... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten scrapping og sånn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten scrapping og sånn. Vis alle innlegg

fredag 3. juni 2011

Litt forsinka


Besta har hatt rund dag og eg og gåva er skikkeleg forsinka.



Kortet ligg klart til i morgon.
Då skal vi ta turen over fjellet.


Enkelt kort, utan for mykje stæsj.
Eg trur det vil passe henne godt:)


Små sitat på innsida.


Og ei lita helsing, på kaffemarinert tag.


Proffe kortlagarar brukar å skrive ei liste over kva papir
og slikt dei har brukt.
Eg er ikkje proff, difor: inga liste:)


Eit takk på baksida.
Besta er, og har vore, ein solid grunnmur i livet mitt.

onsdag 20. april 2011

purple rain

..eller, iallefall "purple card" :)
Eg har laga to kort for lillesøs,
eit skulle vere lilla
og det andre skulle vere grønt.




Desse brettekorta er artige å lage
og endå artigare å gi vekk.



God plass til å skrive personlege helsingar.



Det var ikkje lett å finne lilla ark,
sånn på sparket,
det førte til at hjerna fekk trimme seg litt ekstra.



Det grøne kortet skulle vere enklare,
med plass til å skrive ei helsing på baksida.
Eg likar so godt dette blomestempelet...
sommarfuglar blir heller ikkje feil.

I kveld kjem kjæresten på påskebesøk
og eg har ei milelang
slaveliste klar.
"Demontere her, snekre der...
skru sammen både her og der."


tirsdag 29. mars 2011

Trekkspelkort



Huset flyt over av lekre papir, blondar, silkeband
og anna stæsj som høyrer ei scrappedame til.
Eg kosar meg med den nye hobbyen.



Ei venninne av meg fylte 40 i helga
og eg fekk lyst til å gi ho ei lita merksemd.



Trekkspelkort med blomar, pynt og blondar.



Det er so koseleg å gi vekk slike gåver!
Det er dobbel glede ved å skape små skattar.
Gleda når eg lagar dei
og
gleda det er å gi.
Dobbel.



Slik ser kortet ut inni, på baksida.



Gåvepose som matchar er viktig!



Ein frisørpose som har pålima papir i same serien
og fått same silkeband.

***

Eg går og ventar på den store
ommøbleringslysta.

Det er tre rom som skal byte plass,
But but, it`s not only-only,
som Petter Solberg ville sagt.

Ha ein strålande dag!


torsdag 10. februar 2011

Ei lita merksemd



Har du blitt invitert på middag eller eit selskap
eller har du berre lyst til å gi nokon ei lita merksemd?



Eit design-ark eller to, litt hyssing, nokre knappar og litt stæsj,
eit ark med cellofan, ein tom kaffeboks
og nokre minutt seinare so er biffen ferdig stekt...
eller... saken er biff!



Blomane er kjøpt på ebay, resten hadde eg frå før.


Hugs å kjøpe ein pose twist eller anna digg som mottakaren likar.

I dag kom ein ny liten pakke frå Ebay,
det er alltid spanande.
Testing av 4 glitterspray i kule fargar
har resultert i at duken på kjøkenet
glitrar i grønt, kvitt og brunt.



tirsdag 8. februar 2011

L O V E



På nyårsaften inviterte lillesøs oss til middag og feiring.
Vi var samla, alle 4 syskjen og nesten alle borna våre.

Det var ein veldig triveleg kveld
og som takk for invitasjonen laga eg ei lita gåve til søs.



Ein hermetikkboks med topplokket intakt.
Heilt enkelt pynta.
Eg ser at eg kunna ha limt på mykje meir bling og dingel-dangel,
det får bli neste gong:)



Inni boksen hadde eg lagt eit lite kort.
L


Med små ord som beskriv lillesøs, som eg er so glad i.
O


Hjartet er tilpassa boksen.
V


Ja, ho er mystisk:)
Mørk og mystisk, i tillegg til alle dei andre gode egenskapane hennar.
Skulle eg tatt med alle,
måtte eg ha laga ei tjukk bok.
E


Glad i deg, lillesøs!

L O V E



mandag 7. februar 2011

Kort og godt

Eg, ein AMATØR-scrapper, har meldt meg på scrappe-treff i helga.
Eg veit om to andre som skal, elles ingen.
Litt skummelt, eigentleg.



Dette kortet har eg laga til ei god venninne av meg.
Ho har vore krykka mi siste månadane.
Krykker fortener kort med kjærleik.
Det heiter never ending card,
og det er sant,
du brettar og brettar og brettar og...



Side 2


Side 3



På denne sida skjuler det seg ei side til.
Ser du godt etter finn du ein splitttbinders øvst på det kaffemarinerte arket.



Her har eg skrive ei personleg helsing.
Ord som seier alt for oss, og ikkje so mykje for alle andre.


Når ein har det tungt ser ein kva venar ein har,
mange opplever å miste mange.
Eg har oppdaga at eg har fleire enn eg trudde!

Kor heldig er ikkje eg!??!


lørdag 7. august 2010

scrappe-skreppe

Sjølv om eg har site i ein berg- og dalbane i sommar
so har eg klart å klippe og lime litt:)


Ei bok som kjæresten skal skrive songtekstane sine i.



"Vær optimist"


I to år har eg grua meg til å pusse opp kjellaren.
I går starta eg...
Ribba veggane for skruar, spikrar og sparkla.
I dag har eg måla trappa kvit, det vart forskjell det!
(bilete kjem i morgon)

Skjønar ikkje kvifor eg ikkje har gjort dette før.

Hipphipp,
no er eg glad no!

søndag 2. mai 2010

Ikkje for sarte sjeler!!

Eg har ei god venninne som fyller år i dag...

Det passar godt at eg har dilla på kort for tida,
og ho er den einaste eg kunne ha laga eit slikt kort til:)



Det er nesten so eg rødmar her eg sit...

Eg brukte eit gamalt gratiskort frå Oslo,
kutta det i smale striper øverst
og beheldt nederste delen heil.
Prippen som eg er,
måtte eg sensurere litt:)

(det er nesten so eg ikkje kan tru at eg legg ut dette på bloggen...)

..og vi har pynta... bord.


For 15 år sidan blei det født ein nydeleg gut.
Eg har vore so heldig å få følgje han desse åra.



Kampfiskar

Eg hugsar spesielt godt trilleturane,
han kunne ikkje fordra å ligge i vogn
(eg trur han var redd for å gå glipp av noko),
han skreik og skreik høglydt heile vegen.

Trikset var ein liten dæsj honning
(dette var før vi visste at det kunne vere farleg)
på smokken,
då var han still ei lita stund:)


På fredag var eg med på å pynte til
den store konfirmasjonsdagen hans.
Det var ei stor ære.

Bordet, sett frå konfirmanten sin plass.


Svart, grått og grønt.
Stein, rustikk, fiskar og vatn.



Til ein mann må ein ha maskulin pynt,
men ein liten dæsj grøne perler på bordet
og rundt nokre av lysa gjorde det litt sprekare.



Lillesøster hadde tredd perler på ståltråd.
Tråden er surra rundt ein strikkepinne nokre stader
for at den skal "leve" litt.


Eg har laga bordkort.
For å spreke det opp
sydde eg grøne knappar på eine hjørnet.


Dette var morosamt
og eg har kosa meg i prosessen
saman med mammaen til den kjekke guten.

I skrivande stund er han ferdig konfirmert,
det har snøa og markane er kvite.
Vi får tru at det bringer lukke!
Gratulerer!



Midt oppi det heile har eg funne ut at det var kjekt å lage kort,
og i går var eg på Ebay for å sjekke utvalet.
Eg la inn bud på nokre varer og vann 3 av budrundene.
Herlighet, kor eg gler meg til å få det i hus!
Sjubbiduu!


fredag 30. april 2010

Konfirmasjonskort med ein liten vri.


"Måtte alle dine draumar bli oppfylt!"



-står det på to av korta eg laga i dag.

Eg er kortmakar-debutant...
grøss, so skummelt det var før eg kom skikkeleg i gong!

Guttekort,
eg har vore med på å pynte middagsbordet
til denne kjekke konfirmanten i dag
og det går i grått/svart/lime.
Vi var særs nøgde med oss sjølve i kveld!!
Bilete kjem i morgon.



Dette blå kortet var det aller aller første,
veldig enkelt og greit.


Inne i konfirmasjonskorta har eg bretta hjarte av sedlane.
Eg skar eit snitt i bakerste sida på kortet og stakk hjarta ned i.


Det blei skikkeleg stilig
og eg tenkjer konfirmantane er glad for
at ikkje alle pengegåvene er innpakka slik.
Det blir nok ei lita tolmodsprøve å brette den ut att.

Det er to år til vi skal ha konfirmasjon
og eg gler meg.
Notatboka er i bruk,
her blir ikkje noko overlatt til tilfeldigheitene!