... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



søndag 28. desember 2008

Decoupage


Kristine og Sander laga ein haug med slike fine hjarte i julegåver.



Eg måtte òg prøve.

Vakraste kalenderen!



Før jul fekk me besøk av eit venepar frå Sverige, vi viste dei rundt på Møre, dei fekk oppleve ekstremvær so det holdt. Storm ved Alnes fyr, der reiste forresten flybillettane til Olle rett til havs... Vi jentene holdt oss klokeleg inne i bilen og såg på dei tøffe machokarane våre som trossa vær og vind (for å få seg ein røyk) vi sukka henført og blunka forførande med våre vakre blå då dei forblåste og kalde vende tilbake til bilen. Dagen etter var vi på Fjellstua i Ålesund (der tok vi bla det bilete eg har i overkrifta mi). Heim att reiste imponerte svenskar tilbake til flatt landskap utan fjell, hav og naturopplevingar.

Nokre dagar seinare kom det eit hyggeleg brev frå Lisa, med dette ultravakre kalenderkortet i.

*klem til Lisa*

Modifiserte lampar.


Eg har vore på tebesøk hjå ei venninne og blei so inspirert! Ho hadde pynta sine bordlampar med lysmansjettar. Det var so lekkert at eg nytta fyrste høve til å stikke innom Ikea og Fryd og stjal skamlaust idèen hennar. Det blei litt ekstraarbeid på Kjæresten då mansjettane ikkje passa på lampane, men "poff og smell" så var det gjort og smilet mitt var atter på plass.

*fornøgd*

Raude englar dalar ned i skjul...


Vakre englane som eg fekk av borna mine i fjor, laga av ein lokal kunstnar.

Vi ynskjer alle ei fin romjul.


Tolmodet er pressa til det umenneskelege, men eg får det til, med god hjelp frå kjæresten. Bilete av snømenn og bakgrunnsbilde på overskrifta mi er i orden, store tid, kor flink eg er! Biletet er teke rett før jul, frå Fjellstua i Ålesund, vakkert?

Om få straksar kjem engleborna, dei har vore på juleferie hjå pappa`n sin, det blir godt å få dei heim att. I kveld blir det julegåveopning og godterieting!

Utolmodig..

Etter mykje tenking og spekulering har eg kome fram til at det er på tide å opprette ein blogg, lettare sagt enn gjort tydelegvis... Hjelpes, so mange kodar og fargar og bokstavar som skal på rette plassen.

Kjæresten og eg har hatt idèmyldring på navnet eg skulle bruke og eg blei frykteleg fornøgd...Sida blei oppretta, eg prøva og feila og hadde kome so langt at eg skulle sjå over fargebruk og sånne greier... DER slo det meg... "JEG FORTELLER"... det er slett ikkje nynorsk!  Litt betutta måtte eg konstatere at "ellemeller, eg fortel" ikkje kling soo godt. Eg skuldar på kjæresten som er fra austlandet:)