... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Saum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Saum. Vis alle innlegg

fredag 6. mai 2011

Siste krampetrekning


-Siste dagen før marknaden,
einaste arbeidet som står att er å skrive prislappar og planlegge standen.



Det var ynskje om eit lilla armband.


Då sydde eg likesogodt to.



Papirposane mine.
Då er det berre å håpe at eg får bruk for dei:)


...Plutseleg tilbake etter marknaden.

torsdag 5. mai 2011

On the top of the world

Armbandet "tryggleik" blei til i går kveld,
etter at eg hadde bestemt meg for at produksjonen var ferdig.
Stoffet berre låg der
og skreik om å få bli omgjort til noko anna enn lagervare.



Råsilke, steinar, eit anheng i glas (kjøpt i Hellas)
og nokre glitreperler.


På baksida har eg brodert "tryggleik"



Dette gullbrune likar eg òg veldig godt.
I min iver har eg fotografert det opp-ned, ser eg:)

Det heiter "grip dagen"

Det er berre to dagar til marknaden og eg er sånn ca i rute.
Hipp-hipp!

tirsdag 3. mai 2011

Nøgd med dagens innsats!

I dag har eg site i sola og sydd perler og knappar i maange timar.
Armbandproduksjonen er ferdig for denne gong,
men eg har eit par-tre idèar til på lur.




På baksida av alle armbanda har eg brodert positive ord,
som HÅP, GLEDE, KJÆRLEIK etc.



Kremkvit råsilke, lysbrun silke,
glasperler og litt paljettar.




Turkis råsilke, knappar og perler...
og eit positivt ord på kjøpet.




Dette har vore artig å halde på med,
eg har kosa meg og håpar at marknadsfolket vil like dei.

I kjellaren står kjæresten og måler soverommet..
eg trudde eg skulle vere lur og velje ein HEILT anna farge
denne gongen. Ikkje kvitt eller vanilje.
Det vart ein annan farge, so lur var eg,
men...
lilla... eh Lilla?!?!
Det var ikkje so lurt.

Etter at rommet er ferdigmåla kom eg på at
alle sengesetta mine er raude og kvite.

Det blir vel lekkert.
Raudt og lilla...

Gisp!




mandag 2. mai 2011

armband


Det kokar nesten over...
oppe i hovudet mitt.


Eg har sydd lavendelhjarte og -posar
og har no starta på armbanda som eg har hatt lyst til å sy.



Fargane, materiala, perlene vil variere og alle blir ulike.
Idèane er so mange at eg ikkje trur eg rekk å sy opp alle.



Men det kjem dagar etter marknaden òg.

Kanskje gjer eg alvor av å lage meg ein Epla-butikk.
Det har eg snakka om i eit år, sånn ca.

Då er det vel på tide;)



søndag 1. mai 2011

marknads-saum

Eg nyt sola og syr lavendelhjarte til neste helg.
Det er gjenbruk over heile linja (nesten), gamle hekle/strikkebrikker,
perler frå gamle og nye smykker og lin (litt nytt og litt gamalt).



Det er rett og slett ein fryd
å kunne bruke ein finevèrsdag til slike syslar.


Hjarte i lange baner.





Eg har litt arbeid att,
det er ein del hjarte som skal fyllast med vatt og lavendel.
Det er godt at søndagen enno er ung:)

***

I går var vi på kor-konsert med Åge Sten Nilsen som gjesteartist.
Det var ei ny oppleving.
Åge er ein fantastisk artist...
fann eg ut.

Vel anvendt tid!


mandag 18. april 2011

Perler for svin


Eg har fått spørsmål om å vere med som utstillar
på marknadsdagen 7. Mai.
(Heretter kan du berre kalle meg
Marknadskjerringa:) )

Bygda vår er 100 år i år
og vi skal feire heile året til ende,
vi har til og med fått vår eigen konjakk!



Eg har vridd hovudet i nokre veker
og hatt problem med å velje kva eg skal lage og stille ut.



Det er so mykje eg ynskjer å lage!
Hovudet er fullt av idèar og planar
... som vanleg...
og eg lir litt av beslutningsvegring:)


(Armband laga av
fløyel, tyll, blondar, perler, knappar som besteforeldra mine har brukt.)


Det blir kjekt (og litt skummelt) å vere med,
vi satsar på finevèr!




mandag 21. februar 2011

Kjærleik og anna leik


Puslespelbrikker fell på plass,
kvardagen vår blir lettare,
sjølv om det skjer mykje
rundt oss.




Det er mykje kjærleik i lufta, på mange måtar.
Mest nestekjærleik, i grunn.
Men det skal ein ikkje kimse av:)


Forrige veke, sånn ca, sidan kom det ein stor, liten gut til meg og sa:
"Det er Valentines Day i morgon,
det betyr vel at eg må ha med meg noko til kjærasten min?"

Eg heiv meg rundt og sydde eit rosa hjarte.
Fylt med lavendel.
Sydd av ein rest frå svenneprøva mi,
eit brudekjoleprosjekt,
ein ny blonde frå USA
og ein gamal blonde frå lageret mitt.

Det er kjekt å gi vekk noko som betyr noko for meg,
utan at mottakar veit om det:)

Dagane våre er fine
OG
eg er i ferd med å legge på meg!
Hipp hurra!!

onsdag 17. november 2010

Vil du helse på Tulda, Hulda og Gulda?



I går kveld var eg på juleverkstad saman med fleire andre kreative damer.


Eg hadde ikkje aning på kva eg skulle lage og bladde febrilsk i bøkene mine,
eit par timar før vi skulle møtast.
Sjølv om eg er litt allergisk mot Tilda,
so har eg 4 bøker
og der fann eg desse søte kremmarhusenglane.


Dette er Tulda,
ho er litt jålete og likar blondar og stæsj.
Ho kranglar stadig vekk med Hulda
om det er blondar eller lin som er finast.




So har vi Hulda,
ho er husflidsberte
og trivest best i ruter og striper...
aller helst i lilla,
men raudt vart godkjent,
sidan det snart er jul.


Til slutt kjem Gulda.
Ho er den nøkterne, nøytrale og empatiske.
Kvar gong Tulda og Hulda kranglar klarar ho å mekle
og roe gemyttane.
Dette er grunnen til at ho heng i midten.


Ikkje for at dei skal hengast opp enno...
Det er tross alt lenge til jul!


Kanskje skal dei henge på kjøkkenet... kanskje ikkje.
Vi får sjå.
Kjekt arbeid var det iallefall.

Imellom engleadopsjon strikkar eg vottar,
det er ikkje so enkelt som eg trudde.
Men eg gir meg ikkje!


fredag 29. oktober 2010

Eg likar deg-kjolen


Eg likar deg
Du likar meg
Skal vi vere vener ?



Kjolen, som eg har hatt lyst å sy i mange år, er endeleg ferdig.
På framdelen har eg sydd på to lappar der det står:

Eg likar deg
Du likar meg


Du likar meg

Blondeunderskjørtet er eit
Bik Bok-skjørt eg aldri har brukt.

Eg blir veldig inspirert av Lille Gitte og Barbro
og har lært å tenke nytt...
(gler meg til utstillinga til Lille Gitte i morgon!)



På baksida står det:

Skal vi vere vener...
med digert spørsmålsteikn.


Ullappane er fastsydd med ujamne saumar og maljer.
Det grå stoffet under er frå
ein duk eg fekk etter eit bryllaup for nokre år sidan.




Eg og du

No er eg klar til å reise til Island
saman med vener og kjæresten.

-Plutseleg tilbake om eit par veker.


torsdag 28. oktober 2010

Islenderkjole under arbeid

Hektisk veke.
Eg reiser til Oslo i morgon, Island på måndag
og har hatt hovudet fullt av planlegging.
Ungane skal bu i kvar sin heim
og eg har skrive utførleg bruksanvisning på begge to.

Det er ikkje berre-berre å halde styr på aktivitetar på to stk.


Eg er nesten ferdig med Islenderkjolen.
Redesign på høgt plan.

Ein diiiger islender frå 80-talet, eit skjørt frå Bik Bok som er for stort,
dekorasjonsstoff frå eit bryllup og restane etter ei ullkåpe.
Kanskje òg eit par pulsvantar som avslutning på ermane,
vi får sjå i løpet av dagen.


Det har vore ein lang prosess, med mykje planlegging.
Det er godt å snart vere i havn.


Kanskje rekk eg å legge ut bilete av kjolen,
på levande modell i morgon,
før eg reiser.


tirsdag 28. september 2010

Prosjekt Island

Om ein månad skal eg på tur til Island,
saman med kjæresten og eit venepar.
Eg gler meg heilt ubeskriveleg!


I denne anledning må eg sy meg ny kjole...
Kva passar vel betre enn å sy om ein islender?



Kanskje med restane av eit blondeskjørt?

Eg gler meg til å setje i gong:)

lørdag 25. september 2010

Lean on me



Det har blitt mykje handarbeid hjå meg i det siste.
Det er haust og handarbeidstid.
Siste to dagane har eg snudd opp-ned på syrommet
(inspirert av Datt)
og det har vore lettare kaotisk i heimen.
Men det blir bra....
til slutt:)



Seint ei natt kom det ei melding frå ei venninne tikkande inn;
"Hei:) Du får en sang fra meg: "lean on me". Og jeg mener det"

Det berører meg.
Det å bety noko for nokon,
det at nokon vil bety noko for meg.




Det er ein nydeleg song, med eit nydeleg bodskap.
Har ein det tøft, skal ein støtte seg på dei næraste.
Vi skal ikkje vere redde for å vere til byrde.

To stoffposar med glidelås

Har du nokon du bryr deg om?

Send ein sms, eller ta opp telefonen og ring.
Gi gjerne vedkomande ein song med vakker tekst.

Timotei-pung og snytert

Det gjer dagen lysare, uansett om ein treng det eller ikkje:)

Ha ei fin helg,
med gode vener og familie:)



onsdag 8. september 2010

Ferdig

Eg vart ferdig med sjala i dag.
Begge er levert til dei nye eigarane sine
og eg er like nøgd som dei:)


Fargen er so lekker at eg er litt misunneleg...


For å få litt liv i kantinga har eg sydd på strassteinar og lilla/rosa perler.


Fleecestoffet gjer det mjukt, behageleg og varmt
å ha på til hausten/vinteren.


Aldri har vel eit skjerf fått so mykje merksemd her i huset før.
Men eg føler det er vel fortent.


Fint, ja?

Det er nesten so ein får lyst på litt ruskevèr:)

mandag 6. september 2010

Plass til å tenke

Eg er i det kreative hjørnet for tida.
Det eine prosjektet etter det andre ploppar opp inne i hovudet mitt.

Typisk det, når syrommet er fullt av kjellarstove-ting,
fordi kjellarstova er under oppussing.

Det er so fullt på syrommet
at eg ikkje klarer å tenke der inne.
Og når det ikkje er plass til å tenke på syrommet,
då er hovudet fullt av ynskjer om nettopp det,
...plass.... til å tenke.



Ei av prinsessene eg er tante til,
var på besøk her ein dag
og ho hadde på seg den nydelegaste mamelukka!

Ei slik skal eg sy meg...
når eg får plass...
til å tenke:)

onsdag 1. september 2010

Redesign ferdig.


Etter at eg fekk spretta opp
og satt overdelen rett veg, blei kjolen rett so bra!
Perfekt passform og heilt nydeleg å ha på.


Skal ein ha akkurat det smykket til akkurat den kjolen,
må ein ofte fikse sjølv.
Her har eg brukt eit armband og hekta det på eit av kjeda til Junior.


Gjort på ein-to-tre.

Kort strikkegenser kan vere kjekt å ha til vinteren.
Denne kjøpte eg for 12 år sidan og plutseleg var den aktuell igjen:)

Princess har vore fotograf.

I kveld har eg rota gjennom alle skåp
og fått mange nye idèar til gjenbruk/redesign.