... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 3. juni 2010

Stille etter stormen.



Eg er ei pyse!
Eg ligg vaken når det blès ute
og bekymrar meg for alt som kan forsvinne til havs
eller bort til naboen.
Slik har det vore sidan eg var lita jente;
eg var redd for bøttene mine, leikene, hytta mi og sykkelen.


I natt har vore ei slik natt.


Vi var ute kl0130 for å redde pavilijongen,
den hadde reist ut til Ona om ikkje vi hadde røska av veggane og taket i natt..
No står den der, skamfull, ribba og litt vindskeiv:)


For eit par dagar sidan hadde vi sol,
det er godt å ha sommarbilete å sjå på når vèret er surt ute.


Eg har laga meg ein liten stille krok i bakhagen
og ein plass i skogen der eg har hengt opp hengekøya.

Denne sommaren skal hagen få nye bruksområde!
Eg gler meg!


På benken i bakhagen vil eg
sitje og sjå ungane hoppe trampoline
og nyyyte varmen og fuglekvitteret:)

...måtte berre sommaren kome snart...