... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 9. juni 2009

Til minne







For eit halvt år sidan døydde min biologiske far. Ein far eg aldri har kjent, ein far eg har sakna og forbanna om kvarandre.
For knappe to veker sidan døydde faren til ei av mine venninner. Ein far som har vore til stades for døtrene sine heile oppveksten, ein far som har vore deira inspirasjon og ryggrad.

I gravferda gret eg, eg gret for ho som hadde mist si støtte og tryggheit, eg gret for meg sjølv som mista noko eg aldri har hatt.

Måtte dei kvile i fred.

2 kommentarer:

  1. Sanne og vakre ord

    Kjenner de samme tankene og følelsene kommer frem

    Rart med det, trodde man skulle forstå når man blir voksen. Men til eldre jeg blir, til mindre forstår jeg.

    Eller er det bare savnet som blir større, farsfiguren blir viktigere med åra?

    Sannelig vet jeg...

    SvarSlett
  2. Eg veit ikkje eg heller, men det å sakne noko ein ikkje har hatt er komplisert.

    På mange måtar er eg glad for at vi ikkje mista noko som vi ikkje ville klart oss utan, det saknet vil uansett vere mykje større.
    Mager trøyst:)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)