... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg

onsdag 13. oktober 2010

Om å ligge til lading...

Eg har vore på haustferie hjå kjæresten.
Han har eit hus som ligg langt frå folk,
midt inne i skogen
(den skogen eg var på vandring i, saman med ulven).



Der har vi ikkje straum
ikkje innlagt vatn
ikkje mobildekning
ikkje tv
og ikkje pc.


Vi vaknar til total stillheit, utan å vite kva klokka er.
Den er ikkje viktig, tida, inne i skogen.
Ikkje skal vi rekke noko
og ikkje har vi avtalar eller plikter som stressar oss.



Når kvelden kjem snikande går vi ut på trappa
og kikkar på stjernehimmelen.
Det er som å stå midt i verdsrommet,
beksvart med ei ubegripeleg mengde små lys.

Det er overveldande!


Haustferien har vore total avslapning for meg,
kjæresten har laga mat og vaska opp.
Eg har lest, hekla pulsvantar og berre kost meg.

Tenk om vi alle kunne ta slike pustepauser frå kvardagen ...
Vi treng å legge oss til lading iblant:)

søndag 12. september 2010

Hekleri-heklera

Hekledilla
- eg har hekledilla.



Det går i pulsvantar for tida...
Eg kan nesten ikkje tru at eg har knekt
den store og mystiske heklekoden.
Men det har eg also...
Heilt av meg sjølv!


Den første blei litt småskakk,
men det blir betre og betre for kvar gong:)


I helga har eg vore hjå ei venninne og gitt ei hjelpande hand.
Stoltrekka på spisestovestolane trengte ei overhaling.
Eg ilte til med møbelpistolen og pågongsmot.
Etter nokre timar var vi ferdige.
Lekkert blei det!


Slik såg dei ut før vi satte i gong.

No kan stolane stå og skine i den flotte leiligheta.
Ein gong skal eg knipse bilete og vise dykk,
ho har den flottaste utsikta!

lørdag 4. september 2010

Det blomstrar


I 41 år og 5 månader har eg ynskja at eg kunne hekle.
Muligens pluss- minus eit par timar:)


Denne veka bestemte eg meg for å gå på med krum hals.
Mysteriet skulle løysast!
I går kveld klarte eg det. Hipp Hurra!
No blomstrar det for fullt i Ellemeller-heimen:)



7 blomar i går og 7 i dag.
No kjenner eg at eg er klar for dei som har doble kronblad...
Trur eg.


Bonus-borneborna er her i helga og då må vi ha litt aktivitetar.
Gutane har bygd all verdens legokonstruksjonar
medan
jentene ville lære å hekle,
og då fekk dei det.
Stolt! :)

Og so går eg svanger med eit superspanande redesign-prosjekt....