... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



mandag 30. november 2009

Våre adventslys i vaskefat og på trefat.

I år har eg vore heilt galen og oppretta to "adventsstakar",
det er blogglandia si skuld. :)


Her har vaskefatet eg fann etter vegen kome til sin rett!!
Mose, nye snøkuler og grankvistar, kjøpt på Tante Bruun i dag.
Det skal ikkje meir til.
...hm.. kanskje strykemerke lysa mine....
muligens:)


Middagsbordet blei dekka med julduk og tent lys.
Vi tenner lys til alle måltid, heile året,
men...
det er verkeleg ekstra koseleg å ete i adventstida!



Ååå, so fint!!


På bordet framføre tv`en har eg same opplegget som siste åra.
Eit gamalt trefat med 4 lyslykter og kongler på.


Meksikanske kongler, funne i ein boks frå den tida
vi bandt og surra krydderbukettar.
Besta har faktisk sin endå, mamma òg!!
Endå eg har trygla dei om å kaste dei...
neeidå, dei skal vel stå framme til spott og spe;)
Det må då vel vere over 20 år sidan??



Eg ynskjer alle ei strålande veke
med mykje førjulskos og lite førjulsstress:)


I morgon skal vi åpne første luke, ungane gler seg, eg gler meg
(eg har verdas største julekalender....
skal ta bilete av den ein dag, den heng utover heile loftet!)
Kjæresten får alternativ kalender i år, med mykje kjærleik og omtanke bak.

søndag 29. november 2009

Småpynting ute og rot inne.


Endeleg er dagen her!



Eg har alltid pynta 1. advent, men i år har det blitt litt amputert.
Kjæresten sager, hamrer roter og bestøver :) heile huset.
Det er ingen vits å dra fram so mykje pynt enno.


Eg tok turen ut på trappa, rydda og kosta og pynta litt der istadenfor.


Granbar frå Ikea, "diamantar" og sølvkuler på rekke og rad.


I morgon må eg kjøpe lys som passar i lyktene.


Eg har sydd i dag òg, jakka til Sofiia er ferdig.
Bilete kjem til veka.
Og so har eg sett litt på sport, kombinert hopp og langrenn
og i den anledning har eg spekulert på ein ting...
Kvifor kombinerer dei berre hopp/langrenn og langrenn/skyting ?

Kvifor kan vi ikkje få sjå isdansarane danse
og so spele curling?
Eller...
kvifor kan vi ikkje få sjå Petter Northug pilke på isen etter 10 km
og at han ikkje kan gå vidare før han har fått fisk?

Kven kom på "først hoppe og so langrenn"?
Hm...


Slik ser inngangspartiet vårt ut no, eg ynskjer meg kvit dør
.. menmen...


Kransen er frå Ikea.
Bandet og hjarta kjem frå lageret mitt:)


Eg har aldri, i heile mitt liv, eigd sjuarma lysestake.
Ikkje i år heller.
Alternativet varierer kvart år,
i år har eg hengd opp raud lampe frå Indiska.

Då vi vakna i dag tidleg hadde det lagt seg myykje snø!!
Det var rett og slett koseleg!
(I morgon er det borte og det er nesten endå koselegare:)


lørdag 28. november 2009

Hanen Hanne skuar utover kjøkenet!

Forrige veke kjøpte eg ei messinglampe på bruktbutikken,
den skal pyntast med prismer og perler etterkvart.
No til jul har den fått stjernepynt.


Etter at eg hadde køyrd ungane til flyplassen i går kveld
sydde eg stjernene eg ville ha på lampa.
Kvit lin, påsydd blonde og fylt med vatt.



Fint?
Hanen Hanne smugkikkar litt frå toppen av hjørneskåpet.





Hanne-mor sydde eg for mange år sidan,
den har lenge vore stua vekk på loftet,
men eg synes han fortener ein god plass på kjøkkenet.


Litt kalvbeint og smårusk i knea:)


Kjæresten jobbar med listing for tida, taklister...


...og golvlister.
Det blir måling på meg før jul, ser det ut til:)


Nokon som har eit supertips på kva eg skal gjere med pipa??

Skifer i sånne stavar?
Små rullestein? (Kjæresten trugar med å flytte til Antarktis for ein periode om eg fullfører det..)
Eller??

Eg har so lyst til å ha noko "annaleis".



Til slutt eit lite glimt av sviblane mine...
Eg er spent på om dei lever meir enn 4 dagar.
Eg er ikkje spesielt flink med blomar
og ikkje har eg svibelglas,
men improviserte med tre andre dugande glas.
Eg kan sjølvsagt skulde på at det ikkje var rette glasa
om dei skulle finne på å krepere før jul.
Ikkje har eg peil på kva farge det er på dei heller...
:)

I dag snør det, for fyrste gong i vinter.
Det har vore so mildt ute at det legg seg ikkje,
men koseleg er det!
Ekstra koseleg fordi det er godt og varmt inne,
varmepumpa er montert
og eg NYYT varmen!

onsdag 25. november 2009

Betre lykke neste pung!

Det er hektiske dagar, mange gåver skal syast,
kalenderar skal klargjerast, gi-vekken skal syast og sendast
og oppi det heile har eg fått dilla på å strikke...


Innimellom blir det meir og meir jakke av det raude stoffet...
Her er ein detalj av eine lomma.


Eg strikkar og strikkar, herlighet kor kjekt det er å lage desse pannebanda.
No har eg so mange at eg vurderar å selje unna nokre...
(eg ser at fargane ikkje er heilt slik som dei skal vere)


Eg er stadig vekk innom Timotei og snusar,
ho lagar so mykje fint!
Sykunnskapane mine er det ikkje noko å seie på,
men det å sy småtteri som pungar, vesker og sånne greier
har eg ikkje so mykje erfaring med.
I dag kasta eg meg utfor pungestupet (hehe...)
Det heile gjekk rett so bra,
gamle olabukser blei sydd saman til stoffstykke
som eg vidare quilta saman med noko resterosa.
Timtidim...
*glad og nesten ferdig*


UPS!!
So klarte eg det kunststykket å dra glidelåsen forbi dei siste tennene...
5 minutts arbeid igjen og pang so var heile greia bortkasta.

Jaja, eg gjer ikkje det igjen, får eg håpe.
Betre lykke neste pung!

Psst... Tusen takk for gode tips i forrige innlegg!
Art Medium skal prøvast ut:)
Då får eg forhåpentlegvis det slitte utrykket...

mandag 23. november 2009

Nokon som kan hjelpe?

Eg er eigentleg ikkje so begeistra for å spørre om hjelp,
men eg tek sjansen på at det ikkje øydelegg nattesøvnen min:)


Kva gjer eg for å få motiv på skåpdøra mi?
Eg har eit liknande skåp på stova
og synes det er litt kjedeleg med glatt dør,
og har lyst på eit bilete som eg har fått bruke av Salige Lavendel.


Det er so lekkert!!
Anar ikkje kvar eg har rappa biletet,
mogleg det er inne på ein av bloggane her inne.
Eg har hatt det liggjande på inspirasjonsmappa mi sidan lenge før eg starta å blogge.

Om du les dette: Sorry, gi gjerne beskjed om kven du er...
kanskje kan du fortelje meg korleis du gjorde det?

Julegåveproduksjonen er i gong her i heimen.
I dag har eg sydd ting eg kan, men aldri har gjort før:)

Gler meg til eg kan legge ut bilete av det vi lagar!

søndag 22. november 2009

Nokre av våre juletradisjonar.

Julekassene har blitt sortert i dag,
noko har blitt plassert i "skal-ikkje-brukast-i-år"-kassa
og noko har blitt godkjend og ventar på å få skinne
rundt omkring i huset om ei veke.
Eg pyntar 1.advent,
det har eg gjort heilt sidan eg var sjølvstendig næringsdrivande for 20 år sidan.
Den eine bestemora mi pynta til jul 1.desember,
ho hadde plastjuletre og farga blinkande lys i vindauga.
Det var ganske spesielt for 40 år sidan,
men ho hadde bodd 10 år i USA og var litt unnskyldt:)


Ny julepynt, noko kjøpt i januar og noko kjøpt no.


Gleder meg til å henge opp nysølvet i vindauga.


Kvart år lagar ungane julegåver til tanter, onklar, søstre og besteforeldre.
I fjor laga vi hjarte kledd med serviettar.
Dei blei soo fine!
I år har vi ein glimmers plan, men den kan vi ikkje vise enno...
Det er so triveleg å ha juleverkstad!


Denne fantastiske engelen har Junior laga for nokre år sidan.
Den er ein av favorittane mine!!


Dette har Princess laga, i barnehagen.
Òg ein av favorittane.


I desse gøymer vi kalendergåvene, ei gåve for kvar dag.
Princess har hjarteboksen og Junior skattekista.
Vi har laga dei sjølve, eller... vi har pynta ferdigkjøpte boksar.
I år har eg laga kalender til kjæresten og han har visst planar om å lage ein til meg...
(eg fekk den første gåva i dag... hyysj... ikkje sei det til ungane)


Sjå på dei herlege nissane! *smelt*


Julestrømpene til rumpetrolla.
I fjor sydde eg kvar si til meg og kjæresten òg.
Dei matchar ungane sine.


Ny juleduk!
Å, kor eg gler meg til å dekke julebordet i år!

Vi ser 3 nøtter til Askepott, slik som mange andre. Det blir ikkje jul utan.
Eg set enormt pris på "Grimm og Gru", eg har venta i mange år på at den skal bli vist igjen.

Eg har ikkje vore so opptatt av tradisjonar tidlegare.
Men siste åra blir det viktigare for meg å lage tradisjonar for borna mine.
Ro, glede, tryggleik og forutsigbarheit.


lørdag 21. november 2009

Kloke ord?



Rar, annaleis, merkeleg, skrudd, spesiell og fokusert.
Det er meg.
Eg passar på ein måte ikkje inn.
Det kjennes rart å skulle forholde meg til andre
og å innfri forventningar.
Eg er ikkje so god på det.

I går, på yoga-kurs skjønte eg løysinga.
Erika snakka om å vere god med seg sjølv,
Bestemme seg for å gjere det ein har lyst til.
Ta seg litt tid til å verkeleg kjenne etter.

Eg er ei kunstnarsjel,
passar ikkje inn,
men...
Eg har lov til å vere meg.
På godt og vondt.
Eg har lyst til å bruke tid på å skape.
Eg har lyst til å kjenne etter.

Eg er sikker på at eg vil passe mykje betre inn
når eg har kome so langt.
Nettopp fordi eg ikkje vil bry meg so mykje om å passe inn
der det blir forventa.

Eg vil då passe inn i livet mitt,
saman med meg sjølv
familien min
og venane mine.

torsdag 19. november 2009

Shoppings på ein heilt vanleg torsdag

Det raude stoffet er nesten ferdigsydd.
Det manglar litt detaljar før eg skal vise det fram,
men det kan sjå ut til at det blir fint:)



Vi har vore på Moa i dag og kjøpt varmepumpe, med montør. Han kjem på tirsdag.
Vi skulle berre vere raske og eg skulle ikkje innom ein einaste butikk...
Haha..
Eg er ikkje sikker på om eg gjekk forbi ein einaste butikk.


Lyktene har fått plass på lintøyskåpet
og kolibrien har funne seg til rette i den nye mystiske blomsten min.


Vi var innom bruktbutikken, der fann eg småtteri til å fylle skåpa med.
Heklebrikker, sølvplettfat til smør og kromkakedings.. heiter det kromkaketapp?...
og litt ymse andre greier.




Denne lampa skal eg spraye og style og henge over kjøkkenbordet.
Det blir rett og slett stilig, trur eg:)

I kveld har eg vore på Yoga-kurs.
Kven kunne vete at det er so vanskeleg å puste??
Ut med magen og ned med skuldrane, puste inn med nasen og ut med munnen.
Pjuuuh!
Men godt var det!

onsdag 18. november 2009

Førjulsvakuum.

I morgon skal eg ellemelle med eit nyydeleg stoff eg kjøpte for eit par år sidan.


Eg har vridd hovudet rundt, opp og ned og til slutt fann eg ein måte å bruke det på.
Kan du tenke deg kva det skal bli?


Desse lappane kom i posten forrige veke.
Eg gler meg til å feste dei på ting eg lagar:)

Det er litt rare tider her heime for tida. Eg ventar.
Ventar på at arbeidslysta og kreativiteten skal ta overhand.
Kva skjer?
Erika (polaritetsbehandlaren min) ville sagt at eg skal la kroppen bestemme,
eg skal akseptere at eg ikkje har lyst til å sy/skape/blogge for tida.
Då vil eg kose meg med det når tida er der.
Eg trur eg skal stole på at Erika veit best:)





søndag 15. november 2009

-Kva fann du nooo då. Askeladden?

Fredag reiste vi for å vise Linn Byen i mitt Hjarte!
Ålesund
På vegen sto det stabla ein digen haug med skrot,
den kunne eg ikkje køyre forbi, magnetisk som den var:)


Å, herlighet... sjå!!
den eine skatten etter den andre.
Kjæresten berre rista på hovudet
og ga meg beskjed om at bagasjerommet ikkje var stort nok til alt.
(han kommenterte litt tørt at GundaM berre er "småjenta" i forhold til meg)


Denne fekk eg dessverre ikkje ta med meg.
Den var fantastisk flott, men botnen var øydelagd so eg ga meg ganske fort.
MEN...
Det vil ikkje seie at eg ikkje skal ha ein slik i hus etterkvart.


Sinkbøtta fekk bli med heim.


Tannhjulet likeså, dette skal eg ha eit digert stearinlys på i jula.
Det skal få stå på trappa, ute.


Vaskefatet blei òg med heim.

"kva skal du med den, då?!
"Nei, jeg har slikt å gjøre, jeg har slikt å føre,
jeg fører vel den òg!"


Alt "rasket" skal stå ute i hagen til sommaren,
saman med den gamle døra og utslagsvasken eg har i garasjen.

Vi har hatt ei superkoseleg helg med Linn på besøk.
Kom snart att!