... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Ellemeller-jakke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ellemeller-jakke. Vis alle innlegg

lørdag 27. mars 2010

Skapartrong!


Det å lure på kvifor huset ikkje er vaska denne veka
er bortkasta energi.
Dette innlegget og eit par-tre nedover
viser kva eg har brukt tida på...


ElleMeller-tunika i svart og rosa til Princess,
måtte bli ferdig før ho reiste på påsketur.


Rosa og grå ElleMeller-tunika til ein nabo.


Svart og grå ElleMeller-jakke til ein annan nabo.


Svart og grå ElleMeller-tunika.


Og so har eg prøvd meg på å lage ringar.
Veldig artig
og eg har tusenmillionar planar
om andre i same stilen...

Vaske hus kan eg gjere ein annan dag!
Det er viktig å bruke tida på å skape,
når ein har lyst til å skape...

Det har vore ein kjekk dag i dag,
vi har vore sosiale og kjæresten har lagt ut songen,
han har skrive til meg, på ymse nettstader.
Urørt, MySpace og sånn...

Eg er litt stolt also!

onsdag 10. mars 2010

Ny jakke og ein liten Tilda.

Denne søte Tilda-dukka har fått navnet Pippi.
Det berre blei slik.


Den er so søt at eg nesten ikkje har hjarte til å sende den frå meg...

Men den skal til Sverige, kanskje for å helse på navnesøstera si?


I helga var ungane hjå pappa`n sin og eg brukte tida på syrommet.
Det resulterte i ny svart jakke til meg.
Svart og grå, passar til alt i frå olabukser til finkjolar.


Bilete tatt i farta, hjulbeint og lekker;)
Skjerfet og pulsvantane er forøvrig strikka
på strikkemaskinkurs.


Sånn ca ser den ut, eg er ikkje sikker på om den er heilt ferdig enno.
Har lyst på fine ord brodert med grått.


Her på ryggen hadde det passa med eit fint ordtak
eller noko anna spanande.
Dingleriet som heng i hetta er restane av eit 80-tals-smykke
eg fann i ei skuff.
Sannheita er vel at eg ikkje berre fann det,
eg har rimeleg kontroll på småtteriet mitt
og eg tek vare på A L T!


Uklart bilete, men slik ser hetta ut.


Detalj frå lomma.

Eg har ei jakke til som nesten er ferdig,
den blir lekker i brun og turkis!
Kanskje i morgon?

onsdag 17. februar 2010

Eg, ein annleis bloggar?

Nytt I uka har skrive om meg denne veka.
Ein fin artikkel der reportaren har skrive korleis han oppfattar meg som bloggar.
Eg må innrømme at det er litt rart å lese.
Kanskje av di eg då skjønar at folk gjer seg opp ei meining om meg,
utan å kjenne meg?

Det er litt skummelt:)


Har du lyst å lese? Klikk på biletet.

Biletet blei veldig stilig! Dette er meg!
Det er forøvrig kjæresten som har knipsa det, arme mannen..

I artikkelen står det at eg brått blei råka av trong til å hoppe i senga.
Fantastisk språk! :)


So har eg kome til å sy ei Ellemeller-jakke til.
Sær og kul fargekombinasjon, eg har verkeleg kost meg.
Håper du blir nøgd, snuppa!


Sidan modellen bor på austlandet
so må arbeidsstolen gjere nytte som "nøgd dame med lilla jakke på".


Eg håper eg kan få tilsendt bilete med den rette dama inni.

Det er rett so triveleg å gå i butikken for tida,
folk stoppar og pratar, skryt av avisinnlegg, bloggen og bileta.
Eg har ikkje skrive autograf enno ;) , men det er kanskje like greit.

Positiv merksemd på det eg driv med gir energi og skaparlyst.
Tusen takk til alle som er innom og les
og til alle de som kjem med positive tilbakemeldingar.

Eg er audmjuk og takksam!!

torsdag 11. februar 2010

Svisj innom ein liten tur!


Eg har vore so heldig å få lov til å lage ellemeller-jakke
til ei dame her inne.
Ho ville ha kvite detaljar
og ellers heilt lik den rosa eg sydde før jul.


Eg håper den vil falle i smak,
den er i lufta ein eller annan stad mellom henne og meg
og vil mest sannsynleg vere framme i morgon.


I tillegg har eg sydd ei lang ellemeller-jakke i svart og rosa
til ei venninne og den har eg faktisk gløymt å ta bilete av...
Makan!
Kjære I-M, vil du vere snill og sende meg eit fint bilete av deg og jakka? :)
Håpar den blei slik du hadde tenkt deg!

På tysdag var eg kjendis og fekk mange hyggelege tilbakemeldingar,
i dag tidleg kjende eg meg som ein c-kjendis...
Heilt til gratis-avisa "Nytt i Uka" ringde og ville ha intervju!
Kva blir det neste?

*knegg*

Oprah?

Eg er klar, må berre finpusse engelsken først!


torsdag 7. januar 2010

Kulda møter ulljakke..snart.

Det er sprengkaldt, her og ellers i landet.
Eg vakna til 18 grader i huset og frost på vindauga.


Eg har mest lyst til å legge meg under dyna og sove til det blir vår.
Eg kan rett og slett ikkje fordra vinter og kaldt.
Vi på nordvestlandet er faktisk ikkje van med kuldegrader i denne skalaen.

Folket i nord flirar av oss pinglene,
værsågod nordlendingar
det er ei gratis gåve frå oss "søringa".
Flir høgt og mykje, med utepilsa i handa,
noko må de jo halde dykk varme på;)




Til alt overmål so har ei venninne lurt meg med på gåtur i dag!
Vi skal skrive revysong.
18 kalde og frk Ellemeller...
Dårleg kombinasjon.
Men eg hiv på meg termoskjørtet (ein er då fortsatt dame)
og ei jakke og satsar på at eg ikkje frys ihjel.

Den raude jakka er ikkje ferdig sydd enno,
det manglar band og anna greier på nederkantane.
Det er so artig å ha fått bestillingar på jakkene mine,
no kan eg tenke på at snart ruslar det damer rundt om i landet
med mitt design på kroppen!
(ingen av jakkene blir like)

Tusen takk for hjartevarme kommentarar på forrige innlegget.
Eg syslar med tanken om å selge frå bloggen min:)

onsdag 2. desember 2009

Pink Panter

Jakka er levert og klar for blogging.
Den er sydd i ullbouclè.
Kunden ønska seg rosa eller lilla,
det er ikkje so lett å få tak i lange delbare glidelåsar
i all verdens fargar,
men eg hadde ein rosa på lur:)


Ellemeller poserer i rosa hjarte-jakke.
Sydd på bestilling.
Pannebandet er òg laga av meg.


Strudelhette med hjarte dinglande i tuppen.


Merkelappen sydd i sidesaumen.
Eg trur eg må bestille meg fleire lappar, i fleire fargar.


Eine lomma har fått påsydd hjarte i rosa.


Detalj frå baksida.



Jakka falt i smak, det er alltid kjekt:)

torsdag 24. september 2009

Endeleg er ulljakka ferdig!

I fleire år har eg tenkt at det hadde vore kjekt med ei svart ulljakke som passar til alt.
No endeleg har eg funne lysta til å sy den ferdig.


Den blei ikkje heilt slik eg hadde tenkt,
eg mangla svart glidelås, men hadde ein turkis som var lang nok.
Jaja... då prøvar vi med det.


Princess er ei ekte linselus og stilte villig opp som modell,
det blir hennar jakke når eg får kjøpt meg svart glidelås og sydd meg ei sjølv.


Mønsteret fann eg i eit gammalt Burda.
Modellen var for vid, so eg justerte etter mine mål,
forandra hetta, lommene og fjerna duffelcoat-lukninga.
Ikkje ville eg ha den delt i livet, so eg laga mine eigne delesaumar i ryggen.
Er man kjole- og draktsyar, so er ein:)


Detaljar av jakka bak,
eg har sydd på turkise treperler øverst på hetta og nederst på ryggen.



Strudelhetta har fått 3 glasperler på enden...


Lommene er fòra med turkis fleece,
godt og varmt å stikke hendene i lommene når vi har ruskevèr.
Nederst på ermene,
jakkekanten og rundt lommene har eg sydd på ein smal blonde,
det blei skikkeleg fint!


Turkise perler og knappar.


Innsnitt àla ellemeller.


Princess kan ikkje vente med å "arve" jakka.
Ho gler seg til å ha den på skulen og skryte av at mamma har sydd den:)