... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 17. november 2010

Vil du helse på Tulda, Hulda og Gulda?



I går kveld var eg på juleverkstad saman med fleire andre kreative damer.


Eg hadde ikkje aning på kva eg skulle lage og bladde febrilsk i bøkene mine,
eit par timar før vi skulle møtast.
Sjølv om eg er litt allergisk mot Tilda,
so har eg 4 bøker
og der fann eg desse søte kremmarhusenglane.


Dette er Tulda,
ho er litt jålete og likar blondar og stæsj.
Ho kranglar stadig vekk med Hulda
om det er blondar eller lin som er finast.




So har vi Hulda,
ho er husflidsberte
og trivest best i ruter og striper...
aller helst i lilla,
men raudt vart godkjent,
sidan det snart er jul.


Til slutt kjem Gulda.
Ho er den nøkterne, nøytrale og empatiske.
Kvar gong Tulda og Hulda kranglar klarar ho å mekle
og roe gemyttane.
Dette er grunnen til at ho heng i midten.


Ikkje for at dei skal hengast opp enno...
Det er tross alt lenge til jul!


Kanskje skal dei henge på kjøkkenet... kanskje ikkje.
Vi får sjå.
Kjekt arbeid var det iallefall.

Imellom engleadopsjon strikkar eg vottar,
det er ikkje so enkelt som eg trudde.
Men eg gir meg ikkje!


søndag 14. november 2010

Gratulerer!

Gratulerer so mykje med dagen, Far!



Far har vore tilstades for oss i 20 år,
solid, trygg og til å stole på.

Han tok over jobben for han som ikkje makta ansvaret,
og den jobben har han takla godt.

Det er ikkje berre enkelt å ta over 3 jenter i puberteten.
Men han har vore ein støttespelar for mamma
og ikkje blanda seg inn i oppdraginga,
har berre vore der...
i stormane og i medvinden.

Eg har vore med på å skape ein del storm,
men likevel var han der.
Bar ikkje nag, straffa meg ikkje for dårlege val
eller skubba meg ut i utryggheita.

Eg har vore heldig; både Mamma og Far støttar meg uansett.
Ein slik forelder strebar eg òg etter å vere.

Gratulerer med dagen Far,
eg er veldig glad i deg.