... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 11. juni 2009

Soverommet før vi pussa opp:


Veldig grønt...
det var det første vi byrja på når vi fekk nøkkelen.



Det var mykje fram og tilbake om vi skulle måle dei flotte gamle møblane. Naboen skulle kaste dei i ein container og syster mi fekk redda dei i siste liten. Han såg lettare sjokka ut då vi spurte om vi kunne få overta møblane. Han kunne nok ikkje førestille seg at nokon kunne tenkja seg å ha det rukkelet. Men då tok han feil.
Dei er handlaga her i bygda og gull verdt, etter mi meining.
Vi (les: kjæresten) måtte forlenge sidevangane, for senga var berre 180 lang.



Den eine puffen, dei har allereie fått nytt trekk èin gong, det blir ikkje so lenge til dei skal få kvite blondetrekk... det blir so søtt, atte!



Det er jo eigentleg synd å måle over slike flotte møblar, menmen... resultatet ser du under:)

2 kommentarer:

  1. Malerkosten er blitt min tryllestav!:)
    Utrolig hva to strøk kan gjøre!

    Forresten, brukte du oljemaling?

    Kos

    SvarSlett
  2. Her har eg måla 3 strøk med Shipolin, skipsmåling. Treg og vanskeleg å bruke på møblar som må stå når dei tørkar, det har lett for å renne måling. Men resultatet blei fint og blankt:)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)