... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Ellemeller-tunika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ellemeller-tunika. Vis alle innlegg

lørdag 27. mars 2010

Skapartrong!


Det å lure på kvifor huset ikkje er vaska denne veka
er bortkasta energi.
Dette innlegget og eit par-tre nedover
viser kva eg har brukt tida på...


ElleMeller-tunika i svart og rosa til Princess,
måtte bli ferdig før ho reiste på påsketur.


Rosa og grå ElleMeller-tunika til ein nabo.


Svart og grå ElleMeller-jakke til ein annan nabo.


Svart og grå ElleMeller-tunika.


Og so har eg prøvd meg på å lage ringar.
Veldig artig
og eg har tusenmillionar planar
om andre i same stilen...

Vaske hus kan eg gjere ein annan dag!
Det er viktig å bruke tida på å skape,
når ein har lyst til å skape...

Det har vore ein kjekk dag i dag,
vi har vore sosiale og kjæresten har lagt ut songen,
han har skrive til meg, på ymse nettstader.
Urørt, MySpace og sånn...

Eg er litt stolt also!

tirsdag 23. mars 2010

Kos i kosedress

ElleMeller har drive med ting ho kan, men aldri har gjort før.


Princess har ei stund ynskja seg kosedress,
eg har grua meg litt til å starte på det.
Det er ikkje det at eg har tvila på eg klarer det,
men perfeksjonisten klarer ikkje å berre teikne
eit mønster utan at det er "rett, etter boka"


Eg fann fram grunnmønstera mine
og fekk snekra det saman til noko
som forhåpentlegvis skulle bli noko som likna det ho hadde lyst på.

Eg hadde for lite stoff
(det krympa voldsomt mykje i vask)
og måtte klippe i ein gamal fleecegenser for å få hette på.

Rååsa, sølvsagt.
3 timar seinare kunne ho stolt
dra på seg det nye favorittplagget.

-og Junior ynskjer seg ein slik i blått.
Ein Sitte-I-Kjellerstova-Og-Spele-XBOX-Dress.


Ny fleecekjole, den blei for stor for meg
og eg lurer litt på om nokon har lyst å kjøpe den?
Brun og rosa, str 38/40.
1200,- inkl frakt.


Eg har fleire prosjekt på gong på syrommet i dag,
tenkte å få unna litt før påske.

Hepp-hepp!
Vi sjåast i morgon,
då har eg eit stovebordproblem eg vil lufte.



lørdag 20. februar 2010

Kreativ laurdag

Ellemeller-tunikaen har sett dagens lys.
Første eksemplar er rosa og grå og sydd av stoffrestar.


For å gjere antrekket komplett sydde eg pulsvantar til.
Pulsvantar var kjekt å sy,
det endte opp med 4 ferdigklipte og 4 ferdigsydde i lekre fargar.


No har vi vinterferie og eg har lova Princess at ho skal få sy seg ein slik kjole ho òg.
Det bli kjekt det!


Lang lang hette med knute nedst.


Princess og eg har vore på Husfliden i dag
og laga makramè-armband.
*Kremt*... ho knytte mystiske knutar og eg strikka...

Princess lærde seg ein ny teknikk og eg er so stolt!
Flinke jenta!


Dette svarte og raude armbandet laga ho til meg.
Det passar meg heilt perfekt!


Dette rosa, koks og svarte armbandet er noko av det lekraste eg har sett!
Eg har prøvd å fortelje ho at det hadde passa perfekt
til den nye tunikaen min...
-men eg trur ho har vorte døv på det øyret;)


Princess laga to til seg sjølv i ettermiddag,
og eg er litt misunneleg!

Er ho ikkje flink vel?
Neste laurdag skal vi òg ut til Husfliden,
same opplegg.
Har du lyst, og bur i nærleiken, er det berre å møte opp.


Dette armbandet laga ho før ho fekk kursing i den nye teknikken,
fint det òg:)
Princess bestemte seg i dag for at ho vil melde seg inn i Husflidslaget,
og det er klart vi skal ordne det.
Det blir kjekt å ta ho med seg inn i noko som interesserer meg so mykje.