... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Gamle møblar blir nye. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gamle møblar blir nye. Vis alle innlegg

mandag 8. februar 2010

Det var ein gong...

... ein mann, som lenge hadde vore forelska i ei vakker dame,
ein dag tok han endeleg mot til seg og fridde.
Han var ein kjekk kar og fekk "ja".

Dette var under 2. verdskrig,
dei trengde begge noko å sjå fram til.
Noko fint.


Bryllaupet sto ein vakker sommardag
og bruda hadde fått sydd kjole av den lekraste fallskjermsilke.
Ho kunne ikkje skjøne kor heldig ho hadde vore.
Kjekk mann, flott hus og gode framtidsutsikter.


(lintøyskåpet før)

Møblane i dette flotte huset blei bestilt av den lokale snekkaren.

Her blei ungane født, dei vaks opp og flytta etterkvart ut.
Ekteparet blei gamle saman,
lukkelege over det innhaldsrike og gode livet dei hadde levd.


Den dagen dette huset blei tømd for desse vakre møblane
var eg so heldig å vere nabo,
ein observant ein sådan.

Eg har fortald historia ein gong før..
Huset blei tømd,
det eine lekre møbelet etter det andre gjekk i ein container.
Eg torde ikkje gå å spørre sjølv,
so eg måtte ringe mellomste-søs.
Ho kom sporenstreks og vi gjekk bort saman.
Eg litt bak... sjenert:)

Borna hadde ikkje plass til alle møblane og ville kaste dei.
Eg ville adoptere (møblane also)
Slik blei det.



Slik såg dei ut før.
Brune, flotte handlaga møblar.
Eg har pussa og måla.



Senga, nattborda og puffane står på soverommet.
Lintøyskåpet står på stova og inneheld dukar og lysestakar.
Speilkommoden har ikkje speil lenger og den blir brukt til tvbord.



No er det eg som har møblane i hus,
det er eg som har resten av livet framføre meg.
Livet med blanke ark og fryktelege mange fargestiftar til.

Eg har dikta fritt om ekteparet frå krigen.
Det einaste som eg veit er sant er at møblane er laga
her i Brattvåg og at huset dei budde i er flott.

*

I går laga eg yoghurt.
Oppskrifta er enkel og eg vil dele den:

Kok sakte opp 1 liter heilmjølk.
Sett kasserollen til side og avkjøl.
Rør inn 0,5 dl yoghurt naturell.
Hell over i ein boks og ha plast over.
Pakk inn i eit handklede og sett lunt.
(feks på badet)
La stå i 12 timar.
Sett i kjøleskåpet i minst 4 timar før bruk.

Når det byrjar å bli lite igjen,
Gjenta prosessen og bruk då gjerne av den heimelaga yoghurten.

Eg tilset kirsebærsyltetøy
eller
anna godt syltetøy/kompott.



onsdag 23. september 2009

Spisebord i ny drakt, og eit par jorbær på lur.

Princess har vore kreativ på eiga hand,
etter å ha bladd i Tilda-boka mi:



Heilt utan hjelp har ho klipt, lest oppskrift og sydd saman.
Luktar godt gjer dei òg, dynka i peppermynteolje...
Kjempeflinke jenta mi:)



Spisebordet er ferdig måla, trur eg...


Her er det i all sin prakt.
Listene det står på skal sjølvsagt bort,
eg er berre redd for at det ikkje skal ha tørka seg heilt ferdig.
Litt sjablongmåling blir det muligens... sånn etterkvart.


Slik såg bordet ut,
den forrige eigaren har stroke klede på bordplata
og det har vore eit voldsomt arbeid å få fiksa på det.
Eg vurderte å behalde det mørkaste brune nederst,
men etter å ha prøvd meg fram so ombestemte eg meg.
Det er eg glad for.


Vi er ekspertar på å kose oss,
i kveld har Princess baka bollar, so no ser vi på tv,
et bollar og drikk solbærtoddy.
Digg!

tirsdag 22. september 2009

Lintøyskåpet er ferdig!

Eg blir like glad kvar gong eg blir ferdig og nøgd med eit prosjekt.


Det har vore mykje spekulering på om eg skulle måle dette skåpet,
eg syntes det var fint slik det var, men det stal mykje lys.
Eg lurer litt på om eg skal fikse ein tekst på dørene...
må berre finne den rette!
(rette teksten also)



Slik såg skåpet ut før eg starta.
Det er handlaga her i bygda
og eg fekk redda det før det vart dumpa i ein container for eit par år sidan.


Ramma er kjøpt på Parga i sommar.



Humøret steig eit par hakk no:)
I tillegg til å bli ferdig med skåpet har eg klipt ulljakka mi i dag,
(skal sy den saman i morgon) og so har eg fått rydda vekk noko av målekaoset...
Stova har ikkje vore fotograferbar, for å sei det mildt:)

torsdag 10. september 2009

Smugtitt...

Ein liten smugtitt på stua mi.


Eg har starta omflytting av det nesten-ferdig-måla nattbordet.
Det er godt mogleg det havnar her, ved sidan av den raude sofaen.


Skrivemaskina har vore Bestefar si, den er litt småskakk og har småskadar i lakken,
men den er noko av det kjæraste eg eig.


I hjørnet heng fugleburet mitt, med kolibriar og kirsebærblomar, enn so lenge.
Det skal få stå oppå lintøyskåpet når det er ferdigmåla.


Nattbordet manglar nokre pynteklossar, det er tross alt ikkje heilt ferdigmåla.
Knottane skal òg få seg ei overhaling.
Muligens skal døra få bilete av ein vakker engel.

Men er ein utålmodig, so er ein.

søndag 6. september 2009

Neste vekes prosjekt!

Eg har hatt ei fantastisk koseleg helg saman med kjæresten.
Vi har vore sosiale
(tusen takk til denne dama, med kone, for ein super laurdagskveld)
og vore litt for oss sjølve.

Eg har samla energi og er klar for ei ny veke og nye prosjekt!



Denne flotte kommoden har stått heile sommaren og tørka seg
( og den har ikkje stått ute, for då hadde den aldri blitt tørr!!)
og er klar for måling og kanskje nye knottar.


Ei gamal skuff eg fann på den store låvejakta,
kjæresten har brukt den til verktøy tidlegare,
men eg har ein god plan... som ikkje handlar om verktøy...


Lintøyskåpet som naboane skulle kaste, saman med ei seng, natttbord og puffar,
men som mellomste og eg fekk redda før containaren reiste.
Målingspannet ventar...

I tillegg til dette so har eg planar om å sy meg ei ulljakke.
Såh!
Det er godt eg har skrapa saman energi i helga:)

onsdag 26. august 2009

Vitrineskåp og middagstips til travle damer.

For ei tid tilbake kjøpte eg eit trekvitt vitrineskåp på finn.no.
Stova mi hadde lenge ynskja seg oppbevaringsplass til glass og dukar.
Det måtte målast,
men pytt...


Ei ramme eg kjøpte i Parga og nokre av garnkulene eg har samla.
Dei skulle eigentleg henge i vindauget, men kom aldri so langt:)


Slik vart skåpet etter måling og nokre nye knottar. Heilt greit og nøytralt, slik som eit oppbevaringsmøbel av den sorten skal vere.


Under arbeid... fy flaten so kjedeleg det er å måle sprosser.
Eg lovar meg sjølv, kvaaar gong eg kjøper eit oppussingsobjekt,
at no blir det lenge til neste gong... men... blir det det?
Næh!


Junior har ein liten kunstnar i magen, dette bilete måla han då han var 8.
Det er synd vi bur på ein liten plass der det ikkje er so stort tilbod for "sånne som han".
Det krev mykje av meg, men det er ikkje lenge før han når meg att på teknikk og kreativitet, kva gjer eg då? Hm...


Ein sjokoladesmeltar er fin å ha, når ein får lyst på....
ehm.... smelta sjokolade... *knis*
Har aldri brukt den, men har store planer om å dyppe fruktbitar i sjokolade,
ganske snart.


Pastagryte

Middagstips til alle bloggedamer med tidsnød (eg brukar ca 15-20 min på denne)
Pastagryte som kan varierast i det uendelege. Sånn lagar eg den:



4 porsjonar

400 gr pasta (skruar/skjell eller bånd)

1 Fersk broccoli evt litt blomkål

1/2 pk frosne spinatputer, eller finhakket fersk spinat

1 beger lettrømme

1 boks skinke (eg brukar kalkunskinke)

litt revet ost

salt og peppar

Kok pasta og sett til side.
Del broccoli i mellomstore bukettar, la det surre ei stund i steikepanna.
Ha i spinatputene, rømme og oppdelt skinke.
Tilsett revet kvitost og pasta.
Smak til med salt og peppar.

Det er veldig godt med finhakka løk og purre i òg , det må då oppi ilag med broccolien.

Enkelt og lettvint og veeldig godt!




fredag 10. juli 2009

Oppussing av gangen

Eg har fiksa litt i gangen vår,
det var jammen på tide!


Eg er usikker på om det elefanthovudet skal få henge.
Det passar fint i fargen, men burde nok hatt selskap av eitt eller anna.
Krakken har eg fått av ein god venninne.
Den er kjempefin, med utskjært hjerte.




Slik såg kommoden ut før eg måla den. Eg fekk den med mamma då eg flytta ut for 22 år sidan, den var mørkebrun og ikkje so veldig fin. Eg måla den 80-tals-bondeblå, limte på krusedullar og skrudde på messinghandtak. Den gongen var det fint.
Men ikkje no lenger.
(Til venstre kan ein skimte ullsokkekorga før den blei spraya.)


Ei imidlertidig lampe, det nyspraya smykketreet og solbrilleboksen mi.


Korga, som er nyspraya, er å ha ullsokkar i,
det er ikkje det store behovet for denslags no på sommaren,
men det blir fint til hausten.


Dette gamle vindauget har eg fått med kjæresten,
han har mange fleire og eg har småplanar om å få nokre fleire hit.

onsdag 8. juli 2009

I påvente av oppheng


Eg vil ha sånn oppheng til tv`en min, slik at kommoden ikkje knirkar... det blei litt tungt.
Bileta lyg faktisk ganske mykje, det blei myykje finare i verkelegheita!
*nøgd*


Ha ein fin kveld!

Æ`rre muli`?? -liksom-

Eg blir so fortvila over meg sjølv.
(oppgitt, heiter det kanskje...)


Her pussar eg opp det eine møbelet etter det andre, knipsar bilete og legg det ut i bloggen.
Skulle tru eg byrja å få litt erfaring på området...men neeeida!
Kvar er FØR-bilete av den vakre speilkommoden da?
Borte!



Eg hadde ikkje lyst å skifte knotttane på denne kommoden, den er handlaga her i bygda og eg vrei hjernen min et par-tre gongar før eg kom på at eg kunne eksperimentere med decoupage. Serviettar blei innkjøpt og limet funne fram.
Vips!



Slik såg den ut før eg gjekk berserk med servietten og limkosten. Eg har fjerna speilet som skal vere på baksida, eit sånt stort ovalt eitt. Eg skal nemleg bruke kommoden som tv-bord, trur eg.
-klarte ikkje vente med å legge ut bilete til eg hadde fått satt det på plass-



Slik såg den ut (iallefall den eine skuffa) før make-over.


Dette er nattborda i samme serien.
Eg fekk heile serien, inklusiv seng, lintøyskap og puffar,
med ein nabo som skulle kaste alt på dynga!!

I dag har vi finevèr, so flytting av tv-bord blir ikkje gjort før til kvelden.

søndag 21. juni 2009

Containerfunn,
funn frå god ven og
hekla sjal.



Denne kommoden har eg skreve om før, den fann eg i ein container, naboen skulle kaste den, no står den inne og tørkar seg og gjer seg klar for sommarpussen.
Gyngestolen kjem frå austlandet,
den låg i ein container og venta på meg.
Eg hadde venta på den òg, må eg innrømme.
I eit par år har eg hatt lyst på akkurat en sånn en.
Og der sto han!
Kjæresten var ein engel og henta den og bar den inn i bilen.
Til hausten skal den få kvit pute med gardin.

Øverst i hjørnet kan du skimte eit nydeleg fat som
EVE LIS EIKREM
har laga
(ein dyktig keramikar)


Denne tina kjem frå ein avdøydd kunstnar i Ålesund,
Ein god ven av meg fekk tak på den og ga den til meg...
Eg er vel heldig!!
eg har måla den og den har fått stasplass her heime.
Lysestaken skal få seg eit lys og noko pynt, den er nyspraylakkert.


Ein kopp te, ei god bok og stillheit...
Lukke!
...og berre den veggen blir fiksa,
so blir lukka komplett.



Dette lekre sjalet er det oldemor mi som har hekla til meg.
Eg fekk det til konfirmasjonen min, eller kanskje året før.
Ho lever i beste velgåande og blir 105 år om nokre dagar.

Når eg tenkjer på ho so kjenner eg lukta av
nysteikte lefser,
høy på låven
og
kjærleik,
i masser.

fredag 19. juni 2009

Sommarens store prosjekt.




I ein container låg det ein kommode og berre skreik etter å bli redda av meg,
den er ikkje heilt frisk, veldig våt og treng ein kraftig make-over.
Eg blei forelska!





I dag har eg skrapa heilt ned til treverket, og no skal den få stå og tørke ei stund,
før eg soppbehandlar den, grunnar og målar nokre strøk.
Eg trur nok ikkje før- og etter-bilda blir presentert før til hausten.
Eit vakkert møbel er det og eg gler meg til å setje tekoppen på det til neste sommar.