... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 31. august 2009

Eg fann, eg fann... på finn...

Endeleg skal den få kome i hus, den vedovnen som eg har venta på.
Den er kvit og den skal få seg omramming og late som om den en er engelsk.
Eg rakk ikkje å kopiere biletet frå Finn før han hadde sletta annonsa,
so dykk får leve i spaning:)

Den snille mannen frå Kristiansund ringde på att i dag for å fortelje at eg kunne få snike framføre alle dei andre som hadde ringt!
Snakk om flaks!
Vi avtalte bytting på torsdag.
Eg gler meg!!

Det skal bli spanande å sjå om eg finn fram til byen, og om eg finn fram i byen...
Eg har stedsans som ei blind høne og det er ein viss risiko for at eg havnar i Sverige før eg får summa meg... men eg vil kanskje merke det på språket?

No skal eg surfe rundt og sjekke kva golvplate eg skal ha under
og kva flis eg skal ha på veggen bak...
for ikkje å snakke om omramminga!!..

Nei, no vil vi ha mannen i hus igjen:)

lørdag 29. august 2009

Dirty details


Eg har tatt utfordringa til Nina på strak arm, nesten.
Den er ikkje so lett å halde strak, faktisk,
etter at eg fekk so mykje musklar.
Her kjem 10 ting om meg som eg vanlegvis held for meg sjølv:)


Den usminka sannheit om ElleMeller:

  1. Eg er ei pyse!!
  2. Eg går aldri ut blant folk uten å sminke meg, og går helst i skjørt eller kjolar.
  3. Eg klarar ikkje å slappe av.
  4. Eg er stadig vekk på avBRUSing.
  5. Eg er over gjennomsnittet barnsleg, tek ikkje fem øre for å klippe hol i boxeren til kjæresten, feks. Eg diggar ansiktsutrykket hans når han oppdagar det!
  6. Eg blir glad av å danse framføre spegelen, gjerne til Rammstein.
  7. Eg er ei dårleg husmor, sjå innlegg under... tragiske kanelbollar.
  8. Eg har vannskrekk, det er mykje uoppdaga hai i farvatnet vårt!
  9. Eg er ekstremt systematisk, det grensar mot vanvidd og galskap. Alt i skåp og skuffer er sortert etter system; fargar, størrelsar eller form.
  10. Eg elskar å bli skjemt bort. Då passar det fint å ha ein kjæreste som elskar å skjemme meg bort.


Tør du å fortelje 10 rare/hemmelege/spesielle ting om deg sjølv?

fredag 28. august 2009

Bruk di indre Pippi-kraft!

Eg har i dag avvikla siste bursdagsselskapet for i år.
Kompisane til Junior har ete sjokoladekake, kanel-i-svingen og kilovis med godteri.


Junior hadde lyst på kanel-i-svingen og eg mintes at hvit stil hadde ei freistande oppskrift som eg hadde lyst å prøve. Det så veldig enkelt ut og eg plasserte pc på kjøkkenbenken ved sidan av mjøl, gjær og andre greier folk brukar når dei bakar. Eg er ingen proffbakar og kosar meg ikkje so veldig når eg er i gong... men eg skal ha for at eg prøvar:)

Eg er redd eg har gjort skam på svenske kanelbollar og hvit stil for all framtid...


"Del leiven i 2 cm striper og del ein gong til, slik at eg får buksebein"
... jepp, smal sak... men..
Kva skjer når buksebeina blir for lange?
Kanel-i-svingen blir ein veeeldig lang sving...
i stadenfor små snertne bollar fekk eg flyplassar,
som måtte delast i to etter at dei var ferdigsteikte.
Smaken var like god da!
Trur eg...


Princess er på overnattingsselskap hjå ei venninne, 15 jenter ute på ei øy.
Strandliv, fotball og tid i gymsalen og i morgon skal dei på badeland "Håp i Havet".
Eg sydde ei ekstra gåve til bursdagsbornet før ho drog.
Mjuk boks som passar inne på eit blått jenterom.


Mitt, litt tidlege, nyttårsforsett er:
Vere litt meir Pippi!!

Eg skal bli mykje flinkare til å skryte av meg sjølv... kvar dag!
Eg skal gå med to forskjellige strømper.
Eg skal gå baklengs iblant.
Eg skal gjer det som fell meg inn... iblant.
Eg skal gøyme meg i skåpet, slik at kjæresten må leite etter meg.
Eg skal kjøpe ein kilo karameller og ete til eg blir kvalm.
Kjøpe "Pippi Power"
...Blant anna...


I kveld har eg tatt på to forskjellige strømper og i natt skal eg ligge med beina på puta og nyte mitt nye Pippi-liv!

Eg skal bruke mi indre Pippi-kraft!

Kommentar Junior:
"skal du legge ut det på bloggen? Er det so populært med Pippi i Blogglandia då?"


torsdag 27. august 2009

Skogsarbeidar med digre biceps

Eg tvilar på at nokon vil tru meg når eg fortel at vi
saga, kløyvde, lempa ved til ein heil vinter i går.
Rolf kom ein tur og tok toppen av treet framføre stovevindauget, pluss ein del greiner.
Guuri, so lyst det blei på stova!
Mellomste styrte vedkløyvaren og eg bar... og bar... og bar... ved inn i garasja.
Princess og minsten til mellomste rydda småkvist og raka plena etterpå!

Eg fortsatte i dag.


Bilete lånt av Nordpeis

Eg tok faktisk sjansen på å bruke kløyvemaskina sjølv.
(kva synest du om det du , Prinsesse Elin?? snakk om macho!!)
Vi forsto kvarandre bra vi!
Det gjekk so langt at eg er villeg til å inngå eit livslangt forhold med den
og muligens vurdere å dele seng...

Å jobbe med ved til eige forbruk er ganske givande; det luktar godt, det er godt arbeid som gjer meg diiigre biceps og det kjennes fint å bere inn ved når det er kaldt ute...
og å vite at det er eg som har fiksa varmen i år:)
Ikkje heilt åleine, men dog...





Rolf fekk ei takkeflaske med meg...
Idèen til kortet fekk eg etter at eg hadde vore på bloggen til
Lille Gitte.

Tusen takk, Rolf!!
Og Mellomste!
Og ungane!

:)

onsdag 26. august 2009

Vitrineskåp og middagstips til travle damer.

For ei tid tilbake kjøpte eg eit trekvitt vitrineskåp på finn.no.
Stova mi hadde lenge ynskja seg oppbevaringsplass til glass og dukar.
Det måtte målast,
men pytt...


Ei ramme eg kjøpte i Parga og nokre av garnkulene eg har samla.
Dei skulle eigentleg henge i vindauget, men kom aldri so langt:)


Slik vart skåpet etter måling og nokre nye knottar. Heilt greit og nøytralt, slik som eit oppbevaringsmøbel av den sorten skal vere.


Under arbeid... fy flaten so kjedeleg det er å måle sprosser.
Eg lovar meg sjølv, kvaaar gong eg kjøper eit oppussingsobjekt,
at no blir det lenge til neste gong... men... blir det det?
Næh!


Junior har ein liten kunstnar i magen, dette bilete måla han då han var 8.
Det er synd vi bur på ein liten plass der det ikkje er so stort tilbod for "sånne som han".
Det krev mykje av meg, men det er ikkje lenge før han når meg att på teknikk og kreativitet, kva gjer eg då? Hm...


Ein sjokoladesmeltar er fin å ha, når ein får lyst på....
ehm.... smelta sjokolade... *knis*
Har aldri brukt den, men har store planer om å dyppe fruktbitar i sjokolade,
ganske snart.


Pastagryte

Middagstips til alle bloggedamer med tidsnød (eg brukar ca 15-20 min på denne)
Pastagryte som kan varierast i det uendelege. Sånn lagar eg den:



4 porsjonar

400 gr pasta (skruar/skjell eller bånd)

1 Fersk broccoli evt litt blomkål

1/2 pk frosne spinatputer, eller finhakket fersk spinat

1 beger lettrømme

1 boks skinke (eg brukar kalkunskinke)

litt revet ost

salt og peppar

Kok pasta og sett til side.
Del broccoli i mellomstore bukettar, la det surre ei stund i steikepanna.
Ha i spinatputene, rømme og oppdelt skinke.
Tilsett revet kvitost og pasta.
Smak til med salt og peppar.

Det er veldig godt med finhakka løk og purre i òg , det må då oppi ilag med broccolien.

Enkelt og lettvint og veeldig godt!




tirsdag 25. august 2009

Det klør i fingrane

Eg manglar spisestuebord.
Lillebror har kjøpt seg hus med litt inventar.
Perfect match!

Eg kan nesten ikkje vente med å reise ut for å sjå på det!
Han får nøkkel etter at papira er i orden.
Kor lang tid kan det eigentleg ta å tinglyse eit skjøte??
3-4 minutt? Eg er utålmodig.


I mellomtida har eg flytta spisestuebordet (som er for lite) inn på kjøkkenet.
Det blei so lekkert, litt trangt, men lekkert.
Eg gler meg verkeleg til å få orden på kjøkkenveggane.
(gammalrosa er ikkje fint!)
Då skal eg vise fram.


I dag har eg fått vore litt Florence Nightingale.
Mellomste blei sinkforgifta i går og var tufs i dag.
Eg har kjøpt frukost til ho, cola og smash.
Ho hadde ein stamp med 368 enkle sokkar som eg sorterte og fekk ca 30 par av.
Resten er fortsatt single og åleine,
men vi får tru dei dukkar opp att når dei andre kleda er vaska ferdig.

mandag 24. august 2009

Audmjuk og takknemleg!

Junior har fylt 10 år!!
Gratulerer til den beste guten i heile verda!

Dagen har blitt feira, saman med familien
(gutteselskapet er utsatt til fredag).
Helga (ja, ikkje ho Helga, men helga, som i weekend...) har fiksa seg sjølv, alt har gått på skinner. Og det er ikkje mi forteneste.
Eg har ikkje gjort "ein skit" for å sei det sofistikert.
Mamma baka ostekake og kom ein time før selskapet for å dekke på og bere opp stolar (eg sjefa). Og ho vart att etterpå for å rydde opp att.
Som takk for hjelpa laga eg eit par lys til ho:




So vart eg so inspirert av heile lys/serviett-greia at eg måtte prøve å lage meg eit lys sjølv:


Mellomste gjorde ein formidabel jobb med plena mi på laurdag.
3 timar med banning og sverting som resulterte i at ho drog heim for å hente sin eigen klippar:) Graset var langt og det måtte rakast, det rakk ho dessverre ikkje, for ho måtte heim att (leggetid for små ungar og slikt)
Seint på kvelden... same dag... såg eg to kvite sko ute på plenen min... dei sto ikkje i ro also, dei gjekk fram og tilbake og raka!
Då hadde mellomste bestemt seg for å gjere jobben ferdig! Midt i svarte natta!
Ho er berre ubeskriveleg! Må opplevast!
I tillegg baka ho ei kake til selskapet og vart att etterpå for å hjelpe meg å rydde.

Ho fekk stjernelys... og meir har eg planlagd, må berre bli heilt frisk først:


Gro kom heim til meg midt på dag for å vaske golva mine,
etter at Junior hadde støvsugd og Princess hadde tørka støv.
I tillegg hadde ho baka rundstykker og verdens beste sjokoladekake (som ser ut som om den kjem frå konditor)... og vart att etterpå for å hjelpe til å rydde.

Lillesøs lillelavendel baka den friskaste og deiligaste paien (oppskrift finn du her... ) eg nokon gong har smakt!! Rips! Namm!!

Begge dei to fekk lavendel-lys:


Eg har budd på austlandet i 6 år, men flytta opp att for 4 år sidan.
Dette var nokre av grunnane til at eg vende nasen heim att.
Ikkje for at dei skal vaske huset mitt og klippe plenen min, men for at dei er tilstades.
Min familie er verkeleg til stades for kvarandre og eg veit sanneleg ikkje kva eg skulle gjort utan!!



Tusen takk til alle saman!!
Eg er so glad i dykk!

lørdag 22. august 2009

Moroklumpen Dott Enno.

Eg er fortsatt sjuk. Sengeliggjande. Feber, smerter og alt er bare pyyton.
Det er faktisk skikkeleg synd på meg... :)
Sjølv om eg følte meg ganske mykje betre av å sjå dei vakre blomane på bloggen til
Fin I Formen, so måtte eg likevel ringe kjæresten for å få litt trøst,
han er i Lillestrøm på ubestemt tid.
Eg la ut om det eine og det andre og han lytta,
sa faktisk ja og nei på rette plassane og eg var rett so nøgd.
Etter litt trakking rundt den varme grauten fekk eg lagt fram spørsmålet mitt.

Eg: "forresten, har du hatt tid til å hente dei hyllene vi såg på?"
Han: "Ehm, nei... *litt skamfull*
Eg: *stille*
Han: *småhumrar litt* Veit du, kjære lille nurket mitt... du burde eigentleg hatt deg ein slik varebil du, slik at du kunne farte rundt og hente alt du såg og fekk lyst på (det er ikkje lite).



Han igjen: *moroklump* Du kunne faktisk kalle bilen for Finn! *flirar godt, synes han er frykteleg morosam* Og so kunne du ha limt logoen til finn.no på sidene?
Eg: *ler litt* ja, kanskje det du... eg sit akkurat og ser på eit kjempefint bord på finn, faktisk.
Han: *ler høgt*... no veit eg det! Du kan skrive FANT.NO!
Eg: *mumle* Den var no eigentleg litt morosam da:)


So kjære kjæresten min. Eg leita litt på nettet. Bilen du ser over hadde kanskje ikkje vore heilt ideell, men kul var den. Og so veit du kor glad eg blir om du ordnar med dei hyllene?
Eg lovar at du skal få ein suss midt på truten.

Og forma mi føltes litt betre.

Ha ein fin dag, alle saman!


fredag 21. august 2009

Skrik-mysteriet er oppklart, for alltid.

I sommar, på vår vandring i Parga, kom vi over nokre fantastiske oliventre.
Eg har planer om å bruke nokre av bilete på veggen, i svart/kvitt.
Medan eg sto og knipsa fekk eg brått auge på noko besynderleg!





" Er det ikkje? ...jau, det trur eg sanneleg det er !... I alle dagar? Mamma? Kva trur du?
Ser du det same som meg?"


Og ja, det gjorde ho, vi fann E. Munch sitt SKRIK, midt i Hellas!
Luktar det finnarlønn her?

torsdag 20. august 2009

Skattejakt på låven.

Kjæresten har ein bustad langt inne i skogen som vi brukar når vi har fri.
Her har vi ikkje innlagt vatn eller straum.
Klokka stoppar når vi køyrer inn bommen og den tikkar ikkje igjen før vi køyrer heim att.
Det er heilt stille, viss ikkje ulven uler på heia, eller tranene finn ut at dei skal flyge seg ein tur over hustaka våre.
Når vi køyrer innover skogen ser vi rett som det er elg, tiur, orrhøner og sånne fuglesortar.
Vi har til og med sett ein mårhund, enno den liksom ikkje fins i Noreg!

Låven er full av gamle skattar og rusk og rask...
trikset er å skilje det eine frå det andre:)

Denne gamle bjella heng ved inngongsdøra til huset...

Gammalt treverk mot låveveggen... det er berre vakkert.


Ei sleiv, ei sag og ståltråd, sikkert brukt til hesjing ein gong i tida.


Rust og, for andre, berre skrap. Eg ser det vakre i det og har lyst til å lage noko fint av det.


Denne settekassa skal bli mi!! Eg må berre finne ut kva eg skal bruke den til...
Nokon som har eit lurt forslag??
Den har nok opp mot hundre bur og hyllene kan bli større ved å fjerne desse tynnaste hyllene... ååå, so flink eg er til å forklare:)


Ein gammal kaffeboks og makrell i i dill... kanskje kaffeboksen blir med til Møre ein tur?



Utanfor låven står to melkespann, heilt åleine og... eg trur dei ventar på meg....
iallefall det eine av dei:)


Denne gamle vasken fann eg imellom alt rasket....
kjæresten?? Den blir med oppover, den?
Eg vil ha den ute...

Eller muligens denne? Den skal bort likevel... og den er ganske fin!!
Kanskje begge to??

onsdag 19. august 2009

Oppskrift med gresk stemning.

Annakvart år reiser mamma og eg på tur saman.
Vi har vore på Skiathos (fantastisk øy!!), Kreta og i år var vi i Parga.
Det er ikkje mogleg med ord å fortelje kor fint der er, det må opplevast!
Lite, pittoresk og sjarmerande.


Og... kor lett er det å plukke ut bilete til bloggen... eg har fleire hundre å velje mellom. *sukk*
Eit lite knippe, altfor lite knippe:)


Ellemeller nyt utsikta frå "The Castle" mot stranda vår.
Eg ser litt anspent ut, med rette, gudane må vete kor høgt det var rett ned....
og eg har høgdeskrekk.



Ein slik ein vil eg ha i hagen min!!


Vi var på dagstur til Albania, av alle plassar!
Her er "ferga" som vi tok over kanalen.
4 bilar og ørten ståplassar, på eige ansvar.
Det var litt tøft:)
(klikk på bilete for å sjå galskapen på ordentleg)


Ruinar i kilometervis! Eg hadde aldri trudd at eg skulle bli imponert etter at eg var på Akropolis for to år sidan, men.... fy flaten, dette var so imponerande!!
Vi gjekk mellom godt bevarte bygningar i lang tid og stadig dukka det opp spanande saker. Guiden visste alt og meir til.
Skal eg fortelje alt han fortalde so blir eg ikkje ferdig på denne sida av nyttår:)


Saranda, badeby i Albania.
Og eg... som trudde at Albania var eit grått og trist land med berre elende.
Nånei, dei bur seg på turisme dei òg.


Seilbåttur er obligatorisk. Vi var ein tur til havs, var innom "Blue cave" (har ikkje alle greske øyar ei slik grotte??) , Antipaxos og so åt vi lunsj på Paxos. Søt øy, lite badestrender.

Og, vi såg delfinar!! Eg sat heilt framme, med sjøen under beina og såg delfinane svømde under meg. Det var ganske gøy!

Tusen takk mamma for enda ein herleg tur!

*

So, til oppskrifta.
Eg har fått nokre spørsmål om korleis eg stryk serviettar på stearinlys.
Enkelt og greit:
Klipp til motivet slik du vil ha det og slik at det passar på det lyset du skal bruke.
Ta av det ytterste laget på servietten, sett strykejarnet på lav temp.
Legg motivet på lyset og stryk forsiktig på.
Ver lett på handa og for all del, ikkje la jarnet ligge for lenge på same plassen.
Eg kjøpte eit billeg strykejarn til formålet,
so er eg sikker på å ikkje rote stearin på tekstilane mine.

Lykke til!


tirsdag 18. august 2009

Tunge tankar med bringebær på.

Termometeret har krope over 39 grader og hovudet mitt vil helst kvile.
Men... er ein åleinemamma so kan ein faktisk ikkje vere sjuk:)
Sekkane skal pakkast til i morgon, kle skal leggjast fram,
siste rest av feriekoffertane skal pakkast ut....
og so var eg so "lur" at eg kjøpte bringebær i dag... *sukk*


Det er ikkje mykje som er betre enn heimelaga, nyrørt bringebærsyltetøy. Ein liten dæsj med vaniljekesam gjorde susen... Ikkje det at forma vart so mykje betre, men godt var det iallfall.

I morgon blir det tur på sjukehuset, igjen, eg må innrømme at tankane er litt tunge i dag. Immunforsvaret har fått hard medfart i ferien, og no sa det slutt-finito-the end.
-vi får håp det blir likar` i mårrå-
:)

mandag 17. august 2009

Guuri, so koseleg!

Eg har kome heim att frå ferie.
Med 5 koffertar, 5 handbagasjer og 2 born på slep fekk eg baksa meg inn på flybussen på eit vis.
Det var godt å kome heim, få pakke ut alle fine greiene eg har kjøpt på tur.

Nesten alle blomane mine levde (mellomste har vore flink, ho har tross alt berre lysegrøne fingrar og knappast det)
Maten eg hadde lagt i kjøleskåpet for at ho kunne ta det med heim låg fortsatt i kjøleskåpet og såg ikkje fullt so frisk ut lenger:)
Kjøkkenbenken var full av post... og då meinar eg full! Reklame, reklame og reklame...
men midt oppi all denne reklama låg det ein pakke!
Jøss, so spanande då!

Lykkeliten hadde sendt meg pakke berre fordi at eg har vore inne på bloggen hennar og skrive til ho... hallo?!? :) Bloggen hennar er fin... og då må ein skrive det, synest eg. :)



Denne engelen skal få ein plass kor den synest godt.


Serviettane fekk det til å krible i fingrane mine
... hm...
hadde ikkje eg eit serviett/lysprosjekt på gong som eg ikkje rakk før ferien?
Fram med strykejarnet!


Eg har ikkje gjort dette før og var veldig spent...
Eitt lys er klart og det gjekk som ein draum!!


Vart ikkje lysa fine?



No er det kveld og eg kosar meg med nyoppussa lys og ein kopp med eple og kanel-te.
Herlig!!

Tusen takk Lykkeliten, det var veldig koseleg!!