... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten medieomtale. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten medieomtale. Vis alle innlegg

mandag 30. august 2010

Lille ElleMeller er nevnt i KK.



"Hei, jeg fant deg i det nyeste KK, veldig fin blogg! Deg vil jeg følge videre :) "
Skreiv Citronpiken til meg.

Eg satte tunga fast i halsen og ropte til kjæresten:
"Hæærreguud! Eg er i KK!!
(ganske godt gjort eigentleg,
med tanke på kvar tunga hadde havna)

Det er lite typisk at alle butikkar er stengd og at det er midt på natta..."

Kjæresten: "Vil du at vi skal køyre til bensinstasjonen?"


Heimelaga fyrstikkeske.

So vi gjorde.
Og skuffa måtte eg konstantere at det måtte vere ei misforståing.
Ingen ElleMeller i KK.

Gamalt lintøyskåp og ei kjøkkenskuffe.

Men... i dag, ringde telefonen.
Ei venninne av meg abonnerer på KK
og kunne fortelje at bloggen min er anbefalt av
"Ines 3 på nett",
i det nummeret som kjem ut denne veka...

Eg har igrunn ikkje gjort anna enn å hoppe opp og ned
sidan eg fekk den telefonen.

Heimelaga lyspynt.

Tenk det, lille meg....
som ikkje har vore so flink til å blogge i sommar.

Eg, EG er anbefalt!


Heimelaga lyspynt.

-og eg ventar spent på at bladet skal kome ut:)

onsdag 17. februar 2010

Eg, ein annleis bloggar?

Nytt I uka har skrive om meg denne veka.
Ein fin artikkel der reportaren har skrive korleis han oppfattar meg som bloggar.
Eg må innrømme at det er litt rart å lese.
Kanskje av di eg då skjønar at folk gjer seg opp ei meining om meg,
utan å kjenne meg?

Det er litt skummelt:)


Har du lyst å lese? Klikk på biletet.

Biletet blei veldig stilig! Dette er meg!
Det er forøvrig kjæresten som har knipsa det, arme mannen..

I artikkelen står det at eg brått blei råka av trong til å hoppe i senga.
Fantastisk språk! :)


So har eg kome til å sy ei Ellemeller-jakke til.
Sær og kul fargekombinasjon, eg har verkeleg kost meg.
Håper du blir nøgd, snuppa!


Sidan modellen bor på austlandet
so må arbeidsstolen gjere nytte som "nøgd dame med lilla jakke på".


Eg håper eg kan få tilsendt bilete med den rette dama inni.

Det er rett so triveleg å gå i butikken for tida,
folk stoppar og pratar, skryt av avisinnlegg, bloggen og bileta.
Eg har ikkje skrive autograf enno ;) , men det er kanskje like greit.

Positiv merksemd på det eg driv med gir energi og skaparlyst.
Tusen takk til alle som er innom og les
og til alle de som kjem med positive tilbakemeldingar.

Eg er audmjuk og takksam!!

tirsdag 9. februar 2010

Eg, midtsidepiken i Haramsnytt!

Det er ikkje berre-berre å vere kjendis:)

Fått roser og ikkje har hjarte til å kaste dei når dei byrjar å tørke?
Klipp av stilken og putt dei ned i eit fint glas og nyt synet ei stund til:)


Klikk på bilete om du vil lese heile artikkelen.

Ellemeller er i Haramsnytt.
Det har tikka inn sms`ar og telefonar heile morgonen
og eg ventar autografjegarar og paparazzi bak hushjørna;)
Det er jammen slitsomt å vere kjendis.

Artikkelen har gått ut i heile Haram, som masseutsending,
det vil seie at no veit alle i kommuna korleis eg har det i stova mi
og på soverommet mitt...
for ikkje å snakke om at dei har fått vite at eg et mengder med chilisjokolade.
Då skjønar dei sikkert kvifor eg ser ut som ein tvangsfòra kanin på bilete òg;)

Men kjekt er det, åkkesom!


(Når du først er innom so kan du ta turen til
lillesøs Lillelavendel
med det same, ho tek dei lekraste bileta!)


tirsdag 26. januar 2010

Pling!

-sa det i hovudet mitt i natt ein gong...


Eg kom plutseleg på at eg har to settekasser på loftet.
Desse kjem frå eit trykkeri i Oslo og vi kjøpte dei i sommar.
Dei har rett og slett gått i gløymeboka.

Vi har hatt lokalavisa på besøk i dag,
dei vil visst lage ein repotasje om blogginga mi.
Dette har krevd argusauge i nokre dagar.

Settekassa kom på plass eit kvarter før journalisten dinga på døra.


Inne i eit skåp fann eg det einaste eg har hekla i heile mitt liv; gardinband.
Dei passa perfekt på dei nye gardinene i spisestova
(gardinene blei ferdig ein time før besøket)


Det var trivelege to timar,
vi kommuniserte veldig bra og eg var rett og slett bekvem.
Eg gler meg til å lese gjennom og sjå kva bilete ho velger å bruke.
Ellemeller blir kjendis... :)


Kjæresten flykta når journalisten kom inn.
Han var snill og vaska hus på formiddag og fekk beskjed om å rydde nattbordet sitt.
Då eg gjekk innom soverommet for å sjekke om alt var i orden fekk eg hakeslepp!
Hæ?
Har han ikkje rydda? Argh!...
Eg fekk vekk bladet og lot boka og brillene hans ligge igjen.
Kjæresten kom inn rett etterpå og utbraut:
Kva? Har du øydelagd stylinga mi?!?
Ehm... det var ein tanke bak bladet "gjør det selv" på nattbordet.
Han hadde rett og slett prøvd å markere seg.
(Kan det ha noko med motvekt til blondehimmelsenga å gjere,
skal tru?)

Uansett so tok han det ikkje so tungt,
då han kom heim att hadde han med seg desse nydelege rosene!!
Berre fordi eg er den eg er...



Teikninga er det Junior som har laga.
Det er familien Glum (also oss) ein heilt vanleg kvardag:)
Legg merke til den strenge dama i bakgrunnen
som kikkar skeptisk på forslaga som kjæresten kjem med...
(Litt spisse puppar, kanskje?)

Er han ikkje flink?