... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 31. oktober 2009

Gi-vekk



Siste påminning om gi-vekken min,
eg vil trekke vinnaren i morgon kl 21,
etter å ha heia fram Aafk til seier mot Strømsgodset.
Princess skal vere balljente og ser fram til å møte spelarane.
Junior er meir lunken til det heile,
han er RBK-fan...
Makan til fyr! :)





3 armband eg har laga og gitt bort.
Anhenga eg har brukt er ei god blanding av gjenbruk og nytt.

No er det straks tid for film og godteri,
mine born får ikkje gå ut og tigge godteri på Halloween.
Eg er sterk motstandar av innføringa av
eit kommersialisert fenomen som "ikkje høyrer til" våre tradisjonar.
Då er det koselegare å vere heime og bruke tida på familien.

fredag 30. oktober 2009

Små grøne menn

Terassedøra er endeleg på plass, no står det att måling av utforinga før den er heilt ferdig.
Eg er svært nøgd og dørstokken blei mykje finare enn eg hadde trudd!
Far måtte trikse og mikse og det er han god på!!
Tusen takk!!


Det var i sommar vi fann ut at den døra måtte erstattast før det blei kaldt igjen.
Kjæresten jobba og sveitta og var so flink so.
Det blei mykje banking, boring og bråking og han hadde behov for å beskytte hørselen sin.
Kreativ som han er, stappa han tørkepapir i øyrene...
Og han snakkar om at eg er kliiin kokos??!?


Sjå godt etter... tørkepapiret tyt ut av begge øyrene:)


Artig siluett??
Det var ikkje til å unngå at eg tenkte på ein heilt anna figur...


Shrek.
Ellers er dei ikkje so like.
Kjæresten er iallefall ikke grøn;)

Psst, bileta er frå eit liknande innlegg i sommar,
frå før døra vart ferdig.
Synes at bileta er artige og verdt å vise fram ein gong til:)

*

I dag har eg fått gjort litt, men det føles ut som om eg har daffa heile dagen...
Eg har sydd eit kostyme til svigerinna mi, skifta eit glidelås og fiksa 4 duffelcoat-hemper.
Jøss, det ser imponerande ut på papiret:)

Usynleg innlegg

No har eg registrert meg på Bloggurat.

torsdag 29. oktober 2009

Uspiselege pepperkakemenn

I dag har vi hatt besøk heile dagen, det har vore superkoseleg.
Eg har ikkje fått sydd so mykje,
men pepperkakene har fått seg auge,
her kikar dei litt furtne ut av hønsenetting-skåpdøra.


6 små pepperkakebrødre ventar rastlause på at jula skal kome...
og litt på at eg skal sy den mjuke linboksen dei skal bu i.
Dette var artig å sy,
lett arbeid å ha med framføre tv`n
og kakene blir heilt bedårande!

onsdag 28. oktober 2009

"Å, har du fått endå meir rask frå Skogen?"

-sa Princess då ho kom heim frå skule i dag.
På trappa ute sto eit spann med gamle flasker og eit rustent kjøkkenreiskap.
Inne er gangen stabla med kasser og nydelege skattar frå sommarhuset til kjæresten:)
Ungane ser ikkje verdien i det, enno.


Kjøkkenvekt, nyinnflytta.
Kaffekoppane har eg fått av ei venninne på Lørenskog.
Blondar og cookieskrukke er nyinnkjøpt.


Endå ei kjøkkenvekt som kom deisande inn døra i dag, saman med den djupt sakna kjæresten.
Spegelen kjem òg frå Skogen, men den fekk eg lurt med meg i kofferten i sommar:)

Eg har tenkt å gjere noko med kjøkkenveggane etterkvart... og då ryk den rosa tapeten og borden til fordel for kvitt... utan bord:)


I anledning heimkomsten til den bortkomne kjæresten har eg baka hjartemuffins,
søøøte rosa muffins med hjarte og glitter på;)


Til å ete opp!!

So til slutt, eg har fått to awards!!
Denne har eg fått av Flatheim.
ein fin blogg eg akkurat har oppdaga og kjem til å følge med på:)


Og denne frå ei av dei eg set mest pris på her inne: Datt.
Ho er av dei fyrste eg skreiv til og ho har både titt og ofte vore innom og skrive ein hyggeleg kommentar.


Eg set enormt stor pris på det!!
Tusen hjarteleg takk! :)

No er det kveld og kjæresten og eg skal kose oss saman!
Det er mange veker sidan sist...
Det er lavt, rosaraudt skydekke på Møre i kveld:)

tirsdag 27. oktober 2009

Julegåvetips og hjartekompresjon.

Eg ventar og ventar og ventar...
Kjæresten kjem i natt/ morgon tidleg
og det er ikkje eit sekund for tidleg!
Det er 4 månader sidan sist han var her
og det blir heilt greit med en suss midt på truten igjen.


Medan eg ventar har eg pusla litt med småtteri,
fiksa mi første fyrstikkeske og tok lighteren med det same,
den var so kjedeleg.


Små skåler fra Lisbeth Dahl (kjøpt på Tante Bruun)
og fat kjøpt på bruktbutikken for ein 15-lapp.
Lysestaken er Junior sin.


Julegåve-tips:
Putt pepperkakeformer i ein heimesydd lerretspose.
Koseleg å gi vekk og koseleg å ha i skåpet.
(Eg har laga til meg sjølv, då finn eg dei kanskje att neste år)


Princess har hatt om hjarte-og lungeredning på skulen i dag
og heimeleksa var å vise fram heime.
Dama som ligg litt slapp på golvet heiter Anne og finn seg i all slags behandling.
Her er det spriting av munn
(dette skal vi visst ikkje gjere når det er eit menneske vi skal redde)
;)


Munn-mot-munn-metoden.
Alle elevar i 7. klasse får utdelt ei slik dukke saman med kurset.

Og no har eg òg fått oppfriskning.

mandag 26. oktober 2009

Englar og vill panikk.

Kaos.uten.kontroll.no, det er meg.
Etter å ha leita febrilsk etter lommeboka mi i kveld har eg endeleg fått slengt meg ned på burkapuffen for å vise fram dei nye englane mine.
Lommeboka låg på vegen utanfor huset til Mellomste.
Eg og lommebok/telefon/nøklar er ein uheldig kombinasjon.
Herlighet kor mange gongar eg har uttalt:
"Er det nokon som har sett...?" *oppgitt*


Her har begge skåpa kome på plass, ein ser at dei er i slekt,
men ikkje at dei eigentleg er einegga tvillingar:)

Eg har shoppa siste dagane... mykje meir enn eg har shoppa siste to månadane til saman.
Og no snakkar vi ikkje Finn.no-shopping, men småsnacks-til-huset-shopping:)


Desse englane kunne eg ikkje gå frå, dei var so lekre!
Dei er kjøpt her i Brattvåg.


Ein liten engel til å ha på kjøkkenbordet fekk òg bli med.
Telysholdaren har eg fått av ei eg jobba saman med tidlegare, søt!


På spisestuebordet har eg loppisfunn, ein lysestake og eit fat eg har kjøpt på Tante Bruun.
Eg var innom der i dag og skravla litt med Camilla,
dama som har verdsrekord i overskudd og utstråling.
Og som i tillegg eig eit av husa eg har drøymd om sidan eg var born:)
Det blei bittelitt shopping der i dag, det skal eg vise ein anna dag.

Psst..
Eg har kjøpt juletrepynt og ny juleduk i dag:D
...i oktober...
Jøss!

søndag 25. oktober 2009

Kva skal eg gjere?? *sukk*

Etter at overnattingsgjestane hadde reist heim att idag heiv eg meg rundt for å ommøblere.
Det har klødd i fingrane i eit heilt døgn!


Då eg kjøpte salongen hadde eg ikkje tenkt å behalde sofaen,
for eg er so inderlig glad i vampyrsofaen min...
den er gruuusom å sitte i,
men heilt bedårande vakker.


Men, då eg fekk sofaen i hus blei eg veldig i tvil...
Det blei ikkje so verst dette heller??


Stolane er heilt vanvittig gode å sitte i
og eg har landa der mange gonger i løpet av dagen...
Nytelse!


Denne puta fekk eg av mamma,
nydeleg engelsk broderi med affeksjonsverdi:)


Slik ser det ut med den raude sofaen...
kva i alle dager skal eg gjere??
Og om det blir slik at eg beheld den nye sofaen,
kvar skal eg gjere av vampyrsofaen??
*sukk*
Det er tøft å vere meg;)


Over til noko heeeilt anna:
Gro har bursdag i dag og øvst på ynskjelista sto heimelaga fleecebukse med selar.
Eg har ei slik sjølv og har brukt den mykje på kalde dagar, både ute og inne...


Princess står modell.

Og so har eg gjort noko eg ikkje kan...
Veit nesten ikkje om eg tør legge det ut.
Første kortet eg har laga:



Eg kledde ei skoeske med "hengsla" lokk med raudt gråpapir
og klistra og lima rosa-raude duppedingsar på
... Jaja... slik vart det no iallefall:)

lørdag 24. oktober 2009

Tidenes kupp!!

Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg sveisa innom Finn i går kveld
og fekk sjå denne salongen til sals, til ein spottpris...
Det låg kun mailadresse ute og eg sendte mail,
men trudde ikkje at eg hadde nokon sjanse,
det var tross alt mange timar sidan annonsa blei lagt ut.


Eg fekk nesten ikkje sove i natt og var tidleg oppe for å sjekke mail,
ingen....
Eg tok sjansen på å skrive på nytt
og by litt høgare pris,
og der!... fekk eg svar, det var berre å komme og hente:)
Eg trudde eg skulle besvime av lykke!!


Det blei litt organisering for å få køyrd godsakene heim att,
eg var so heldig at Far hadde tid til å bli med!
Ikkje nok med at eg fekk kjøpt det for ein rimeleg penge,
men det kunne hentast i nabobygda òg.


Det som er litt morosamt er at no ser det litt mørkt ut for vampyrsofaen...
Hehe...
I går skreiv eg at den ikkje kom til å bli flytta på ei stund,
og i dag er planane muligens heilt snudd på hovudet:)

Begge to har eg iallefall ikkje plass til...

I all min iver har eg ikkje tenkt på å bloggisfisere før eg tok bilete,
eg hadde berre so lyst til å dele min glede med dykk! :)

Jah! Og so vil eg minne dykk på konkurransen min, snart er det trekning!
Har du lyst til å vinne tre heimesydde ting, so sleng deg med:)
Du treng ikkje å gjere anna enn å kommentere i dette innlegget.
Trekning 1.11.
Lukke til!!

fredag 23. oktober 2009

Vampyrsofa i stova mi.

Det er helg og vi kan setje vekk skulesekkane og leksene.
Det er godt å berre vere saman og kose oss utan oppgåver som skal gjerast.
Ungane mine er tante og onkel til to på 5 og 8 og det gjer meg til Besta.
Eg er ikkje den biologiske Bestaen,
men synes det er superkoseleg å bli kalla det:)
I helga skal dei bu hjå oss.


Slik ser en raude sofaen min ut,
det er ein "vampyrsofa" frå 50-talet,
den veg 150 kg, minst,
og det er ikkje aktuelt å flytte på den i næraste framtid.
Gyngestolen fann vi i ein container for eit par år sidan...


I hjørnet står toalettkommoden,
skuffen skal opp på veggen,
må berre ha hjelp av kjæresten
(det er berre 4 dagar igjen).
... og kva i alle dagar gjer dei ledningane der??...
Argh! :)


På det raude teppet sit gutane og bygg lego,
det er so kos,
dei er i nærleiken og eg kan klemme dei når eg har lyst.


Det blir ei travel helg med tidlege morgonar og hektiske dagar,
men denne tida kjem ikkje att.

Eg er priviligert som får lov til å lære dei små å kjenne:)

torsdag 22. oktober 2009

Fytti Katta, Mamma!! Dette er det kulaste!!

...Sa Junior då han kom heim
og såg kva Princess og eg hadde gjort med det eine hjørneskåpet
som kom i hus for eit par veker sidan.


Eg har måla det kvitt, fjerna glaset og sprossene og satt inn hønsenetting i staden for.
Det blei ganske mykje betre enn eg hadde trudd.
Her finn du før-bilete av skåpet, før eg strippa det.


Nokre koppar frå Kina har flytta inn.
Desse har eg fått av ei venninne på Lørenskog, dei skulle i søpla
... !??!!...


Kaffe og te har fått plass i fine glas.
Eg drikk berre sjokoladekaffe og har laga mi eiga blanding av mocca og cappuccino,
den står bakerst.


Eg har tenkt litt siste dagane og kome fram til at eg let meg påvirke av dykk bloggedamene...
Då eg kjøpte huset var det stram 50-tals-stil som var utgangspunktet,
men etter at lenestolen har fått både rysjekappe og blondar
har eg skjønt at 50-talsløpet er køyrd.
Det blir kvitare og kvitare hjå meg og det er blogginga som har skulda:)

Men...
Eg nektar å kvitte meg med den raude vampyrsofaen!
Der ligg riktignok eit par kvite blondeputer i den,
men det er det næraste eg kjem kvit-romantisk-bondestil i den kroken.

onsdag 21. oktober 2009

Shoppeguri

Den-store-sydagen blei brått utsatt då mamma ringde
og lurte på om eg ville bli med på shopping i dag.
Vi har kjøpt ullundertøy til den store gullmedalje.


To nye lysestakar blei med meg heim att frå Bohus,
eg fann ut for nokre dagar sidan at eg ikkje eig ein einaste høg lystestake!!
...og eg kallar meg bloggeberte??!?...


Denne klokka kjøpte eg på den lokale kremmarbutikken.
Passar meg perfekt!


Fire nye vinglas fann vegen heim til meg òg.
Dei er til gjestar som skulle få lyst på eit glas ved ei passande anledning,
eg sjølv er avholds,
men synes det er kos om andre tek eit glas.

Klokka tikkar.... saaakte....
Den skjønar at eg lengtar meg sjuk etter at kjæresten skal kome oppover igjen...
Kunne ikkje den berre gått litt fortare?


(berre for å skryte litt: eg strikka enda eit panneband i går)


tirsdag 20. oktober 2009

Blekksprut-mamma

Sjekk kva eg snubla over på Bok&Papir i går!
Dei nydelegaste skinninnbundne bøkene.
Eg har dilla på notatbøker og klarte ikkje å legge dei frå meg.


Dei kan nærmast setjast fram til pynt..



2010 kan kome so fort det berre vil, eg er budd.
Den fyrste timeavtalen er allereie skriven inn:)


Princess trengte eit hårband som varmar øyrene
og som ikkje kom i konflikt med hestehalen.
Dette strikka eg i går kveld.
Det var meininga at det skulle bli julegåve,
men...
ho har hatt det på sidan eg vart ferdig,
so då eig ho det vel då? :)

I dag har eg baka
30 ost-og-skinkehorn,
20 pizzasnurrar
og 20 rundstykker med solsikkekjerner.
Då er skulematen sikra ei stund framover. Herleg!

mandag 19. oktober 2009

Julegåver og Tilda-allergi

Då er julegåveproduksjonen i gong.
Lista er skriven og nesten fullstendig og eg har sommarfuglar i magen,
det blir kjekt å gi vekk heimelaga gåver til alle saman!


I oppskrifta sto det: Set i ein markør og snu arbeidet
... Hm...
kvar i alle dagar er markørane mine då??
Har ikkje eg skryte bloggside opp og bloggside ned om kor systematisk eg er?
*flau*
Jaja... då lagar eg berre nye!


Fine raude glasperler og smykkelåsar.
Personleg og lekkert!


Eg føler behovet for å prate litt om allergien eg har til Tilda...
Eg har lenge sagt at eg aldri kjem til å sy ein einaste ting frå bøkene hennar,
dette fordi "alle andre" gjer det...
Men... eg let meg påvirke.
I går då eg rydda i bokhylla mi fann eg ei Tildabok frå 2003,
som eg ikkje visste at eg hadde....
*rødme*
i sommar kjøpte eg ei bok.... og i dag kjøpte eg endå ei bok.
Jøss, eg har 3 Tildabøker.
Her er det berre å hive innpå Zyrtec,
eller berre innrømme at eg synes mykje av det ho lagar er inspirerande:)

Men eg kjem iallefall ikkje til å kjøpe Tildastoff!

.... Trur eg.... :)