... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten Entrèe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Entrèe. Vis alle innlegg

fredag 22. januar 2010

Det var ein gong ein gang.

Det er aldri for seint, er det noko som heiter.
Det er ikkje favorittordtaket mitt, for å sei det sånn.
Eg ser helst at ting blir gjort leenge før det nærmar seg aldri...


I fjor sommar kjøpte kjæresten ein gjeng med hyller på Indiska.
Dei skulle skifte innreiing og solgte ut milevis med hyller.
Vi kjøpte nokre av dei.
Hylla er kutta, måla og fått knaggar.
Sidene er profilerte og det blei rett so fint,
og gjenbruk som passar meg heilt perfekt!



Eg pussa opp gangen heilt åleine i fjor,
medan kjæresten var på austlandet.
(gamalt bilete, i mellomtida har golvlistene kome på plass)


Slik såg gangen vår ut før...


Rammene har kome på veggen
og då tek det vel eit par månader før eg får bestemt meg
for kva eg skal ha inni
(loppisfunn, spraya med kvitt).
Det er ikkje berre-berre.


Solbrillene står framme heile året,
mest for å minne meg om at det er sola som skin
i den berømmelege tunnellen.


fredag 24. juli 2009

Velkommen til min ringe bolig.

Eg står midt i koffertar, klesvask og ferieklargjering av hus.
Kva gjer eg?
Jaaudå, eg finn ut at eg skal måle sjablongane på entrèeveggen.


Eg har aldri gjort dette før og var litt skjelven i knea.


Litt skjelven på handa på l`en... men det kan eg ikkje fikse før målinga tørka.
Det blir etter ferien.


Skrifta er" heimelaga", eg har tatt utgangspunkt i ei eller anna skrift i word og fiksa på litt.
Blei so bra so.

Eigentleg so tenkte eg at eg skulle grunne stuebordet mitt òg...
Hmmm..
Rekk eg det, skal tru?
Det er over ein time til vi skal reise:)

onsdag 15. juli 2009

Prosjektet er fotograferbart

Eg har i ei veke leika snekker, målar og hemmeleg agent.
Entrèen vår, som tidlegare var bittelitt utgått på dato, har fått seg eit aldri so lite ansiktsløft.
Eg har vorte litt sjøsjuk av å gå inn der, men no er det heile so mykje betre!


Kvitt, lyst, drivved og gjenbruk... heilt etter mitt hovud.
Speilet kjøpte eg på loppis for ein slikk og ingenting,
det er heimelaga av gips og var spraya gull.
Men det er det jo fort gjort å gjere noko med.




Slik såg det ut i entrèen før, legg spesielt merke til sjøsjuk-golvbelegget.


Trangt om plassen.


Når ein kjøper hus og skal pusse opp so vil ein gjerne gjere alt på ein gong.
Iallefall eg.
Men eg har tålmodig venta på at den store tiltakslysta skulle kome over meg.
Entrèen har vore gjenstand for mykje grubling og kløing i hovudet.
Kjæresten reiste heim att ein tur og DER kom arbeidslysta, gitt.
*S* Eg skal ikkje skulde kjæresten for at den har vore fråveranda tidlegare.


Er ein sydame so brukar ein måleband og ikkje tommestokk...


Og skal ein fuge seint på kvelden og ikkje finn pistolen til patrona, so brukar ein tresleiva... funkar ikkje like godt, men har ein dårleg tid, so har ein...


Litt reklame.
Golvet var eigentleg lett å legge.
Eg har aldri vore med på å legge golv før og var spent på om eg kom ut i vifteform på enden,
men dæsken, eg må vere eit naturtalent!
Det blei heilt beint!


Fint?


Hylla har kome opp, brukte ei hylle eg kjøpte på loppis,
måla den og skrudde på hylleknektar frå Indiska.



Dørene er fjerna og eg har tapetsert i skåpet.
Jepp, dei gule garderobestengene skal skiftas ut!


Døra blei visst kvit òg. Det var eigentleg ikkje heilt etter planen... men..



Blomsterkrukker frå Kid, eg har tatt ut sinkpottene og brukt dei til noko anna.
Dette blei ein fin plass til alle solbrillene våre.

Er eg ikkje flink vel?
Heilt åleine har eg ordna og styra, det siste som står igjen er måling og oppsetjing av lister
(er det ikkje alltid slik?)
og so må eg finne ei krokrekke eller to til jakkene våre
(på veggen under vindauget.)

I går snakka eg med ungane, vi blei einge om at no skulle vi alle vere flinke til å bruke skohylla og eg ville ikkje sjå sko på golvet. Dei har kvar si hylle og det burde vere nok. Resten av skoa skal stå i skåpet, på rette hylle.
Jaudå, alle nikka, eg òg:)

So fekk vi besøk i går.
Junior kom heim, etter å ha vore med ein kompis,
han kjem skrekkslagen inn på stua:
"MAMMA, det står sko på golvet!!"
*knis*

Ha ein fin dag, eg skal ta meg ein velfortent pause på terrassen:)

tirsdag 14. juli 2009

Smugtitt på prosjektet

Eg har vore litt hemmeleg agent siste veka.
Kjæresten sit uten nett langt inne i skogen og kan ikkje følge med på kva eg held på med.
Han blir nok overraska når han ser kor flink eg er!

My name is Meller...
...Elle Meller.


Eg målar. Eg sølar. Eg kosar meg.




Skal tru kva dette skal bli?
Biletserie kjem snart.... plutseleg.