... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 31. januar 2010

Det lille vakre under

Eg har ein god ven i Ålesund, han er samlar, slik som meg.


For ei tid tilbake fekk eg ei gamal veske full av undertøy
som han har funne hjå ein nedlagd landhandlar.
Korsett som er sånn ca 70 år gamalt.


Her er det snakk om hold-in!
Eg har prøvd å få på meg eit av desse, men måtte gi opp.
Eg sveitta, stønna og banna lang tid før eg skjønte at enten
er eg for feit i knea
(fekk ikkje det lenger opp enn det)
eller so var kvinnene ekstremt tynne på den tida.
Eg kom til den konklusjonen at desse var laga for Dronning Maud
og hennar vekkopererte ribbein.

Det er berre ein liten brist i den sannheita, dei er laga 20-30 år for seint...



Iallefall, undertøyet er lekkert og på soveromsveggen min heng det eine til pynt.
Ein liten rosa blomst gjer det heile enno meir romantisk
og eg lurer veldig på kva dei tenkte,
dei damene som sto med denne i handa og hadde lyst å kjøpe.
(bortsett frå at den mest sannsynleg var for liten)


*sukk*

fredag 29. januar 2010

Sofasmittefarleg

Eg er smitteberar, kjøpe-sofa-på-finn-smitteberar.



Det er ikkje hemmeleg at eg har kjøpt ørten-fjørten sofaer på finn siste to åra.
No har eg lova meg sjølv at eg ikkje skal kjøpe fleire.
Det er litt stussleg.

Men kva gjer vel det når eg kan smitte resten av familien?
Lille-søs ville ha meg med på sofa-kiking i dag og
mellomste-søs snakkar om å kjøpe ny sofa snart.
Hipp-hipp!

Eg kan fortsatt rote rundt på Finn og sjå etter sofa,
med søstrene som alibi.

Eg får berre krysse fingrane for at det ikkje kjem vaksine med det første:)

torsdag 28. januar 2010

Eg lurer på...


Eg skjønar ikkje kvar dagane blir av...


Kanskje har dei tatt vingane på og flaksa sin veg?


Eg ynskjer meg enno meir tid til å sitje i gyngestolen
og lese ei god bok eller strikke noko fint.
Men kvar skal eg ta dei timane frå? :)


I dag har vi vore hjå Besta ein tur, det var koseleg som alltid.
Der kan vi senke skuldrane og la klokka stoppe.

Hey!
Der har eg løysinga!
Vi burde flytte dit,
då vil eg rekke alt eg har lyst til:)

onsdag 27. januar 2010

Eg lovar, kross på halsen og ti fingrar i øyret!


Eg har fundert ei stund på pengebruken min.
Kva brukar eg pengar på og kvifor?
Plakatar og reklame med lovnader om tilbodsprisar
dreg meg som magnetar.
Eg er lettlurt.
Trur eg.




Før og etter.
Rett etter jul var eg på Jysk og kjøpte koppehåndklede i massevis til ein rimelig penge.
For nokre dagar sidan spretta eg av julepynten og sydde på ein fin blonde i staden for.
Då vart det plutseleg eit heilårsbakeklede.

Små søte blondegreier på skjenken.


Sparar eg eigentleg pengar ved å kjøpe på salg?
Eg brukar å vere flink, kjøper julepynt på tilbud
og passar på å kjøpe ein del julegåver i løpet av året.
Men kva med alt det andre som havnar i handlekorga i løpet av året?
73 lysestakar, 14 dukar, 23 genserar og nips-naps i kilovis,
for ikkje å snakke om møblar!
(Eg har på under 2 år eigd 7 sofaer...)

Treng eg det?
Nei.

Eg, ElleMeller, lovar herved:
Fram til 1. juli 2010 skal eg ikkje kjøpe eitt einaste nytt klesplagg
og eg skal heller ikkje kjøpe meir møblar utan å kvitte meg med noko først.
Dette blir tøft, men det blir fin lærdom.

Mellomste-søs meinar at eg burde ha Finn-filter på pc`en min.
Eg burde ikkje få lov til å gå inn på den sida,
eg burde ikkje få lov til å ta ordet Finn i min munn.

Men... eg har Finn-flaks.
Slik er det berre.
Varpa berre ropar til meg.
Eg føler kallet.


*mumle*... skal tru kor lenge eg klarer å halde meg?


tirsdag 26. januar 2010

Pling!

-sa det i hovudet mitt i natt ein gong...


Eg kom plutseleg på at eg har to settekasser på loftet.
Desse kjem frå eit trykkeri i Oslo og vi kjøpte dei i sommar.
Dei har rett og slett gått i gløymeboka.

Vi har hatt lokalavisa på besøk i dag,
dei vil visst lage ein repotasje om blogginga mi.
Dette har krevd argusauge i nokre dagar.

Settekassa kom på plass eit kvarter før journalisten dinga på døra.


Inne i eit skåp fann eg det einaste eg har hekla i heile mitt liv; gardinband.
Dei passa perfekt på dei nye gardinene i spisestova
(gardinene blei ferdig ein time før besøket)


Det var trivelege to timar,
vi kommuniserte veldig bra og eg var rett og slett bekvem.
Eg gler meg til å lese gjennom og sjå kva bilete ho velger å bruke.
Ellemeller blir kjendis... :)


Kjæresten flykta når journalisten kom inn.
Han var snill og vaska hus på formiddag og fekk beskjed om å rydde nattbordet sitt.
Då eg gjekk innom soverommet for å sjekke om alt var i orden fekk eg hakeslepp!
Hæ?
Har han ikkje rydda? Argh!...
Eg fekk vekk bladet og lot boka og brillene hans ligge igjen.
Kjæresten kom inn rett etterpå og utbraut:
Kva? Har du øydelagd stylinga mi?!?
Ehm... det var ein tanke bak bladet "gjør det selv" på nattbordet.
Han hadde rett og slett prøvd å markere seg.
(Kan det ha noko med motvekt til blondehimmelsenga å gjere,
skal tru?)

Uansett so tok han det ikkje so tungt,
då han kom heim att hadde han med seg desse nydelege rosene!!
Berre fordi eg er den eg er...



Teikninga er det Junior som har laga.
Det er familien Glum (also oss) ein heilt vanleg kvardag:)
Legg merke til den strenge dama i bakgrunnen
som kikkar skeptisk på forslaga som kjæresten kjem med...
(Litt spisse puppar, kanskje?)

Er han ikkje flink?

mandag 25. januar 2010

Himmelfallen og overlukkeleg!

Eg har sagt det før og seier det ubeskjemma igjen;
Eg blir lukkeleg av vakre, nye ting!


Før helga fekk eg tak i eit skrivebord, kjøpt på Finn, sjølvsagt.
Meininga var å selje det igjen...
men eg klarar ikkje det, ikkje kjæresten heller.
Vi er forelska begge to.
Har du sett på vakrare skatt?
Denne lekkerbisken kjem ALDRI i nærleiken av målarkosten!


Ulempane med å få eit nytt møbel i hus er:
Vi må ommøblere, alt.
Alle pynteting må flytte plass
Lampar heng i faresona for å bli degradert eller flytta på
Støvsugaren må fram
Kjæresten blir litt smålei av meg;)


Sjekk, herlege kontrastar i fargar, form og finish!
Eg diggar det!


Denne gyngestolen er eit containerfunn.
Den skal heller ikkje målast.
Den er rågod å sitje i
og ventar berre på at peisen skal bli ferdig
slik at den får bu ved sidan av den.

"Til helga kanskje?"

*

Overhøyrd i bilen i går:
Princess ser at ho har eit ubesvart anrop og ringer til vedkomande.
Vedkomande: Hallo?
Princess: Hei, eg trur du har ringt feil....
Vedkomande: ... eh? Hæ?

Princess: Ja, eg meiner...eh... du ringde i stad?

Vi fekk oss alle ein god latter,
Ho òg.
Ungane mine er flinke til å flire av seg sjølv,
det er ein eigenskap eg set frykteleg stor pris på:)



søndag 24. januar 2010

Pippi-søndag

Velkomen inn på soverommet vårt.
Her kan det skje rare ting.
Ansiktsutrykket til Tilda`en seier vel det meste.


Eg sydde min første i går,
før eg gjekk ned på syrommet heiv eg innpå eit par zyrtec,
eg er tross alt allergisk mot alt som minner om Tilda.

Men herlighet... kven kan motstå ein slik ein då?
Ikkje eg, ... lenger.


Litt småskakk, stakkars..
og det er berre min feil.
Eg kan jo å sy, difor treng eg ikkje lese bruksanvisning, trudde eg.
Neste gong skal eg gjere det slik som Tone Finnanger.
Då blir kanskje hendene sjåande ut som hender:)
Men søt vart den?

Over til rare ting som kan skje på soverommet:


Kva ville eg ha gjort i dag dersom eg var Pippi?

Hoppa i senga!
Som sagt so gjort!


Kjole, musefletter, to ulike strømper og ei god seng gjer susen.


Dette var supergøy, det anbefalast!
God trim for mange ulike muskelgrupper,
inklusiv lattermusklane.
Kjæresten synes eg er akkurat passe barnleg
og det er akkurat passe flaks for meg,
for denslags tolmod treng eg når eg spyttar han ned i rørleggersprekken
eller klipper i stykker boxershortsane hans;)

God Pippi-søndag til alle:)

Gå inn på den fantastiske fotografen H.Strøm sin blogg her
og få deg ein god latter!
Ho er like mykje Pippi som meg;)

lørdag 23. januar 2010

Bloggekroken i gangen

I gangen har eg laga plass til å setje pc`ar som ikkje er i bruk.


Det blir lett rotete når alle 4 skal ha pc på stovebordet eller i sofaen.
Ungane får ikkje bruke so mykje tid på pc kvar dag,
då er det greit å ha ein plass å setje den når den er avskrudd.
Eg hadde store planar om at dette skulle vere blogge-kroken min...
men, eg er for selskapssjuk.
Det er mykje kjekkare å sitje saman med dei andre,
inne i stova:)


Ramma har eg fiksa sjølv.
Eg kjøpte nokre rammer i sennpesgult og lys vårgrøn filt på Ikea.
Skikkeleg lekkert ja!
Eg hadde sjølvsagt ein plan og pensla på gips og vips! so hadde eg heilt nye rammer.
Denne har fått hønsenetting og litt pynt, med hjelp av Princess.
Dei tre andre rammene heng på stova med art noveau-bilete inni.


Bad-døra og soveroms-døra ligg rett ved sidan av kvarandre.
Eg har funne ut at det er praktisk å merke dei.
Og det er ikkje for at vi er so gløymske eller forvirra at vi ikkje veit forskjellen,
men ungane har venar på besøk som ventar i det lengste
med toalettbesøket og då er det greit å vite kor ein skal:)



I går kom endeleg Pippi Power-boka!
Eg har venta i minst eit halvt år på at den skal kome til Noreg!
Herleg bok som skal hjelpe meg til å bli enno meir Pippi enn eg er!!
Vart du ikkje glad no, kjæresten? ;)
Som du kan sjå av bokomslaget so er det faktisk lov å hoppe i både stolar og sofa.

No skal kjæresten vaske hus
og eg skal finne ulike strømper, hoppe i senga
og etterpå skal eg leite etter kofferten på loftet
som eg kan ha gullpengane mine i!


*

Psst, i dag får eg eit nyinnkjøpt møbel i hus,
jepp,
eg har vore på finn igjen...
Guuri, som eg gler meg!


fredag 22. januar 2010

Det var ein gong ein gang.

Det er aldri for seint, er det noko som heiter.
Det er ikkje favorittordtaket mitt, for å sei det sånn.
Eg ser helst at ting blir gjort leenge før det nærmar seg aldri...


I fjor sommar kjøpte kjæresten ein gjeng med hyller på Indiska.
Dei skulle skifte innreiing og solgte ut milevis med hyller.
Vi kjøpte nokre av dei.
Hylla er kutta, måla og fått knaggar.
Sidene er profilerte og det blei rett so fint,
og gjenbruk som passar meg heilt perfekt!



Eg pussa opp gangen heilt åleine i fjor,
medan kjæresten var på austlandet.
(gamalt bilete, i mellomtida har golvlistene kome på plass)


Slik såg gangen vår ut før...


Rammene har kome på veggen
og då tek det vel eit par månader før eg får bestemt meg
for kva eg skal ha inni
(loppisfunn, spraya med kvitt).
Det er ikkje berre-berre.


Solbrillene står framme heile året,
mest for å minne meg om at det er sola som skin
i den berømmelege tunnellen.


torsdag 21. januar 2010

Jesus på flyttefot

Ting flyttar seg.
Heile tida.
Jesus er òg på flyttefot, i dag bur han i tv-kroken,
saman med skrivemaskina til Bestefar.


Fotolyset er ikkje det beste i dag, ser eg...


Dette pleddet har eg fått av Besta. Historia bak det er fin.
Ho fekk polio då ho var 19 år og blei lam i ein fot.
Ho hamna etterkvart i Danmark for behandling
og budde der fleire månader,
langt vekk frå borna sine.
På vevstova trengde dei hjelp til å fikse veven,
der vart knutar og uønska krusedullar i det fine arbeidet.
Besta trådde til.
Ho er ein racer på tolmodsarbeid og vikla opp og tredde på nytt,
slik at arbeidet atter ein gong kunne seljast i perfekt stand.
Som "løn" for dette arbeidet fekk ho med seg eit ullteppe heim att,
noko av det har ho vevd sjølv (kanskje til og med heile)
og noko kan det vere andre som har bidratt med.

Dette teppet har eg fått.
Det er av finaste tynne ullkvalitet.
Eg har lyst å lage noko av det, men veit ikkje kva.
Inntil vidare ligg det over ryggen på nysofaen og berre tek seg ut.



Eit lite hjartesukk;
Dei fire siste innlegga mine har ikkje kome opp på bloggrollen
før det har gått eit halvt døger.
Det er faktisk ganske irriterande!
Eg veit jo sjølv korleis det ser ut både på soverommet og elles i huset,
det er ikkje for min eigen del eg tek bilete og bloggar.
Eg gjer jo det for å vise fram kva eg lagar og korleis eg har det,
for å få tilbakemeldingar og for å kommunisere med andre der ute...
Argh!
Noko av gleda blir borte når eg ser at innlegga mine "kjem vekk".

Det er ikkje sunt å vere sint,
men eg har kjent på følelsen nokre dagar no:)

onsdag 20. januar 2010

Sweet Dreams

Soverommet har fått den etterlengta sengehimmelen.
Eg har brukt to år på overbevise kjæresten
om at han vil kle ein kvit blondesak over hovudet når han søv,
for ikkje å snakke om meg!
Eg er jo ein engel.


Himmelen er laga av eit par gamle Ikea-gardiner
der eg har sydd inn eit lin-stoff og nokre meter mellomverk.
Knytebanda er laga av ei avdanka sengekappe.


Englehylla er eit bruktbutikk-funn som eg har spraya kvit.
Sengehimmel-buen er det mellomste-søs som har valsa til meg.
Ho er skikkeleg flink til slike "gutte-greier".


Puffane har fått nytt trekk.
Eg har fått nokre gamle putevar med mamma
og brukt to av dei på puffane.
Broderiet er so vakkert!


Sengeteppet er heimehekla og bilete har eg fått av kjæresten.
Det skal få henge over sofaen på stova etterkvart,
må berre finne rette ramma først.


Den nye krokrekka er på plass,
her heng sommardressen min og ventar på varmare vèr.


Korset har eg fått av svigerinna mi.



Til slutt smykkeskrinet som eg laga i haust.
Fire gamle treesker måla kvite og satt saman til eit slags smykkeskrin.
Oversiktleg og greit:)

Princess blei litt bekymra i går då ho fekk sjå sengehimmelen.
"Men mamma, kva skjer når Trond sovnar?
Han kjem til å snurre seg fast i gardina
og so våknar han i morgon som ei surra svinesteik"

Eg ser det for meg...
Men, eg kan berolige alle med at han greide seg fint,
heile natta gjennom!

*

No har eg ein date med målarkosten og eit målingsspann:)


tirsdag 19. januar 2010

I morgon, i morgon, ikkje i dag...

Soverommet skal forandrast litt.
Det er ikkje snakk om extreme make-over, men litt småtteri.


I dag har eg vore i garasjen og spraya sengehimmelbuen,
som mellomste-søs har laga til meg.
Det var i grenseland kaldt, men gjekk fint.
Sengehimmelen er ferdigsydd og opphengt.



Slik ser den ut, på puffen, rett før oppheng.

I morgon skal vi gjer frå oss og då blir det bilete.
Kan nesten ikkje vente!

søndag 17. januar 2010

Under-cut

Eit lite klikk på bilete og under-cut`en viser seg:)

2009

Her er mamma og eg i Parga,
vi brukar å reise på tur saman annakvart år,
det er ein vidunderleg flott tradisjon.
Vi knise-fniser, solar oss og nyt rolege dagar.

Det er fint med vinter (iallefall når ein er innadørs)
men... ååå, som eg saknar sommar!

lørdag 16. januar 2010

Med stumpen i sofaen og hovudet på høggir.

Eg tenkjer ekstra mykje interiør for tida...
er det mogleg?
Jepp.
Om ikkje so lenge får eg besøk av ein person som skal ta bilete av heimen vår,
dette fører sjølvsagt til at hovudet jobbar på spreng
og eg er ekstra merksam på det som ikkje er i orden.
Det er ei fin anledning til å fikse småtteri som har venta i ei evigheit.


I mi runde i huset fann eg denne kofferten,
den har eg fått av Mari.
Besteforeldra hennar har brukt den til medisinar,
eg skal bruke den til å legge kameraet vårt i.
Den skal få stå framme på skåpet, ved sidan av nysofaen.
Å, som eg har venta på å finne ein passande plass til denne!

Den luktar akkurat slik som det lukta i skåpet hjå Besta og Bestefar.
Salver og plaster og sånne greier,
eg får små sommarfuglar i magen ved lukta:)


Eg har planer om ommøblering i fugleburet òg.
I går låg kolibrien på golvet og buret var tomt ellers,
då ungane kom heim frå bading sa kompisen til Junior:
"kvifor ligg det ein daud fugl i fugleburet?"

Eg måtte flire og berolige han med at i dette buret bur det berre falske fuglar og blomar:)


Eg har vore so heldig og fått award igjen.
Denne kjem frå Klabb og Datt.
Reglane som heng ved denne awarden har eg faktisk tenkt å oversjå...
so ukul er eg;)
Men 7 "interessante" fakta om meg kan eg vel klare å skrive:

1. Eg har langt hår og barbert undercut.
2. Eg er ekstremt systematisk.
3. Eg søv lett og vaknar opptil 10 gongar i løpet av natta.
4. Eg står i sofaen i sprintoppgjer i langrenn
... på tv`n also, ikkje når eg går sjølv;)
5. Eg går ikkje på ski anna enn når eg blir lokka med 2 kg sjokolade.
6. Eg elskar IQ-testar.
7. Eg kan ete alt eg vil utan å legge på meg.


Ha ein finfin dag med mykje bra sport på TV!

Oppdatering:
Undercut betyr ikkje underdott eller noko i den dur.
(slik som kjæresten trudde, tøysekoppen)
Det er mykje mindre spanande enn som so;
eg har barbert vekk underhåret, på hovudet,
og når eg har hestehale so viser det ei glattbarbert stripe
på ca 3 cm frå over øyrene og bakover.

fredag 15. januar 2010

Ein liten bit av kjøkkenet vårt

Det er stille i huset, alle er ute og eg har tid for meg sjølv.
Det er godt.
Eg kan tusle litt rundt og flytte på ting, tenne lys og berre kose meg.
Eg likar å ha det heilt stilt, då høyrer eg tankane mine mykje betre;)


Kråskåpet har eg måla og satt inn hønsenetting i døra.
Liftgardina har eg sydd.
Bord og stolar har eg samla inn litt her og der og måla.
Det einaste som gjenstår er å få gjort noko med veggane.
Lotto-gevinst blir motteke med glede!


Taklampa er ei messinglysestakelampe som eg har sinkspraya
og hengt på lysmansjettar som "funklar" i sollyset.


Ved dette kjøkkenbordet et ungane frukost, gjer lekser
og andre kreative aktivitetar.
Bordet er rundt og har ileggsplater.
Dei brukar vi berre når vi har selskap.


Eg likar å ha duk på bordet, det er ikkje særleg praktisk.
Ungane rotar og eg må vaske.
Men koseleg er det.. med duk.
Akkurat denne duken, som du ikkje kan sjå på biletet,
kjøpte eg i Parga hjå ein gamal mann som prøvde å lure meg med at den var handvevd..
Hah! Lurer ikkje ei sydame;)
Men den er nydeleg likevel
og ein annan dag skal eg vise den fram på skikkeleg vis.


I dag skal eg
sy ferdig sengehimmelen
og krysse fingrar
for at det kjem mildvèr slik at eg får spraya sjølve buen.
Dette skal eg sjølvsagt ikkje gjer samtidig.
Men eg MÅ ha ferdig sengehimmelen til søndag!