... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 10. juli 2009

Hemmeleg prosjekt...

... og oppklaring av eit mysterie!



Eg har eit hemmeleg prosjekt på gong. I entrèen. Kjæresten skal ikkje vite noko, han skal bli skikkeleg overraska, først når han les bloggen, og so når han kjem og får sjå den i "levande live"

Eg skal ut på tynn is og gjere noko eg aldri har gjort før... *gulp*



Tidlegare i dag sa Junior "mamma? Vi har maur på stua!"
Tusen bilete fòr gjennom hovudet på meg, hjelpes, skadedyrkontrollen... DYRT... tenk om maurane et opp treverket og so rasar huset saman!... og eg som akkurat har fått dreis på å pusse opp!... Kva type maur er det som et treverk? hm... Eg må google... Korleis i all verden har den kome seg inn og kvar er resten av familien hans? For ikkje å snakke om maurtua? Under teppet?....
( det var berre eit lite innblikk)

Ta ein nøye titt på bilete over her, der har vi syndaren. Eg såg det ikkje før no, når eg skulle legge ut bileta av dei nydelege peonane mine.

"pjuh!"
Mauren har heve seg med blomen inn og kosa seg i stuevarmen før eg trakka på han i panikk.


Eg har sjekka resten av blomane, familien hans var ikkje med på turen. Dei ventar nok forgjeves på maten han skulle skaffe... *kremt*

Eg er fullstendig klar over at peonar ikkje har noko med oppussing eller maur å gjere, men...
For det første so er dei so vakre ...
For det andre so skal eg gjere forvirringa komplett for kjæresten.

4 kommentarer:

  1. Hehe, du har en kjapp hjerne, rekker gjennom mange tanker på kort tid!! Er det bare en god ting eller..? :P

    SvarSlett
  2. Oi ! elsker overraskelser , spennende ! Fortsettelse kommer regner jeg med :-)

    Ha en deilig helg !
    Klem, Nostalgia

    SvarSlett
  3. Hihi, jeg så ikke mauren før du skreiv det...syns jeg ser både deg og junior:)

    Gleder meg til å se hvordan det blir!
    Flink er du!<3

    Koskos

    SvarSlett
  4. Det er ikke alt som er helt klart her, nei! ;)
    Men man jobber med saken! Sykehuset i Molde er ikke åpent for fødsel før om en uke, så jeg har planer om å utnytte tiden max! :))

    Spennende prosjekt du har på gang da!

    hA EN FLOTT HELG

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)