... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 22. mai 2010

Eg vil flytte!


Vi har vore i Røros,
herlighet kor fint der er!


Tømmerveggar, gamle utelampar, steintrapper
og mykje anna vakkert å sjå.


Tenk å få bu her då!


Inne i eit portrom.
Gamle sleder og kunst i skjønn forening.


Folket i byen er hyggelege, døra (eller vindauget) står ope.
Butikkane har utstillinga og varene sine
ståande ute etter stengetid,
det er som å ha skrudd tida tilbake.
Eller... eg trur tida har stoppa her.
Alle har god tid og stress fins ikkje.




Vi sov på Frøyas hus.
Eit gaaamalt hus med to små rom til leie.
Skakt, slitt og veldig sjarmerande!


Putetrekket på senga vår.
Her kunne eg ha sove kvar natt:)


Gardinene og vindauget ut mot bakgården.
Der har eigaren butikk og sel myykje fine saker!

Eg vil tilbake, mange gonger,
om eg ikkje flyttar dit so vil eg iallefall på besøk!


onsdag 12. mai 2010

Pavilijong

Endeleg!
Pavilijongen har kome til gards:)


Ivrig som eg er, starta eg å montere åleine.
Det var ikkje berre-berre.



Heldigvis har eg mellomste-søs i nabolaget
og ho sei sjeldan nei.


Taket fekk eg og Junior montert utan hjelp...
vi er vel flinke:)



Prøve-stæsjing.


Det blei rett so triveleg her inne.
Her skal vi ete mange middagar framover!

Eg håpar å få opp ein levegg
og få fliser på terrassegolvet før vinteren kjem att...




mandag 10. mai 2010

Knottting on Heavens door

Eg har ein ven,
som må vere min ukjente tvilling.
Han er 20 år eldre enn meg
og det er sjølvsagt ikkje mogleg,
men vi er på mange måtar heilt prikk like.


Ein av tinga vi er like i er at vi samlar,
og vi har vanskeleg for å kvitte oss med ting.


Desse nydelege knottane er originale
og har site på ein kommode på eit tannlækjarkontor.
Desse har eg vore so heldig å få!! 12 i talet.


Eg kan ikkje sjå meg mett,
og lova å sove med dei,
første natta eg hadde dei i hus:)


Grunnen til at eg fekk desse vakre knottane
var at eg spurde om det var mogleg å få tak i slike isolatorar.
(dei dukka opp i leiteaksjonen)
Han hadde sjølvsagt det òg i garasjen sin.
12 i talet:)


No er det berre å vaske,
finne/lage passe skruar
og få det på rette kommoden.

Siste månaden har det storma sterkt rundt meg og oss.
Eg har site midt i ein tornado,
det er ein fantastisk følelse å kjenne at eg meistrar uvèr.
Håret bles vilt rundt hovudet mitt,
eg har tidvis vanskeleg for å trekke pusten
men
føtene er godt planta på jorda
og
eg veit at ein dag,
ganske snart,
vil det løye.


onsdag 5. mai 2010

Smugtitt på oppussing av pipe.

Det går framover.



Flisa har kome på veggen og ventar på fuging.
Vi har støytt på eit par praktiske utfordringar
og er ikkje heilt sikker på korleis vi skal løyse dei.
Kjem tid, kjem råd:)

tirsdag 4. mai 2010

Eit smykke av eit vindauge!


Eg er so heldig!


Dette vindauget fekk eg med ei venninne.
Det sto i eit gamalt hus og ingen hadde bruk for det.


Det er so vakkert
og eg er ikkje sikker på kvar eg skal ha det.
Eg har satt det i stovevindauget so lenge,
der står det som eit smykke.


Eg lurer litt på kvar det har stått før og kven som har laga det.

Kven har site og beundra dette vakre vindauget for mange år sidan,
kanskje veldig glad for å ha investert i eit slikt kunstverk?

Eg ser for meg ei bestemor
som sit i gyngestolen og strikkar,
med eit smil om munnen.

søndag 2. mai 2010

Ikkje for sarte sjeler!!

Eg har ei god venninne som fyller år i dag...

Det passar godt at eg har dilla på kort for tida,
og ho er den einaste eg kunne ha laga eit slikt kort til:)



Det er nesten so eg rødmar her eg sit...

Eg brukte eit gamalt gratiskort frå Oslo,
kutta det i smale striper øverst
og beheldt nederste delen heil.
Prippen som eg er,
måtte eg sensurere litt:)

(det er nesten so eg ikkje kan tru at eg legg ut dette på bloggen...)

..og vi har pynta... bord.


For 15 år sidan blei det født ein nydeleg gut.
Eg har vore so heldig å få følgje han desse åra.



Kampfiskar

Eg hugsar spesielt godt trilleturane,
han kunne ikkje fordra å ligge i vogn
(eg trur han var redd for å gå glipp av noko),
han skreik og skreik høglydt heile vegen.

Trikset var ein liten dæsj honning
(dette var før vi visste at det kunne vere farleg)
på smokken,
då var han still ei lita stund:)


På fredag var eg med på å pynte til
den store konfirmasjonsdagen hans.
Det var ei stor ære.

Bordet, sett frå konfirmanten sin plass.


Svart, grått og grønt.
Stein, rustikk, fiskar og vatn.



Til ein mann må ein ha maskulin pynt,
men ein liten dæsj grøne perler på bordet
og rundt nokre av lysa gjorde det litt sprekare.



Lillesøster hadde tredd perler på ståltråd.
Tråden er surra rundt ein strikkepinne nokre stader
for at den skal "leve" litt.


Eg har laga bordkort.
For å spreke det opp
sydde eg grøne knappar på eine hjørnet.


Dette var morosamt
og eg har kosa meg i prosessen
saman med mammaen til den kjekke guten.

I skrivande stund er han ferdig konfirmert,
det har snøa og markane er kvite.
Vi får tru at det bringer lukke!
Gratulerer!



Midt oppi det heile har eg funne ut at det var kjekt å lage kort,
og i går var eg på Ebay for å sjekke utvalet.
Eg la inn bud på nokre varer og vann 3 av budrundene.
Herlighet, kor eg gler meg til å få det i hus!
Sjubbiduu!