... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 27. juni 2009

Romantisk kjærestetur ut i havgapet.


Kjæresten skal heim att for ein periode og hadde lyst til å sjå Ona før han dro.
Vi pakka mat, drikke, fotoapparat og andre greier som ein treng når ein skal på tur.
Vi tok ferje over til Harøy og køyrde til Finnøy for å vente på neste ferje. Kjæresten hadde lest feil på rutene, so vi måtte vente.... og vente... og vente... Men sola skein og alt var berre fryd.

So tikka det inne ein sms på telefonen hans "Har du tid til å komme i studio i dag?"
Jada, det er klart vi har det:) Vi snudde og han fekk sunge inn litt meir på sangen sin. Noko må ein då ofre når ein har kjæreste som skal bli verdsberømt musikar.
Ona kan vente til ein annan gong.


Bilde frå Finnøy.


2 kommentarer:

  1. Kjører du rett fra Bust, så skal du treffe ferga fra Finnøya akkurat, mener jeg å huske...

    Snill kjærest kjæresten din har!;)

    Kunne tenkt meg å vært med dit ut, stoppa på badeland på vei heimatt eller noe!

    Kansje det kansje...!:0)

    SvarSlett
  2. Nope, ferja stoppar på Bust 5 min etter at ferja går frå Finnøy, dustete rett og slett...

    Ja, det hadde vore koseleg med ein fellestur dit ut!

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)