... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Lysdekor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lysdekor. Vis alle innlegg

søndag 28. februar 2010

Mini-kurs i lysdekor


For å dekorere lys treng du
Stearinlys, serviettar, saks, strykejarn og ei avis.


Start med å klippe ut motivet av servietten.
Du kan velge å bruke servietten slik den er
og tilpasse den størrelsen på lyset, eller å klippe ut motivet.
Bruk då ei skarp saks, du treng ikkje klippe ut nøyaktig,
det kan vere fint å ha ein liten kant utom motivet.


Eg har her brukt heile servietten,
klipt den til passe høgd og lagt den på lyset.


Start på ein ende og stryk deg utover.
Blir det små bulkar eller bobler?
Fortvil ikkje, gå berre over fleire gongar.
Det er viktig å bruke svakaste varme og ei lett hand.
Det er betre å gå over fleire gongar enn at stearinen flyt utover.


Eg har funne ut at det blir finast om eg jobbar med heile lengda på strykejarnet.
På små motiv er det viktig å ikkje stryke utanfor motivet...
då blir det ujamne merker på lyset.


Vips!
Lyset er ferdig på ein poff og ein smell...
og når du først er i gong so kan du like so godt produsere nokre.
Eit slikt lys lagar du på 10 min.

HUGS Å ALDRI FORLATE LYSET!
Servietten kan ta fyr,
det er lurt å skjere vekk papiret etterkvart som lyset brenn.


So til supertipset!! Kva gjer ein med strykejarnet?
Blir det ikkje øydelagt?
Nei, du kan stryke av stearinet etterkvart på ei avis.
Avisa sin tekstur og sikkert trykksverta
gjer at strykejarnet blir fint og blankt igjen.

Eg har for sikkerthets skuld kjøpt eit ekstra jarn,
men det er ikkje naudsynt, har eg funne ut:)

Då gjenstår det å ynskje lukke til!

fredag 29. januar 2010

Sofasmittefarleg

Eg er smitteberar, kjøpe-sofa-på-finn-smitteberar.



Det er ikkje hemmeleg at eg har kjøpt ørten-fjørten sofaer på finn siste to åra.
No har eg lova meg sjølv at eg ikkje skal kjøpe fleire.
Det er litt stussleg.

Men kva gjer vel det når eg kan smitte resten av familien?
Lille-søs ville ha meg med på sofa-kiking i dag og
mellomste-søs snakkar om å kjøpe ny sofa snart.
Hipp-hipp!

Eg kan fortsatt rote rundt på Finn og sjå etter sofa,
med søstrene som alibi.

Eg får berre krysse fingrane for at det ikkje kjem vaksine med det første:)