... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 31. august 2010

Redesign.


I helga fann eg eit reklamehefte med myykje kule klede i,
og eg kjende inspirasjonen kome veltande.
Eg har lova meg sjølv å ikkje kjøpe
NOKO nye klede før nyttår.
(ok, eg har vore litt utru mot meg sjølv og brukt ein liten tusen-lapp)



Eg må vere kreativ og bruke noko av det eg har frå før.
Denne kjolen er veldig stilig, men litt rar i overdelen, då passar det fint å klippe bort det rare og bruke oppatt det stilige.



Denne overdelen er veldig fin, men for kort... kunne det passa betre?
Klippe bort ein del av lengda og bruke det som er fint.


Og setje det saman til ein ny kjole...
Kanskje skal eg finne fram nokre fine band/blondar å pynte med.


Klippe-klippe-klippe...

Og tråkle.
I min iver etter å få ferdig kjolen
og litt for at eg er glad og ivrig etter den fine omtalen i KK
klarte eg å tråkle overdelen attfram på underdelen.
... utdanna sydame er ho, men å SY kan ho ikkje!...
;)

mandag 30. august 2010

Lille ElleMeller er nevnt i KK.



"Hei, jeg fant deg i det nyeste KK, veldig fin blogg! Deg vil jeg følge videre :) "
Skreiv Citronpiken til meg.

Eg satte tunga fast i halsen og ropte til kjæresten:
"Hæærreguud! Eg er i KK!!
(ganske godt gjort eigentleg,
med tanke på kvar tunga hadde havna)

Det er lite typisk at alle butikkar er stengd og at det er midt på natta..."

Kjæresten: "Vil du at vi skal køyre til bensinstasjonen?"


Heimelaga fyrstikkeske.

So vi gjorde.
Og skuffa måtte eg konstantere at det måtte vere ei misforståing.
Ingen ElleMeller i KK.

Gamalt lintøyskåp og ei kjøkkenskuffe.

Men... i dag, ringde telefonen.
Ei venninne av meg abonnerer på KK
og kunne fortelje at bloggen min er anbefalt av
"Ines 3 på nett",
i det nummeret som kjem ut denne veka...

Eg har igrunn ikkje gjort anna enn å hoppe opp og ned
sidan eg fekk den telefonen.

Heimelaga lyspynt.

Tenk det, lille meg....
som ikkje har vore so flink til å blogge i sommar.

Eg, EG er anbefalt!


Heimelaga lyspynt.

-og eg ventar spent på at bladet skal kome ut:)

torsdag 19. august 2010

Alle gode ting er 4.

Det har vore ein hektisk dag med
skulestart,
sykkeltur,
lunsjtreff med venninner,
plenklipping
og fotballkamp.

Alt har vore koseleg,
Bortsett frå plenklippinga.



Plenklipparen min er ein slik Kinderegg-klippar.
Den er tre-3 ting på èin gong.

Klippebreidden er på 7,5 cm
Den er superlett og dermed uhåndterleg.
Den har ikkje oppsamlar, slik at det klakar seg under heile tida.

Dessutan so er den elektrisk, eg klipper med livet til låns.

"Oj, Det ble jo 4 ting det jo!"
BETRE enn Kinderegg:)


Skal eg vere heilt ærleg so likar eg myykje betre å sitje på den fine,
om enn ikkje ferdige,
terrassen min og nyte tropevarmen vi har for tida.


onsdag 18. august 2010

Ny start

I morgon er det skulestart,
Princess skal byrje på ungdomsskule
og Junior skal byrje i 6.trinn.

Haust og skulestart er som
ein kjempediger måndag
for meg:)

Eg vil starte på nytt,
Ny frisk,
nytt liv
og
nye forsett.


Frukost: eggerøre, laks og salat.
Fin blanding av protein, feitt og karbohydrat.

I år har eg stor tru på at eg skal klare det,
for starten byrja i mai i år.
Eg har trent 2-3- gongar i veka
(mot ingenting, nokon gong).
I sommar har eg satt meg inn i kva kostholdet gjer med oss,
og funne ut at vi skal kutte ned på/ut sukker, melk og gluten.


Eg har prøvd meg fram heile sommaren
og det går forbausande bra!
Humøret er meir stabilt,
kroppen fungerar mykje betre
og alt er berre fryd!

Neste steg er å motivere ungane meir
og hjelpe dei med å skjøne kva rett kosthold gjer med kroppen vår.
Vi er godt i gong:)

No er skulesekkane pakka
og vi er alle tre klare for ny start:)

tirsdag 17. august 2010

Sniktitt på kjellartrappa.

Eg har eit av Noregs styggaste rom,
det har eg svart på kvitt, i form av mail, frå Tv3.
Eller... rettare sagt:
eg hadde eitt av Noregs styggaste rom.

I sommar har eg starta på den digre oppussingsjobben.



Veggane er ei blanding av 40 år gamal lakka panel og tapetsert mur.
Biletet over viser eit lite glimt av fargane;
brunt, oransje og gult.
Trappa var i lakka furu,
sikkert stått i 40 år den òg.
Den har fått 4 strøk måling.
Taket har eg måla kvitt,
med god hjelp av kjæresten og ei venninne.

Då er det berre resten som står att.
Og det skal eg fikse litt etter litt
no når ungane startar på skule igjen.

Det er ein stor, men artig jobb.
Endringane vises so godt.

Og so får eg stooore overarmsmusklar;)

mandag 16. august 2010

Syskrinet

I eit gamalt hus sat ei gamal kone og sydde i knappar i ei slitt skjorte,
ho leita etter nål og tråd i syskrinet.
Der, blant strikk, hemper og strikkepinnar fann ho den rette fargen.
Mannen kunne på nytt bruke skjorta han var so glad i.


Syskrinet hennar har eg vore so heldig å få overta.


Eg har brukt god tid på å gå gjennom
dei små skattane denne dama har samla på.
Ho var nok slik som eg er;
samlar.




Eg likar å sitje slik;
lage historiar om kva folk har gjort og tenkt,
drøyme meg vekk til ei tid der stress og mas ikkje eksisterte.

Det gir ro i sjela:)

lørdag 14. august 2010

Pompel og Pilt i arbeid.


Veggen har kome opp...


-og eg har funne fram gamle skattar frå garasjen...
visste eg det ikkje at eg kom til å få bruk for dei ein dag!


Flytestein og drivved frå den hemmelege finneplassen vår.
(resten av muren skal målast kvit)


Ei gammal lykt og ein sinkbalje fått av ei snill dame:)


Garnkuler som har vore Bestefar sine.


Slik ser det ut i middagskroken vår.
Neste år håpar eg å få tak over,
det trengs her på Møre.


Eg blir ikkje lei av å sjå på...
vakre veggen,
gamle slitte skattar
og nydeleg lavendel.


Lykt funne på same plassen som vi fann planken til lèveggen.
Lyset er laga av ei vakker sjel; Line:)


Planken på bordet er funne i fjøresteinane,
den kjem nok til å flytte litt rundt før den finn sin rette plass:)


Eg smiler...
og gler meg til tak, flislegging
og utbygging av terrassen.
Men det blir ikkje før til neste år!
Trur eg;)


torsdag 12. august 2010

Holy Macaroni!

I sommar har eg rydda alle rom.
Alle skuffer og skåp.
Alle esker på loftet.
Vaska, sortert og
...KASTA!...
Mykje.


I dag var vi på fyllinga og leverte alt rasket,
og no står garasjen for tur.
Der er mykje rusk og rask som skal ut.


I tillegg til å rydde har vi fått murt opp lèvegg på terrassen
og eg har tusenmillionar planar.

Siste vekene har eg tenkt på at ein vegg i mur
blir litt for kaldt for meg
og eg har bestemt meg for å kle det eine hjørnet med panel.

Av og til får eg følelsen av at ting er meint for å ordne seg;
I dag, på dynga,
kom vi over ein haug med ferdigpatinerte lemmar.
Det ser ut som naustveggar,
rustikke og heilt utruleg vakre!!



Desse skal vi skru fast i middagskroken vår i morgon.
Innimellom måleøkter og golvlegging.

Herlighet kor eg gler meg!
Eg tvilar på at eg får sove i natt...

Me sjåast,
plutseleg:)


lørdag 7. august 2010

scrappe-skreppe

Sjølv om eg har site i ein berg- og dalbane i sommar
so har eg klart å klippe og lime litt:)


Ei bok som kjæresten skal skrive songtekstane sine i.



"Vær optimist"


I to år har eg grua meg til å pusse opp kjellaren.
I går starta eg...
Ribba veggane for skruar, spikrar og sparkla.
I dag har eg måla trappa kvit, det vart forskjell det!
(bilete kjem i morgon)

Skjønar ikkje kvifor eg ikkje har gjort dette før.

Hipphipp,
no er eg glad no!

fredag 6. august 2010

Livsteikn med gode vaflar på.


Lenge sidan...

Eg har vore med på verdas lengste berg- og dalbane.
2 månader:)



Livet har teke ei anna retning enn eg hadde tenkt,
og eg har tenkt mykje.
Slik er eg, ein tenkar.

Sommaren har aldri vore innom,
den har berre rast forbi
medan eg har site livredd i tivoli-vogna mi
... og tenkt...



Men...
no er eg ferdigtenkt for denne gong,
trur eg.

Og då skal bloggen atter få sin fortente omsorg.

Eg takkar for alle de som har tenkt på meg
og som har sakna blogginga mi.
Det set eg pris på
og det gir meg lyst til å fortsette!

:)