... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 29. september 2010

Vart du skræmt no?

Små forandringar og store gleder.
Og litt redsel.


Lillesøs og eg var på fjellet i går og eg fortalde at eg hadde måla pipa,
det var gjort på 13,5 min og eg har drøya i 2 år med det.
Skjøne det den som kan:)


Det er slik at eg skvett kvar gong eg går forbi!
Herlighet kor stor forandring ei lita pipe kan gjere!
Eg fortalde dette, til lillesøs.


Det er nesten slik at eg blir litt skremt... sa eg.

"Då burde du hatt ei slik skremmebok"
Kom det tørt frå sidelinja.


*knis*
"Du vart skiiikkelig skræmt no ja?"



Forandringa vart ganske merkbar:)

Då er det berre å ynskje seg listing,
neste gong kjæresten kjem:)

tirsdag 28. september 2010

Prosjekt Island

Om ein månad skal eg på tur til Island,
saman med kjæresten og eit venepar.
Eg gler meg heilt ubeskriveleg!


I denne anledning må eg sy meg ny kjole...
Kva passar vel betre enn å sy om ein islender?



Kanskje med restane av eit blondeskjørt?

Eg gler meg til å setje i gong:)

mandag 27. september 2010

Dugg i gras og stjerner i vatn

Vi har vore på fjellet i dag.
Har nytt gode samtalar, deilig vèr og herleg natur.



Før eg drog på meg spinkelbeinbuksa
tusla eg meg ein liten tur i hagen for å knipse hausten.
Fantastisk lys!



I siste liten kom eg på at eg burde måle eit strøk på veggen på syrommet,
svosj-svosj med målekosten, so var det i boks.


Eg er fascinert av vatn og stein.


Eg har fanga stjernene i vatnet! :)
Dette biletet gir meg lysta på reker, solstol og lukta av solkrem.



Etter at eg kom heim att fekk eg kaffebesøk og det var so triveleg!

Fin dag, med andre ord:)

søndag 26. september 2010

Eit bittelite ynskje

Vi har hatt ein nydeleg dag.
Sommaren har besøkt oss
og vi har ynskja solstrålane hjarteleg velkomne.




Sommarfuglane har Lillesøs hekla til meg,
dei er so nydelege!




Sjølv om eg skrapa is frå frontruta i dag tidleg
so har eg håp om at sommaren kan blåse varm pust
over oss nokre veker til.



Berre litt?
Littegrann meire varme?

lørdag 25. september 2010

Lean on me



Det har blitt mykje handarbeid hjå meg i det siste.
Det er haust og handarbeidstid.
Siste to dagane har eg snudd opp-ned på syrommet
(inspirert av Datt)
og det har vore lettare kaotisk i heimen.
Men det blir bra....
til slutt:)



Seint ei natt kom det ei melding frå ei venninne tikkande inn;
"Hei:) Du får en sang fra meg: "lean on me". Og jeg mener det"

Det berører meg.
Det å bety noko for nokon,
det at nokon vil bety noko for meg.




Det er ein nydeleg song, med eit nydeleg bodskap.
Har ein det tøft, skal ein støtte seg på dei næraste.
Vi skal ikkje vere redde for å vere til byrde.

To stoffposar med glidelås

Har du nokon du bryr deg om?

Send ein sms, eller ta opp telefonen og ring.
Gi gjerne vedkomande ein song med vakker tekst.

Timotei-pung og snytert

Det gjer dagen lysare, uansett om ein treng det eller ikkje:)

Ha ei fin helg,
med gode vener og familie:)



torsdag 23. september 2010

Lukkeleg av sjokkis?

Ellemeller har hatt ei lita tenkepause.
Kvar går eg,
kva gjer eg
og sist, men ikkje minst
kven er eg?

Tenkepausa har ikkje gjort meg so mykje klokare,
men heller rolegare.
Eg er den eg er...


Frukost med laks, eggerøre og salat.


Eg har fått spørsmålet mange gongar siste månadane:
Kan ein vere lukkeleg utan å ete
svinekjøtt, sukker, gluten og melk?

Kan ein det?
Ja...
Vi kan... alle kan.

Det tek berre litt tid å kome dit,
å venne kroppen av med sukkergifta
og å la smakslaukane få jobbe med naturlege smakar.


Lunsj med blomkål-brokkolipurè, salat og kalkunkarbis.
(middagsrestar)

Kva er grunnane til at vi ikkje skal bli lukkelegare av sunnare kosthald?

Eg tenkjer høgt, på tastaturet:
Huda blir reinare
celluitane forsvinn
humøret blir meir stabilt
meir overskudd
vi kranglar ikkje
psoriasis blir betre
vi søv betre
kviser forsvinn
etc
etc

Ikkje eitt av punkta ser eg på som negative biverknader
som kunne gjere at vi skal bli ulukkelege.





Middag med pasta og kylling


Mange trur at ein ikkje kan leve utan sjokolade,
men ein kan faktisk det:)
( no skal det innrømmast at eg unnar meg sjokolade av og til,
men den kjøper eg ikkje i godtehylla,
eg kjøper handlaga.
Ordentlege råvarer og best på smak!)

Eg har vore avhengig av stratos og troika
og har nok ete ca 1-2 kg i veka tidlegare,
no et eg sunt, jamnt heile dagen,
og det gjer at eg ikkje har sukkersug i det heile tatt.

Bileta over viser ein heilt vanleg frukost, lunsj og middag her hjå oss.
I tillegg et eg riskaker med eggesalat og smoothie.

Tidlegare åt eg èin gong for dag: middag
og so fylte eg på med sjokolade i mellom...

Kven har eg blitt etter at eg har starta å ete sunnare?
Ein mamma/kjæreste som har meir overskudd, er blidare,
meir tolmodig,
er utkvilt og sprekare.
Og...
tryggare på meg sjølv!

Oppdatering på kjellarstove:
varmekablar og parkett har kome på.
Veggane er måla.
No er det berre resten igjen:)



søndag 12. september 2010

Hekleri-heklera

Hekledilla
- eg har hekledilla.



Det går i pulsvantar for tida...
Eg kan nesten ikkje tru at eg har knekt
den store og mystiske heklekoden.
Men det har eg also...
Heilt av meg sjølv!


Den første blei litt småskakk,
men det blir betre og betre for kvar gong:)


I helga har eg vore hjå ei venninne og gitt ei hjelpande hand.
Stoltrekka på spisestovestolane trengte ei overhaling.
Eg ilte til med møbelpistolen og pågongsmot.
Etter nokre timar var vi ferdige.
Lekkert blei det!


Slik såg dei ut før vi satte i gong.

No kan stolane stå og skine i den flotte leiligheta.
Ein gong skal eg knipse bilete og vise dykk,
ho har den flottaste utsikta!

torsdag 9. september 2010

Bli-Ny-Dag for taklampa



I trappegangen måtte vi ha ny taklampe.


Lampa blei kjøpt på Ikea for ein liten penge.
Eg fann fram ei lita borremaskin,
blondar,
krystallar av ymse slag
og nokre perler.


Kjekt arbeid som alle kan klare:)


Lampa blei brukande den.
Det er ikkje usannsynleg at del 2 av Bli-ny-dagen
fører til litt meir glitter og stas.
Vi får sjå:)


No ventar eg berre på at kjæresten skal kome ein tur
og henge den opp.


onsdag 8. september 2010

Ferdig

Eg vart ferdig med sjala i dag.
Begge er levert til dei nye eigarane sine
og eg er like nøgd som dei:)


Fargen er so lekker at eg er litt misunneleg...


For å få litt liv i kantinga har eg sydd på strassteinar og lilla/rosa perler.


Fleecestoffet gjer det mjukt, behageleg og varmt
å ha på til hausten/vinteren.


Aldri har vel eit skjerf fått so mykje merksemd her i huset før.
Men eg føler det er vel fortent.


Fint, ja?

Det er nesten so ein får lyst på litt ruskevèr:)

tirsdag 7. september 2010

Rosa duskar og andre blondar

I dag kom ei av pakkane frå USA.
Ja, eg har begått eit par kjøp på Ebay igjen.


Rosa, søte blondar og duskar i metervis.
I og med at syrommet er fullt av madrasser
og anna kjellarstoveting har eg innført unntakstilstand
og flytta symaskinene opp på spisestova.


For eg vil sy.

Eg har ei venninne som treng ei lita oppmuntring
og ei anna søt venninne som berre skal få ei overrasking...



Begge likar rosa
og eg likar å overraske!

Svosj!
*spring bort til sybordet*

mandag 6. september 2010

Plass til å tenke

Eg er i det kreative hjørnet for tida.
Det eine prosjektet etter det andre ploppar opp inne i hovudet mitt.

Typisk det, når syrommet er fullt av kjellarstove-ting,
fordi kjellarstova er under oppussing.

Det er so fullt på syrommet
at eg ikkje klarer å tenke der inne.
Og når det ikkje er plass til å tenke på syrommet,
då er hovudet fullt av ynskjer om nettopp det,
...plass.... til å tenke.



Ei av prinsessene eg er tante til,
var på besøk her ein dag
og ho hadde på seg den nydelegaste mamelukka!

Ei slik skal eg sy meg...
når eg får plass...
til å tenke:)

søndag 5. september 2010

Nye skattar

Lillebror har hatt bursdag
og dagen har blitt feira med grilling og kaker heile dagen.
Sola har skine og det er ei lukke når
11 born og 8 vaksne kjem over tunet.


Han har kjøpt seg hus og vi har vore på omvisning i oppussingsprosjektet.
Oppe på loftet låg det to slike skoformer i ein vindaugskarm,
eg var nær ved å svime av.


Lillebror bryr seg ikkje om slike skattar i det heile tatt
og det er flaks for oss andre:)
Eg var so heldig å få desse to med meg heim att
og dei har allereie kome opp i vindauget,
som heng til pynt i gangen.


Lillelavendel-søs var so heldig å få eit kardesett,
so no reknar eg med at det blir
heimekarda, -spunne og -strikka
julegåver i år:)


Eg tek meg i det ofte,
å bli fylt av glede over å vere so heldig
å ha familie i nærleiken.
Vi møtes jamnt alle saman
og eg trives verkeleg med å bu på ein liten plass.



Er eg ikkje heldig?

No gler eg meg til det blir klart til måling
og anna arbeid som eg kan hjelpe Lillebror med,
det er slikt ein har storesøstre til!


lørdag 4. september 2010

Det blomstrar


I 41 år og 5 månader har eg ynskja at eg kunne hekle.
Muligens pluss- minus eit par timar:)


Denne veka bestemte eg meg for å gå på med krum hals.
Mysteriet skulle løysast!
I går kveld klarte eg det. Hipp Hurra!
No blomstrar det for fullt i Ellemeller-heimen:)



7 blomar i går og 7 i dag.
No kjenner eg at eg er klar for dei som har doble kronblad...
Trur eg.


Bonus-borneborna er her i helga og då må vi ha litt aktivitetar.
Gutane har bygd all verdens legokonstruksjonar
medan
jentene ville lære å hekle,
og då fekk dei det.
Stolt! :)

Og so går eg svanger med eit superspanande redesign-prosjekt....

fredag 3. september 2010

Eg gir meg ikkje!

Eg har bestemt meg;
no er det på tide å lære seg å hekle!

Og, har Ellemeller bestemt seg,
då blir det slik.



Nyyydeleg blonde, kjøpt hjå Salige Lavendel
og starten på ein hekla blomst.


Eg har hekla, rekt oppatt, hekla.... osv osv...
Det er på ein måte ikkje nok masker til å lage stavar i.


Men eg gir meg ikkje.

Det er nederlag.
Og nederlag likar vi ikkje:)


I løpet av helga skal eg ha fått ferdig ein rosa blomst!
Basta.
I følge oppskrifta skal det berre ta ti minutt å hekle ein slik...
Til no har eg brukt minst to timar:)

Då kan det berre gå èin veg;
framover, oppover og mot toppen!

God fredag!