... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 20. juli 2009

Morgenfriske høner og andre høner.

Ei lita forteljing om søstrene Bruse på campingtur,
med og utan campingvogn og morgenfriske høner.


Dei to eldste søstrene Bruse heiv ungar og pikkpakk i bilen ein laurdags føremiddag og reiste til Valldal for å ete seg feite.... eller besøke minstesøster Bruse, med familie.


Dei fekk opp teltet og drog fram grillen i ei fart.
Laksen låg og venta på god steiketemp og stormkjøkkena struplekokte pastaband,
som seinare skulle veltast i grøn pesto.
Skikkeleg feitemat.


Etter at maten var fortært kom det store trollet og lurte på om dei kunne trampe litt på brua, det var so lenge sidan sist. Trollet var ein smarting og kom med ein pose heimelaga sjokolade.
"Sjokoladane er laga av ho Elin på Choco Plaisir", sa han med eit lurt smil.
Han tenkte nok at dei vart god marinade.



Minstesøster Bruse hadde vore og kjøpt seg nye fat og koppar, noko eldstesøster blei litt avundsjuk på, og dei måtte fram når slik god sjokolade skulle prøvesmakast. Vinen blei òg dregen fram, men det er ei anna historie.

Dagen og natta gjekk og søstrene Bruse fann ut at dei ikkje hadde lyst til å trampe på brua heilt enno. Dei sov godt om natta, sjølv om det regna bittelitt.
Ungane storkosa seg og ville slettes ikkje heim att over brua.


Eldstesøster Ellemeller Bruse tok ansvar og laga eggerøre av morgenfriske høner.
Piip! Nei, ikkje av hønene, men egga deira.
Søndagsfrukost er søndagsfrukost.




Mellomstesøster, som er mest handy, og stakk straks til skogs for å lage ein visp.


Minstemann tek livet med ro på ei rose-eng. Her må ein smøre seg med tålmod.
Mellomste Bruse hadde nemleg bestemt seg for å kjøpe seg ei slik staseleg vogn
som lillesøster har. Pc blei henta fram,
Trollet blei gløymd.
Me surfa på nettet og fann vogna.
Mellomste ville sjølvsagt ha den med ein gong og for å få tida til å gå satte ho seg rett ned og skreiv liste over alt ho skulle handle inn.
Det blei ikkje lite, etterkvart.




Lillesøster Bruse tek livet med ro ( i si eiga campingvogn)
og strikkar Barbie-klede til si minste taus
og størstesøster Bruse får drøyme om campingvogn ei lita stund til.

Snipp snapp snute so var forteljinga ute.
Trollet ventar på Søstrene Bruse,
berre vent!
Saft O`suse!

4 kommentarer:

  1. Høres ut som en kjekk campingtur;)
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  2. Jeg er imponert over matlagingen på campingturen!

    Du skriver godt, artig fortelling:)

    Klem, Lene

    SvarSlett
  3. Deilig med ferie;o) Nydelig mat antar jeg?;o)))
    Klem
    Linda

    SvarSlett
  4. Skikkelig hjemmelaget mat på telt-tur, duh! Ikke dårlig! Flinke søstrene... =)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)