... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 27. mars 2010

Skapartrong!


Det å lure på kvifor huset ikkje er vaska denne veka
er bortkasta energi.
Dette innlegget og eit par-tre nedover
viser kva eg har brukt tida på...


ElleMeller-tunika i svart og rosa til Princess,
måtte bli ferdig før ho reiste på påsketur.


Rosa og grå ElleMeller-tunika til ein nabo.


Svart og grå ElleMeller-jakke til ein annan nabo.


Svart og grå ElleMeller-tunika.


Og so har eg prøvd meg på å lage ringar.
Veldig artig
og eg har tusenmillionar planar
om andre i same stilen...

Vaske hus kan eg gjere ein annan dag!
Det er viktig å bruke tida på å skape,
når ein har lyst til å skape...

Det har vore ein kjekk dag i dag,
vi har vore sosiale og kjæresten har lagt ut songen,
han har skrive til meg, på ymse nettstader.
Urørt, MySpace og sånn...

Eg er litt stolt also!

torsdag 25. mars 2010

Tikk-takk-tikk-takk

Det skjer mykje rundt oss for tida.


Vi har mykje tid til å gjere det vi har lyst til, og det gjer vi.


Innimellom rekk vi å slappe av,
eg burde bli enda flinkare til det.
Eg burde setje meg ned med ei god bok
og berre nyte våren i solveggen.

"Men eg har ikkje tid, for eg skal finne skjegget..."
eller...
eg har so stor glede av å sy for tida
at eg prioriterar det,
ei stund til.


På mystisk vis har det kome ei klokke i hus,
ei aldeles vakker ei!
No har eg to
og lurer på kva eg skal gjere med den andre,
.... Ååå, alle desse vala!


Eg lir av beslutningsvegring
og burde vore fritatt frå slikt.


Har de sett?
Eg veit ikkje kor gamal denne klokka er,
men det må eg berre finne ut.


Den passar godt saman med det brune hjørneskåpet
(i andre hjørnet)
og bilete som heng på veggen.
Den kler skrivebordet og stovebordet.

Det er ingen tvil, klokka er komen for å bli.

I dag overraska eg kjæresten.
Eg: "eg har bestemt meg for å kvitte meg med ein del ting,
vi har for mykje,
vi har ikkje plass til alt.
Kanskje vi burde selje noko?"

Kjæresten: *stum*....
*himmelfallen*
*tenker*
*forsiktig*: meiner du det?
*glad*

Hehe..
det skal ikkje mykje til for å glede ein stakkars mann;)

onsdag 24. mars 2010

What to do?

Eg har eit luksusproblem!


Eg har eit spisebord til overs.
Det kjekke er at eg no kan be voldsomt mange til middag,
ulempa er at det blir litt trangt å bevege seg rundt etterpå.



Dette runde bordet er berre so lekkert
at eg heldt på å svime av då eg såg det!
Størrelsen, fargen og forma er perfekt!


Det har fått prøvestått litt rundt omkring i huset,
eg har vurdert å sage av beina og bruke det som salongbord,
bytte ut spisebordet vi har no
eller bytte ut kjøkkenbordet.
Måle det eller ikkje?
Livet består av vanskelege val!!


Dette er den spisestova vi har no, fått av lillebror
(som fortsatt er mykje høgare enn meg).

Kan ikkje skjøne kvar eg har gjort av bileta av spisestova vår?
Har eg ikkje tatt skikkelege bilete der inne?
Makan!


Slik såg den ut,
nymåla og straks klar for å få lov til å stå rett på teppet:)



Og slik såg den ut der den sto i huset til Lillebror.
Alice-I-Eventyrland-bord.
Lekkert also!

Kva i alle dager skal eg gjere?

Dei to eldste borda har ileggsplater, det har ikkje det nye.
Kanskje er det nettopp det som skal avgjere dette
frustrerande luksusproblemet:)

Enno har eg ikkje brote mitt sjølvpålagde Finn-forbud!
Ikkje har eg kjøpt eit einaste nytt klesplagg heller.
Flinke ElleMeller!

tirsdag 23. mars 2010

-og slik blei det...


Junior fekk sin kosedress i blått.


No er det so koseleg her at det nesten ikkje er til å halde ut;)

Junior sin dress er sydd i fleece
og den kom på i same sekund
som glidelåsen var sydd i.
Princess sin er sydd i jersey-stoff
og er klar for vask allereie.

Begge Gulla er no sidrumpa og godhjerta!



Kos i kosedress

ElleMeller har drive med ting ho kan, men aldri har gjort før.


Princess har ei stund ynskja seg kosedress,
eg har grua meg litt til å starte på det.
Det er ikkje det at eg har tvila på eg klarer det,
men perfeksjonisten klarer ikkje å berre teikne
eit mønster utan at det er "rett, etter boka"


Eg fann fram grunnmønstera mine
og fekk snekra det saman til noko
som forhåpentlegvis skulle bli noko som likna det ho hadde lyst på.

Eg hadde for lite stoff
(det krympa voldsomt mykje i vask)
og måtte klippe i ein gamal fleecegenser for å få hette på.

Rååsa, sølvsagt.
3 timar seinare kunne ho stolt
dra på seg det nye favorittplagget.

-og Junior ynskjer seg ein slik i blått.
Ein Sitte-I-Kjellerstova-Og-Spele-XBOX-Dress.


Ny fleecekjole, den blei for stor for meg
og eg lurer litt på om nokon har lyst å kjøpe den?
Brun og rosa, str 38/40.
1200,- inkl frakt.


Eg har fleire prosjekt på gong på syrommet i dag,
tenkte å få unna litt før påske.

Hepp-hepp!
Vi sjåast i morgon,
då har eg eit stovebordproblem eg vil lufte.



søndag 21. mars 2010

Eg erklærer herved

våren for offisielt opna!



Iallefall her i Brattvåg.
Vegane er tørre, sola skin og alt er berre velstand!


Eg heiv ut putene,
fann fram denne lekre mugga med roser i
og tok med meg strikkeriet mitt for å nyte sola i dag.
Herlighet kor deilig!


Ungane har hoppa på trampolina
og vi har berre kosa oss heile dagen.


Vi har prata om å pusse opp kjellarstova i heile vinter,
i dag starta førbuingane...
Vampyrsofaen skal ut, benken skal ut,
det skal ommøblerast
og eg skal bestemme meg for kva golv eg vil ha.
Det er på tide at det skjer noko!

Kjæresten fekk ånda over seg, tok med seg ungane
og stakk i kjellaren no.

Lucky me!

fredag 19. mars 2010

Men i alle dager...

Her i huset har det vore lite blogging
og lite kikking i Blogglandia siste tida.



I går kveld tok eg med meg siste "Vakre Hjem"
og skulle lese litt før eg sovna.
Kjæresten låg ved sida av
og drøymde seg vekk med eit motorsykkelblad
... som vanleg...
Eg bladde litt småtrøytt i mitt blad
og proklamerte at dette nummeret er betre enn det forrige.

Han slengde eit sideblikk i mi retning og utbraut engasjert:
"Sjå! Er det ikkje Emmeline si spisestove??"

?

Eg lar meg stadig vekk imponere over kva han får med seg.

Med dette tar vi helg,
med treningskamp, badeland
og litt avslæppings.



torsdag 18. mars 2010

Funn!!

Den siste tida har eg vore heldig og fått små og store skattar,
litt herifrå og bittelitt derifrå.


Ei osteklokke sto åleine på ein kjøkenbenk
og stettfatet kom frå ein heim
som hadde lyst å kvitte seg med ein del ting.


Ein einsam krystallvase
og ei krystallskål blei vener på spisestovebordet mitt i går kveld.
Dei blei so vakre saman!!


Eg rydda litt i skuffer og skåp i går
og drog fram alle fine kvite fata eg har samla siste tida.
Gosjameg so lukkeleg eg blir av slikt!!



Og kva med dette?
Nyydeleg farge!
Passar ikkje inn hjå meg no, men det skal stå på ein lur plass,
for plutseleg finn eg ut at eg skal dekke håpets bord...

tirsdag 16. mars 2010

Ein heilt vanleg tysdag


Siste veka har vore hektisk.
Det skjer frykteleg mykje rundt meg for tida.


Eg er stressa.
Pulsen er høg og eg klarer ikkje å slappe ordentleg av.
Min polaritetsbehandlar har lært meg ein pusteteknikk,
men ikkje ein gong det klarar eg:)
Pusten stoppar halvvegs.


Men det er på ein måte godt stress.
Aktivt, kreativt og givande stress.

Kaffekopp med påmontert nålepute.
Vatt, brun velour og ein liten dott med ull.


Eg skal bli flinkare til å høyre på meg sjølv.
Ta meg ei stund heilt åleine kvar dag,
berre kjenne på kroppen og krafta mi.
Puste.
Heilt ned i magen.
Roleg.


I går held eg eit lite foredrag om gjenbruk,
nye idèar ploppa rundt i hovudet mitt
og dei skal eg ta med meg på neste foredrag.

-Eg skal berre puste litt først-
:)


søndag 14. mars 2010

Velkommen til Alice-i-Eventyrland-teselskap!



Princess har fylt 13 og for å feire dette inviterte vi 17 jenter til teselskap.
Eg har kosa meg i fleire dagar med
pynting,
baking
og roting i skuffer og skåp
for å finne "rare" ting å putte godteri og bakst i.



Alle fekk forskjellige tekoppar.


Mellomste-søs sin suppeterrin med ause blei fylt med potetgull.


Ein vase med non-stop og eit sausenebb fylt med pops gjorde susen!


For å sleppe å kjøpe ein haug med tallerkenar kjøpte eg papp
og limte på bitar av serviettar med decoupaglim.
Alle gjestane fekk handlaga sjokolade på tallerkenen sin.



Fargeblyantar til å teikne på duken med.


Den gamle vekta blei fylt med nydelege gulrotmuffins.


Helene hadde laga denne Ybervakre gåva til Kristine!!

Selskapet var veldig koseleg!

fredag 12. mars 2010

Vottar fylt med kjærleik

Nokre dagar er finare enn andre.
I går var ein slik dag.


Det låg pakke til meg i postkassa,
inga kva-som-helst-slags-pakke heller.
Vottane mine frå Lykkeliten seila inn i huset
og blei heilt naturleg eit familiemedlem!
Eg blei reint rørt av kortet som låg ved,
du er ein engel,
Tusen Takk!


Sjå dei lekre fargane!
Passar perfekt til ElleMeller-tunikaen min!


Det var mange pluss-grader i går, men eg måtte ha dei på når eg gjekk i butikken.
Heldigvis snøa det litt i natt,
då har eg god grunn til å bruke vottar litt til!
Princess blei veldig misunneleg,
eg må nok passe ekstra godt på dei!

Siste tida har eg ikkje vore flink til å passe på meg sjølv.
Eg durar rundt og fiksar og ordnar og har vore småstressa.
Det passar meg dårleg.

I går laga eg meg ei liste over alt som skal fiksas dei neste dagane,
det gjer det lettare for meg å ikkje stresse med A L T eg har å gjere.
Dagen i dag skal gå til baking, rydding, vasking
og dekking av bursdagsbord àla
TESELSKAP
til 18 jenter.
Vi er inspirerte av Alice i Eventyrland
og eg har funne fram tekoppar i ulike design,
rare bollar, fat og kar til å ha kaker og snoperi i
og klipt ut papphjarte og ruter til å henge i taket.
Det blir kjekt!

Kjenner eg meg rett kjem det bilete i morgon.

Ha ein flott dag, UTEN stress!!



onsdag 10. mars 2010

Ny jakke og ein liten Tilda.

Denne søte Tilda-dukka har fått navnet Pippi.
Det berre blei slik.


Den er so søt at eg nesten ikkje har hjarte til å sende den frå meg...

Men den skal til Sverige, kanskje for å helse på navnesøstera si?


I helga var ungane hjå pappa`n sin og eg brukte tida på syrommet.
Det resulterte i ny svart jakke til meg.
Svart og grå, passar til alt i frå olabukser til finkjolar.


Bilete tatt i farta, hjulbeint og lekker;)
Skjerfet og pulsvantane er forøvrig strikka
på strikkemaskinkurs.


Sånn ca ser den ut, eg er ikkje sikker på om den er heilt ferdig enno.
Har lyst på fine ord brodert med grått.


Her på ryggen hadde det passa med eit fint ordtak
eller noko anna spanande.
Dingleriet som heng i hetta er restane av eit 80-tals-smykke
eg fann i ei skuff.
Sannheita er vel at eg ikkje berre fann det,
eg har rimeleg kontroll på småtteriet mitt
og eg tek vare på A L T!


Uklart bilete, men slik ser hetta ut.


Detalj frå lomma.

Eg har ei jakke til som nesten er ferdig,
den blir lekker i brun og turkis!
Kanskje i morgon?