... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg

søndag 14. mars 2010

Velkommen til Alice-i-Eventyrland-teselskap!



Princess har fylt 13 og for å feire dette inviterte vi 17 jenter til teselskap.
Eg har kosa meg i fleire dagar med
pynting,
baking
og roting i skuffer og skåp
for å finne "rare" ting å putte godteri og bakst i.



Alle fekk forskjellige tekoppar.


Mellomste-søs sin suppeterrin med ause blei fylt med potetgull.


Ein vase med non-stop og eit sausenebb fylt med pops gjorde susen!


For å sleppe å kjøpe ein haug med tallerkenar kjøpte eg papp
og limte på bitar av serviettar med decoupaglim.
Alle gjestane fekk handlaga sjokolade på tallerkenen sin.



Fargeblyantar til å teikne på duken med.


Den gamle vekta blei fylt med nydelege gulrotmuffins.


Helene hadde laga denne Ybervakre gåva til Kristine!!

Selskapet var veldig koseleg!

torsdag 4. mars 2010

Tenårings-Princess

So kom dagen eg aldri trudde ville kome, eg har blitt tenåringsmor.
Eg skjønar ikke kvar dagane har blitt av!


Her er ho, tenåringen vår, på veg til skule i dag tidleg.
Glad og førnøgd etter at ho fekk
bursdagssong,
pakkar,
vaflar
og tente lys
på senga i dag tidleg.

Princess er ei kreativ sjel;
ho strikkar, lagar smykker,
skriv, syng,
bloggar,
dansar, teiknar
og likar å eksperimentere på kjøkkenet.
-og dagdrøymer-




I Finnskogen,
Princess tok den største abboren som nokon gong er fiska på
Nordre Morttjern,
rimeleg stolt ja!
Ikkje er ho redd for å gjere opp fisken etterpå heller,
ho snittar og renskar og vaskar som ein proff.
Etterpå grilla vi fangsten på bålet.


Grilling i fjøra her heime, telttur og kos med Mira.



Portrettbilete, nokre år gamle. Ho er berre nydeleg!



Fyrste skuledag på Bjørkelangen.
Her er det ikkje byggeplassen ein skal fokusere på,
men den søte jenta og den flotte solsikka;)

13 år med medgong og motgong, kjærleik og frustrasjon.
Eg kan ikkje tru at det er so lenge sidan prinsessa mi blei født,
nokre veker for tidleg.
Ho var so lita og nydeleg,
sov heile døgeret
og
var heile familien sitt midtpunkt.

Ho er fortsatt nydeleg,
ikkje so lita (høgare enn meg),
ho kan søve heile døgeret ..
og elskar å vere familien sitt midtpunkt!

Ting har ikkje forandra seg so mykje, med andre ord.

Eg er veldig glad i deg, snuppa mi!