... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 18. juni 2009

Vi raserer hagen...

Neste vår skal vi utvide terrassen til det dobbelte,
då har eg funne ut at det kan vere lurt å flytte plantane,
eg har lyst å bevare,
no medan eg ser kor dei er.


Eg burde ha tatt eit førbilde av inngongspartiet vårt,
her var det bøttevis med ugras, barnåler og gamle krypplanter som vi ikkje ynskja å ha der.

Det var berre å setje i gong og "røske laus".



Kjæresten har fått seg ein plass i sola,
til å drikke morgonkaffen.



Det blei so koseleg atte!





Vi er so heldige å ha vår eigen skog på tomta.
Ungane skal få seg ein egen plass der oppe,
og då må mamma lage steinsti og rydde.
Eg har planer om å lage til teltplass og få hengt opp ei hengekøye.



"tass-tass-tass"


Veit ikkje kva eg skal gjere med desse,
dei er ganske søte,
men det ser litt ruskete ut og so sprer dei seg som ugras...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarar blir verdsatt:)