... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 27. juli 2009

Hummar og kanari (-fuglar)

Meir shopping.

Kjæresten er dønn sliten i beina og smilet mitt blir breiare og breiare. Ikkje nok med at eg har lurt han med på butikkrunde i dag (igjen), men eg har òg lurt han til å hjelpe meg med å setje saman bilete. Simsalabim, det var jo ikkje so vanskeleg vel?



Fuglane skal sitje i fugleburet mitt heime. Fram til no har det budd ein gul påskekylling der (som junior har laga på skulen) og eg er ganske sikker på at han vil opp på loftet til påskekameratane sine. (ja, ikkje Junior då, men påskekyllingen..)
Skiltet veit eg ikkje heilt kor eg skal henge enno..


Endeleg fekk eg kjøpt meg ein sånn ein! :)


Dagens supertips!!
Eg har vore på Fretex i Lillestrøm og kjøpt skjorter til 30,- pr stk.
Desse skal eg bruke til lappeduken min.
Det er so lurt at eg burde fått Nobel`s sypris...
...eller noko i den duren.


Eg har nesten ikkje fått sove i helga, har tenkt og tenkt på det stripete stoffet som eg fekk tak i på laurdag. Kva gjer eg? Eg MÅ ha meir av det! Skal eg velge raude eller beige gardiner på spisestua? Valget falt på beige... men eg bestemte meg for å kjøpe meir av det blåstripete. Grillvott, forkle og endå ein duk.. kjekt å ha!!


Spisestuegardiner og ein duk... Trur det blir fint, ja!


Vi har vore på Kid og der sto det eit fyrtårn i utstillingsvindauget.
Det venta berre på meg, det.


*blush*
Endå ein segelbåt fekk bli med meg heim att... makan til den eg har frå før.
Men... det kan godt hende eg skal fikse litt på den... kanskje, muligens.


Heilt tilfeldigvis gjekk vi forbi Hemtex og der hadde dei stripete puter på salg. Eg har mangla 4 sånne til det nye kafèsettet mitt, ....men ikkje no lenger:)

lørdag 25. juli 2009

Stars and stripes

Eg har knappast fått landa før eg dreg fram lommeboka for å ta med meg godkjøp heim att. Eg har ein plan, nemmeleg!



Det blei ikkje so mange stjerner, men striper i metervis fekk eg med meg.
Hansen & Dysvik har salg.


Ei eller anna bloggedame (huskar ikkje namnet, hovudet er i feriemodus) har sydd seg ein lappeduk av koppehåndklede. Det blei so lekkert!
I tillegg skal eg sy eit par stripete puter til tv-sofaen.
På mandag skal eg ta turen innom igjen, trur eg.
Det raudstripa var òg veldig fint.
Kanskje eg rett og slett skal kjøpe meg nye gardiner?
Eg er glad i raudt.
Sånn er det med den saken:)



Eg vil òg ha ein slik duk. den vil kle spisestua mi heilt perfekt!
Takk for tipset, ukjente bloggar.
Når eg kjem heim skal eg kome innom deg og takke på ordentleg vis.
Oppdatering: den mystiske dama har fått eit namn.
Den herlege duken finn du hjå miaslandliv.

fredag 24. juli 2009

Velkommen til min ringe bolig.

Eg står midt i koffertar, klesvask og ferieklargjering av hus.
Kva gjer eg?
Jaaudå, eg finn ut at eg skal måle sjablongane på entrèeveggen.


Eg har aldri gjort dette før og var litt skjelven i knea.


Litt skjelven på handa på l`en... men det kan eg ikkje fikse før målinga tørka.
Det blir etter ferien.


Skrifta er" heimelaga", eg har tatt utgangspunkt i ei eller anna skrift i word og fiksa på litt.
Blei so bra so.

Eigentleg so tenkte eg at eg skulle grunne stuebordet mitt òg...
Hmmm..
Rekk eg det, skal tru?
Det er over ein time til vi skal reise:)

torsdag 23. juli 2009

1-2-1-2- dette er ein test.

Data"geniet" skal prøve seg på noko ho ikkje kan... skal registrere meg på bloggurat og dette er ein test... rett og slett.

Oppdatering:

Hm... korleis i all verden får man lagt til den registreringslinken då?? Eg kan ikkje finne nokon plass å lime den inn.
Æsj, då må eg vente til eg får hjelp av kjæresten... igjen... og so no då, no når eg endeleg har klart meg sjølv heilt åleine lenge...

Oppdatering 2:

"vent litt... " står det.... jaha? Eg har venta lenge, eg... Grrrr...

Oppdatering 3:
Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.

Rosa kjole og svin på avveie.

Eg har tatt siste innspurt på syrommet i dag.
Den rosa, nye kjolen frå Spania har blitt nokre cm kortare
(eg ynskjer meg lange leggar til jul).


Fin?
Då jobben var gjort var klokka so mykje at eg kunne ringe legen på sjukehuset.
Kva gjer eg med medisin i ferien?
Immunforsvaret mitt går på sparebluss og med dobbel dose medisin blir det endå verre...
Legen ba meg bruke desinfiseringsgel (heile tida) og munnbind når eg var på plassar med mykje folk. Vi er mest redd for svineinfluensaen.
Men absolutt alt av infeksjonar kan vere skumle for meg, for tida.

Dette gjer at eg blir litt lattermild... og ein super idè ploppa ned i hovudet mitt.
Kva om eg syr meg eit munnbind som match`ar den nye kjolen?
*knis*


Den nyaste moten frå... eh... Paris?...


Slik blir eg då sjåande ut, sånn ca.
Er det nokon som skal ut og reise om eit par veker og ser meg på Gardermoen,
so kom gjerne bort og sei hei!!

(Princess sei at ho nektar å gå ilag med meg... kan ikkje skjøne det!)

Gjeesp! Og god morgon..

Dagen i dag skal gå til rydding, vasking og pakking til ferietur.
Muligens rekk eg å vere litt kreativ etter at eg har gjort alt det kjedelege husarbeidet.


Eg tuslar meg inn på stua med kaffekoppen og ein nesten nysteikt bolle.
"Arbeidslyst kom til meg..."
( Eg var hjå mamma og far i går, der fekk eg skrive ut ein tekst som skal bli til ein sjablong.
Den skal ut i entrèen.
Det hadde vore kjekt å fått opp den før vi skal reise. Hm...)


Ha ein fin dag!

onsdag 22. juli 2009

På rosa skyer

Når små prinsesser har hatt bursdag og har eit leikehus å innreie må storetante trå til.


Forkle må ein ha om ein skal bake muffins og andre godsaker.


Sommarfuglen går igjen på eit par puter og på den mjuke boksen. Den lille lomma kjem frå ein kjole som princess har brukt ein gong.
Vi likar gjenbruk.


Gardinkappe til døra. Sydd av ferdigblonde frå Tyrkia.
Sprø historie eigentleg;
eg bestilte ditten og datten over telefonen, gjennom ein bekjent.
Faren hans dreiv ei kremmersjappe på andre sida av landet.
Ditten og datten kom eit par dagar seinare i ei stor eske,
som hadde vore på langtur, ein heil dag med buss.
Fleire kilo med blondar, perler, garn, paljettar og masse småtteri.
Alt blei mitt for ein liten sum.
Lommeboka vart litt tynnare og eg ganske mykje blidare:)




Initialane til prinsessa, sydd på ei av putene.




I ferien skal vi besøke ei lita jente som eg håper eg får bli betre kjent med, ho har heilt sikkert lyst på ein liten koseklut med reim til smokken.
Det trur eg:)


Nydelege fargar! Min princess fekk lyst til å bli lita igjen når ho fekk sjå kluten.


Eg elskar hjarte!


Når eg først er i det rosa hjørnet kan eg vise fram bursdagsgåva frå kjæresten,
han har laga den sjølv (ikkje buret då).
Limt inn glas-diamant, lysdiodar og tingeling på toppen.
Under buret finn ein knappen for å trykke av og på lyset.
Genialt!
Eg har den på nattbordet mitt, litt barnleg er det vel lov å vere?

Tingeling er BEST!


Nydelege skapningen:)

tirsdag 21. juli 2009

ÆSJ!... og litt reker.

Dagen i dag har gått for fort.


Eg har levert bil, handla, vore med lege, henta pakke på posten, surfa etter campingvogn saman med mellomste, besøkt lillelavendel, fiksa to kjolar og ein topp, baka bollar og laga rekesmørbrødkveldsmat. Til slutt sto bursdagsgåva for tur, eg rakk berre tre puter og ein mjuk boks... Håpar å bli ferdig i morgon, då kjem eit ultrarosa blogginnlegg.


Reker er digg!!

Mjuke boksar

I periodar er eg frykteleg ivrig på syrommet,
andre periodar er det målarkosten som får mi merksemd.
No kjenner eg at målarkosten har fått overdose og eg viar symaskina mi litt tid igjen.


Raude boksar sydd på bestilling til ei venninne. Ho brukar dei på badet til ymse toalettartiklar.


Lilla boksar sydd på bestilling til same venninna, desse brukar ho til å ha lys i på stua si.
Boksane er sydd av dukar, same sort som ho har på borda sine.
Det blei lekkert.


Lilla prinsesseboks, sydd på bestilling til princess. Ho har ørten-fjørten sånne boksar i lilla og rosa og har fylt dei med bamsar, perlesaker og andre ting som er viktig å ha orden i for ein tolv-åring.


Junior ville òg ha boksar på rommet sitt. Han har dilla på militæret, soldatar og våpen !??!...
Han er gutt... veldig.
I boksane sine har har alt frå lego til vannpistolar (og skitne strømper)

Dagen i dag skal gå til å sy ferdig bursdaggåve til ei niese, og fikse på kjolestroppar som ikkje fungerer lenger og sy opp en lekker kjolekreasjon eg kjøpte i Spania.

Kjenner eg meg rett so blir det syroms-blogging i kveld.

mandag 20. juli 2009

Morgenfriske høner og andre høner.

Ei lita forteljing om søstrene Bruse på campingtur,
med og utan campingvogn og morgenfriske høner.


Dei to eldste søstrene Bruse heiv ungar og pikkpakk i bilen ein laurdags føremiddag og reiste til Valldal for å ete seg feite.... eller besøke minstesøster Bruse, med familie.


Dei fekk opp teltet og drog fram grillen i ei fart.
Laksen låg og venta på god steiketemp og stormkjøkkena struplekokte pastaband,
som seinare skulle veltast i grøn pesto.
Skikkeleg feitemat.


Etter at maten var fortært kom det store trollet og lurte på om dei kunne trampe litt på brua, det var so lenge sidan sist. Trollet var ein smarting og kom med ein pose heimelaga sjokolade.
"Sjokoladane er laga av ho Elin på Choco Plaisir", sa han med eit lurt smil.
Han tenkte nok at dei vart god marinade.



Minstesøster Bruse hadde vore og kjøpt seg nye fat og koppar, noko eldstesøster blei litt avundsjuk på, og dei måtte fram når slik god sjokolade skulle prøvesmakast. Vinen blei òg dregen fram, men det er ei anna historie.

Dagen og natta gjekk og søstrene Bruse fann ut at dei ikkje hadde lyst til å trampe på brua heilt enno. Dei sov godt om natta, sjølv om det regna bittelitt.
Ungane storkosa seg og ville slettes ikkje heim att over brua.


Eldstesøster Ellemeller Bruse tok ansvar og laga eggerøre av morgenfriske høner.
Piip! Nei, ikkje av hønene, men egga deira.
Søndagsfrukost er søndagsfrukost.




Mellomstesøster, som er mest handy, og stakk straks til skogs for å lage ein visp.


Minstemann tek livet med ro på ei rose-eng. Her må ein smøre seg med tålmod.
Mellomste Bruse hadde nemleg bestemt seg for å kjøpe seg ei slik staseleg vogn
som lillesøster har. Pc blei henta fram,
Trollet blei gløymd.
Me surfa på nettet og fann vogna.
Mellomste ville sjølvsagt ha den med ein gong og for å få tida til å gå satte ho seg rett ned og skreiv liste over alt ho skulle handle inn.
Det blei ikkje lite, etterkvart.




Lillesøster Bruse tek livet med ro ( i si eiga campingvogn)
og strikkar Barbie-klede til si minste taus
og størstesøster Bruse får drøyme om campingvogn ei lita stund til.

Snipp snapp snute so var forteljinga ute.
Trollet ventar på Søstrene Bruse,
berre vent!
Saft O`suse!

fredag 17. juli 2009

Eg fann, eg fann!

Eg har vore på loftet i dag. Rydda. Sveitta.
Det har vore verdt arbeidet.


Eg fann igjen picnicteppet som eg sydde for ca 20 år sidan.
Det var eit strev utan like, kan eg hugse.


Teppet passar perfekt saman med dei nye putene mine.
Eg fann mykje anna rart òg. Herlighet so mykje eg samlar på!

Frelsesarmeen har fått ei stor gåve i dag, mykje vinterklede som borna har vokse ut av.