig fin tradisjon der vi investerar i godt venskap og mykje gode minner. Vi et godt, soler oss heile dagen, les gode bøker, kniser og fniser mykje av tida, ruslar i butikkar på kveldane og nyt å vere vekke frå kvardagsrutiner.
Takk mamma, for at du kom med dette fantastiske forslaget for 4 år sidan.

Eg set enormt stor pris på denne kvalitetstida saman med deg!