... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 30. juni 2009

Bading og sånn.


Det er ikkje berre fryd i heimen for tida. Vi er bekymra for Irene, eg tenkjer mykje på kjæresten som er langt borte og som går gjennom sitt livs mareritt. I sånne tider kan det vere sunt og godt å tenkje på noko anna. Det har vi gjort i dag, vi har vore hos lillelavendel-søster.
Vi har kosa oss og bada, det har vore ein fin dag, sjølv om alt er vanskeleg.
Takk til søs! Glad i dj!


"Kossjen ej ska geie ditta no da, mamma?" (korleis skal eg greie dette da, mamma?)
Det var fint å ha ei tantehand å halde i når Gullet skulle over elva.
" Ej må ikke dette, veit du"
Den jenta er berre til å ete opp!




Gullet ville òg vere med "storeungane" for å bade, kleda og skoa gikk av i ei fart:)
Tante og mamma fikk sitte og prate interiør og utveksle oppussingsplanar for sommaren og hausten og egentlig for årevis framover.
Eg har faktisk kjøpt meg "Tilda`s hus" og blei litt inspirert.. bittelitt...
Ok, veldig da.


Vaffeljern som toaster.


Det er nok ikkje so sensasjonelt å bruke vaffeljarnet som toaster, men i dag blei vi nødt. Princess fann ut at ho hadde lyst på toast, toasteren blei satt på og då ho skulle putte skiva i so dukka det opp ei litt ubehageleg overrasking. Der låg det ei skive frå før, gitt.
Jeez!
Fin og grøn.
Det er KUN princess som brukar toasteren, so ho fekk beskjed om å vaske det reint. Ho og kusina grein på nasen og var nok litt furtne for at ikkje mor sjøl ordna biffen. Nei, for mor sjøl var litt opptatt med å spraylakkere ei korg og eit speil.

Kva får eg sjå når eg kjem inn att?
*sukk* Princess hadde satt toasteren under springen og spylte det!!!
Takk vår store skapar for at kontakta ikkje sto i!
Toasteren havna i søpla, eg tek ikkje sjansen på at det kortsluttar neste gong det skal brukast...
So, då måtte vi fram med vaffeljarnet.
Raud løpar og rampelys!

I natt vakna eg av at det buldra, braka, blinka, plaskregna og bles. Eg ligg alltid og tenkje på alt som kan blese vekk berre det er ein liten vindpust ute... best å stå opp, tenkte eg.
Fikk surra morgenkåpa til kjæresten
(som er på austlandet igjen.. ikkje morgenkåpa, men kjæresten)
og tassa meg ut på terrassen.
Det lyna og tordna noko heilt forskrekkeleg og eg tenkte med meg sjølv at sånn har verdskjendisar det!
Blitzlamper og roping og skriking. No var det ikkje so mykje skriking, men bråk var det iallefall. Løparen mangla òg, men eg trakka av meg regnvatn på eit (blått) håndkle, som eg redda inn...

Jah, so nær å vere kjendis har eg aldri vore før...


No skin sola att, og yngstemann og eg nyt varmen.



Stearinlys på høglys dag er undervurdert! Koseleg!!



I dag får vi beskjed om kor det går med Irene. Operasjonen var vellukka, men vi veit ikkje kor skada ho er enno. Kjæresten er der med ho, eg skulle gjerne vore der for både ho og han, men det er ikkje mogleg. eg må vere her med ungane mine.
Fingrane er fortsatt kryssa for at ho får vakne opp att og at ho fortsatt er den ho var.

mandag 29. juni 2009

Herlig tur til Blåskjerdingen!


Mamma, mellomsøster og eg på tur.
Laaang tur!

Det er minst like bratt som det ser ut!
Vi pusta og pesa og drakk som besatte.


Fantastisk vèr, herlig temperatur og vakker natur!






Etter 3.5 timar var vi oppe.
Eg trudde aldri eg skulle komme meg opp og eg hadde aldri blitt med
om eg hadde visst kor langt og tungt det var.


Sinnsykt! Eg har aldri vore so imponert over utsikt før
(det har kanskje med at eg aldri har vore so høgt oppe)

Utsikt frå 1092 moh, Harams høgaste fjell.
Vi brukte 2 timar ned att, knea ville bli att oppe i steinura. Det var tøft for beina.
Men... er ein viking, so er ein.

Kryssar fingrar


...for Irene. Det blir ei lang natt...
(Vi ventar på telefon frå sjukehuset)

Ein veit ikkje kor lang tid ein har,
kor mykje ein får gjort av det ein har lyst til å gjere,
kor mykje ein får nyte det ein har lyst til å nyte
eller kor tid det er for seint å fortelje dei rundt seg kor glad ein er i dei.

Vi kryssar fingrar...

lørdag 27. juni 2009

Romantisk kjærestetur ut i havgapet.


Kjæresten skal heim att for ein periode og hadde lyst til å sjå Ona før han dro.
Vi pakka mat, drikke, fotoapparat og andre greier som ein treng når ein skal på tur.
Vi tok ferje over til Harøy og køyrde til Finnøy for å vente på neste ferje. Kjæresten hadde lest feil på rutene, so vi måtte vente.... og vente... og vente... Men sola skein og alt var berre fryd.

So tikka det inne ein sms på telefonen hans "Har du tid til å komme i studio i dag?"
Jada, det er klart vi har det:) Vi snudde og han fekk sunge inn litt meir på sangen sin. Noko må ein då ofre når ein har kjæreste som skal bli verdsberømt musikar.
Ona kan vente til ein annan gong.


Bilde frå Finnøy.


fredag 26. juni 2009

Hybelkaniner store som ...eh, kaniner...


Bilete lånt frå z.about.com
Eg tør ikkje tenke på kor lukkeleg kjæresten hadde blitt,
om det var meg...


Det er varmt, fantastisk deilig varmt.
For den som ikkje er so glad i å gjere husarbeid når det er sommar har eg eit stalltips av dei sjeldne.
Fann det i siste Kamille ( måtte jo kjøpe det for å lese om "hvitstil-dama)
Fritt tilpassa ellemeller-huset:

1. Åpne ei fil på pc`en.
2. Gje den navnet "husarbeid"
3. Legg fila i papirkorga.
4. Tøm papirkorga.
5. "er du sikker på at du vil tømme papirkorga?"
6. Svar ja!

Ferdig med helgavasken, på eit blunk!


Bilete "rappa" frå Wikipedia... nei, det er IKKJE heime med meg:)

torsdag 25. juni 2009

To lapp or not to lapp,
That`s the question



Kjæresten og eg gjekk oss ein liten tur ein sein kveld.
Eg hadde sett nokre hageblomar som hadde forvilla seg ned i ei grøft
og dei hadde eg lyst til å rappe. Kjæresten blir villig med på litt kvardagskriminalitet.
På turen stakk vi innom ein container for å levere ein pose med klede som Princess har vokse ut av. Eg opnar døra, fokusert på blomar og eg lurer litt på om eg skal ha alle dei rosa saman,
eller om eg skal blande lilla og rosa.
Eg er eigentleg tilhengar av å ikkje blande og konkluderar med at lilla står for seg og rosa for seg..... eg undrar òg litt på om eg skal tre den svarte terroristhetta over hovudet
før eg snik meg bortetter vegen for å spane på blomane.

Midt i desse alvorsame spekulasjonane ser eg noko
... blått... rosa... ruta... sydd saman til eit teppe.

Kva gjer eg?
Skal eg ta det med, no når eg likevel har havna på skråplanet?

Eller skal eg la det ligge og la nokon andre få tak i det,
for ein billeg penge?
Tankane surrar i 230 km/t då kjæresten kremtar litt diskret på sidelinja.
"La det ligge du, so kan vi stikke innom her etter at vi har fått fatt på dei blomane."


Aldri har vel sjølvrappa blomar kome fortare opp av jorda!
Og aldri har eg vel gått fortare med ruter i blikket.
Tenk om nokon har vore innom og tenkt det same som meg?
Tenk om teppet er borte når vi kjem dit?
Det er riktignok berre 10 min sidan, men....
ein veit aldri!


Vi (les: eg) hasta bort att til containeren og eg heiv meg over døra, stakk hovudet inn og med eit triumferande grynt kjem eg ut med teppet i handa.
Med dårleg samvit rullar eg det saman og prøver å gå med
"eg-har-nettopp-vore-på-picnic"-mina mi.
(ikkje tenkte eg på at klokka faktisk var over 23)
Eg trur det funka.
Ingen ringte 112, ingen kom etter meg for å spørre kva eg tenkte på...
det var berre samvitet som snakka, heile vegen heim att.
(nevnte eg at det tek to minutt å gå?)
Den gneg fortsatt.


Teppet passar heilt perfekt på terrassen, i korga og på tørkesnora!

Oppdatering: Eg har letta samvitet mitt med å betale for teppet,
rett skal vere rett:)


onsdag 24. juni 2009

I bakvendtland


...kanskje ikkje heilt bakvendt, men iallefall litt forsinka StHansfeiring.
Kjæresten hadde lyst å ta en tur ned til sjøen for å grille, og då heiv me mat og drikke i sekken og traska avgårde. 10 min å gå og poff, so er vi nesten i paradis.




Princess framføre bålet.


Ekte bål, ekte grillpølser og ekte hamburger.


Eg slappar av medan ungane leikar "jorda rundt"
( ikkje spør kva det handlar om. Eg var litt bekymra for om dei ville kome heim att før konfirmasjonen.... som eg allereie har byrja å planlegge, sjølv om det er 3 år til)


tirsdag 23. juni 2009

Små skattar.



Grøn skål, vakkert design!
Lita sukkerskål, fløtemugge og ei skål til å ha feks tannstikker i.


Eg kom over ein "lot" med masse av hekla dukar og brikker. Nydeleg!
(Skjønar ikkje at folk har hjarte til å kvitte seg med
godt, gamaldags handarbeid eg, also!)

-Men, bra for meg!-

Ha ein fin St.Hansfeiring, her i heimen blir det mat på kjøkenet.
Vi har ikkje lyst til å site ute å fryse.
Brrrr...

mandag 22. juni 2009

Shrek og gru!


Den gamle verandadøra vår, den var i elendig forfatning, oppråtna og shabby, rett og slett. Endeleg var tida inne for å få den skifta ut.


Kjæresten og "svigerson" fekk røska den ut og då var det berre å håpe på at finevèret ville halde.


Store sterke karar!
(Pompel og Pilt)


Pust i bakken med kirsebær-smoothie høyrer med.


Kjæresten måtte putte papir i øyrene for å dempe lyden litt....
han såg so lur ut, atte:)




Kvifor tenkte eg på Shrek, skal tru?


Hehe... fordi han likna, rett og slett.. iallefall skuggen hans.


Nydøra har kome inn, det blei litt lysare på stua vår no.
Kjæresten har pussa vindauget og skrapa vekk klistremerka.
No gjenstår det kun å fòre ut og liste innvendig.

Takk til Ewa for godkjøpet:)

søndag 21. juni 2009

Containerfunn,
funn frå god ven og
hekla sjal.



Denne kommoden har eg skreve om før, den fann eg i ein container, naboen skulle kaste den, no står den inne og tørkar seg og gjer seg klar for sommarpussen.
Gyngestolen kjem frå austlandet,
den låg i ein container og venta på meg.
Eg hadde venta på den òg, må eg innrømme.
I eit par år har eg hatt lyst på akkurat en sånn en.
Og der sto han!
Kjæresten var ein engel og henta den og bar den inn i bilen.
Til hausten skal den få kvit pute med gardin.

Øverst i hjørnet kan du skimte eit nydeleg fat som
EVE LIS EIKREM
har laga
(ein dyktig keramikar)


Denne tina kjem frå ein avdøydd kunstnar i Ålesund,
Ein god ven av meg fekk tak på den og ga den til meg...
Eg er vel heldig!!
eg har måla den og den har fått stasplass her heime.
Lysestaken skal få seg eit lys og noko pynt, den er nyspraylakkert.


Ein kopp te, ei god bok og stillheit...
Lukke!
...og berre den veggen blir fiksa,
so blir lukka komplett.



Dette lekre sjalet er det oldemor mi som har hekla til meg.
Eg fekk det til konfirmasjonen min, eller kanskje året før.
Ho lever i beste velgåande og blir 105 år om nokre dagar.

Når eg tenkjer på ho so kjenner eg lukta av
nysteikte lefser,
høy på låven
og
kjærleik,
i masser.