... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 6. juli 2009

GLADGLADGLAD!

Irene har opna auga i dag, ho har svart på spørsmål ved å nikke og riste på hovudet.
Ho har bekrefta at ho kjenner igjen sonen sin.

Skuldrane mine sank eit par cm og eg måtte flire og grine om kvarandre.


Sjå Irene, kor fin Hortensian min har blitt!
(eg veit du ikkje kan sjå den enno, men eg viser den likevel)
Eg vatnar den samvitsfullt kvar kveld og småpratar med den når eg går forbi.


Slik såg den ut då eg kjøpte den.
Herleg spade?

*

I dag har me vore på salg. Kjøpt puter og litt småtteri,
og...
snart har møblane, som står utover heile stua mi, tørka.
Då blir det litt stas å fotografere inne igjen.

1 kommentar:

Kommentarar blir verdsatt:)