... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

fredag 15. januar 2010

Ein liten bit av kjøkkenet vårt

Det er stille i huset, alle er ute og eg har tid for meg sjølv.
Det er godt.
Eg kan tusle litt rundt og flytte på ting, tenne lys og berre kose meg.
Eg likar å ha det heilt stilt, då høyrer eg tankane mine mykje betre;)


Kråskåpet har eg måla og satt inn hønsenetting i døra.
Liftgardina har eg sydd.
Bord og stolar har eg samla inn litt her og der og måla.
Det einaste som gjenstår er å få gjort noko med veggane.
Lotto-gevinst blir motteke med glede!


Taklampa er ei messinglysestakelampe som eg har sinkspraya
og hengt på lysmansjettar som "funklar" i sollyset.


Ved dette kjøkkenbordet et ungane frukost, gjer lekser
og andre kreative aktivitetar.
Bordet er rundt og har ileggsplater.
Dei brukar vi berre når vi har selskap.


Eg likar å ha duk på bordet, det er ikkje særleg praktisk.
Ungane rotar og eg må vaske.
Men koseleg er det.. med duk.
Akkurat denne duken, som du ikkje kan sjå på biletet,
kjøpte eg i Parga hjå ein gamal mann som prøvde å lure meg med at den var handvevd..
Hah! Lurer ikkje ei sydame;)
Men den er nydeleg likevel
og ein annan dag skal eg vise den fram på skikkeleg vis.


I dag skal eg
sy ferdig sengehimmelen
og krysse fingrar
for at det kjem mildvèr slik at eg får spraya sjølve buen.
Dette skal eg sjølvsagt ikkje gjer samtidig.
Men eg MÅ ha ferdig sengehimmelen til søndag!

onsdag 28. oktober 2009

"Å, har du fått endå meir rask frå Skogen?"

-sa Princess då ho kom heim frå skule i dag.
På trappa ute sto eit spann med gamle flasker og eit rustent kjøkkenreiskap.
Inne er gangen stabla med kasser og nydelege skattar frå sommarhuset til kjæresten:)
Ungane ser ikkje verdien i det, enno.


Kjøkkenvekt, nyinnflytta.
Kaffekoppane har eg fått av ei venninne på Lørenskog.
Blondar og cookieskrukke er nyinnkjøpt.


Endå ei kjøkkenvekt som kom deisande inn døra i dag, saman med den djupt sakna kjæresten.
Spegelen kjem òg frå Skogen, men den fekk eg lurt med meg i kofferten i sommar:)

Eg har tenkt å gjere noko med kjøkkenveggane etterkvart... og då ryk den rosa tapeten og borden til fordel for kvitt... utan bord:)


I anledning heimkomsten til den bortkomne kjæresten har eg baka hjartemuffins,
søøøte rosa muffins med hjarte og glitter på;)


Til å ete opp!!

So til slutt, eg har fått to awards!!
Denne har eg fått av Flatheim.
ein fin blogg eg akkurat har oppdaga og kjem til å følge med på:)


Og denne frå ei av dei eg set mest pris på her inne: Datt.
Ho er av dei fyrste eg skreiv til og ho har både titt og ofte vore innom og skrive ein hyggeleg kommentar.


Eg set enormt stor pris på det!!
Tusen hjarteleg takk! :)

No er det kveld og kjæresten og eg skal kose oss saman!
Det er mange veker sidan sist...
Det er lavt, rosaraudt skydekke på Møre i kveld:)

mandag 26. oktober 2009

Englar og vill panikk.

Kaos.uten.kontroll.no, det er meg.
Etter å ha leita febrilsk etter lommeboka mi i kveld har eg endeleg fått slengt meg ned på burkapuffen for å vise fram dei nye englane mine.
Lommeboka låg på vegen utanfor huset til Mellomste.
Eg og lommebok/telefon/nøklar er ein uheldig kombinasjon.
Herlighet kor mange gongar eg har uttalt:
"Er det nokon som har sett...?" *oppgitt*


Her har begge skåpa kome på plass, ein ser at dei er i slekt,
men ikkje at dei eigentleg er einegga tvillingar:)

Eg har shoppa siste dagane... mykje meir enn eg har shoppa siste to månadane til saman.
Og no snakkar vi ikkje Finn.no-shopping, men småsnacks-til-huset-shopping:)


Desse englane kunne eg ikkje gå frå, dei var so lekre!
Dei er kjøpt her i Brattvåg.


Ein liten engel til å ha på kjøkkenbordet fekk òg bli med.
Telysholdaren har eg fått av ei eg jobba saman med tidlegare, søt!


På spisestuebordet har eg loppisfunn, ein lysestake og eit fat eg har kjøpt på Tante Bruun.
Eg var innom der i dag og skravla litt med Camilla,
dama som har verdsrekord i overskudd og utstråling.
Og som i tillegg eig eit av husa eg har drøymd om sidan eg var born:)
Det blei bittelitt shopping der i dag, det skal eg vise ein anna dag.

Psst..
Eg har kjøpt juletrepynt og ny juleduk i dag:D
...i oktober...
Jøss!

torsdag 22. oktober 2009

Fytti Katta, Mamma!! Dette er det kulaste!!

...Sa Junior då han kom heim
og såg kva Princess og eg hadde gjort med det eine hjørneskåpet
som kom i hus for eit par veker sidan.


Eg har måla det kvitt, fjerna glaset og sprossene og satt inn hønsenetting i staden for.
Det blei ganske mykje betre enn eg hadde trudd.
Her finn du før-bilete av skåpet, før eg strippa det.


Nokre koppar frå Kina har flytta inn.
Desse har eg fått av ei venninne på Lørenskog, dei skulle i søpla
... !??!!...


Kaffe og te har fått plass i fine glas.
Eg drikk berre sjokoladekaffe og har laga mi eiga blanding av mocca og cappuccino,
den står bakerst.


Eg har tenkt litt siste dagane og kome fram til at eg let meg påvirke av dykk bloggedamene...
Då eg kjøpte huset var det stram 50-tals-stil som var utgangspunktet,
men etter at lenestolen har fått både rysjekappe og blondar
har eg skjønt at 50-talsløpet er køyrd.
Det blir kvitare og kvitare hjå meg og det er blogginga som har skulda:)

Men...
Eg nektar å kvitte meg med den raude vampyrsofaen!
Der ligg riktignok eit par kvite blondeputer i den,
men det er det næraste eg kjem kvit-romantisk-bondestil i den kroken.

torsdag 1. oktober 2009

Av og til er 1 mm nok...

Eg er systematikar. Punktum, finito, finale.

I dag skal de få ein liten smugtitt i eit par av kjøkkenskåpa mine.
Ting står på rekke og rad, eg brukar ikkje millimetermål, men det er ikkje langt ifrå:)



Telefonsamtale med kjæresten:

Eg: "Eg lurer på om eg skal ta bilete av kjøkkenskåpene mine og blogge om dei."
Han: Ehm.. *bekymra stemme* "jaja, du får nok ein heil del nye lesarar etter det innlegget"
Eg: *glad* "Trur du?"
Han: "Ja, eg er ganske sikker på at dei som jobbar innan psykiatrien kjem til å finkjemme tilfellet ellemeller og bruke bloggen din i undervisninga framover."
Eg: Snøft!


Slik har eg kontroll på sukker og salt og slikt...
eg er då vel ikkje klin gæærn for det vel??
For å berolige meg og for å overbevise kjæresten om at det ikkje feilar meg noko,
ver snill og legg igjen en kommentar og sei at du òg har det slik:)

Psst.. berre for å bevise at eg ikkje er heilt koko,
so har eg faktisk satt dei to boksane med raudt lokk nesten midt i skåpet!!
Utan å ta hensyn til at det faktisk ser heilt grusomt ut;)


Lappane har eg skjært i nydeleg rosepapir, kjøpt i ein eller annan papirhandel. Lurte på om eg skulle sjablongskrive teksten, men fann ut at handskrift får duge:)

tirsdag 25. august 2009

Det klør i fingrane

Eg manglar spisestuebord.
Lillebror har kjøpt seg hus med litt inventar.
Perfect match!

Eg kan nesten ikkje vente med å reise ut for å sjå på det!
Han får nøkkel etter at papira er i orden.
Kor lang tid kan det eigentleg ta å tinglyse eit skjøte??
3-4 minutt? Eg er utålmodig.


I mellomtida har eg flytta spisestuebordet (som er for lite) inn på kjøkkenet.
Det blei so lekkert, litt trangt, men lekkert.
Eg gler meg verkeleg til å få orden på kjøkkenveggane.
(gammalrosa er ikkje fint!)
Då skal eg vise fram.


I dag har eg fått vore litt Florence Nightingale.
Mellomste blei sinkforgifta i går og var tufs i dag.
Eg har kjøpt frukost til ho, cola og smash.
Ho hadde ein stamp med 368 enkle sokkar som eg sorterte og fekk ca 30 par av.
Resten er fortsatt single og åleine,
men vi får tru dei dukkar opp att når dei andre kleda er vaska ferdig.