... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 3. mai 2011

Nøgd med dagens innsats!

I dag har eg site i sola og sydd perler og knappar i maange timar.
Armbandproduksjonen er ferdig for denne gong,
men eg har eit par-tre idèar til på lur.




På baksida av alle armbanda har eg brodert positive ord,
som HÅP, GLEDE, KJÆRLEIK etc.



Kremkvit råsilke, lysbrun silke,
glasperler og litt paljettar.




Turkis råsilke, knappar og perler...
og eit positivt ord på kjøpet.




Dette har vore artig å halde på med,
eg har kosa meg og håpar at marknadsfolket vil like dei.

I kjellaren står kjæresten og måler soverommet..
eg trudde eg skulle vere lur og velje ein HEILT anna farge
denne gongen. Ikkje kvitt eller vanilje.
Det vart ein annan farge, so lur var eg,
men...
lilla... eh Lilla?!?!
Det var ikkje so lurt.

Etter at rommet er ferdigmåla kom eg på at
alle sengesetta mine er raude og kvite.

Det blir vel lekkert.
Raudt og lilla...

Gisp!




3 kommentarer:

  1. :) Så flott at du er i gang igjen! Lukke til på marknad, eg er sikker på at du får avsetning på produksjonen din! Og kva eg skal seie om det lilla rommet og dei raude sengekleda? Må visst tenkje litt på det... ;)Farge dei mørk lilla? Ikkje alltid alle gode idèar er heilt vasstette!

    Nyt kvelden, sola er i ferd med å nærme seg fjella i retning Haram :)

    Klem E

    SvarSlett
  2. Jammen har du vært produktiv!
    Disse armbåndene er skikkelig lekre, og vil nok finne mange nye armer på marknaden.

    Når det gjelder det lilla soverommet så er det vel bare en ting å gjøre: Sy noe lekkert av dine røde og hvite sengetøy, og kjøp nye ;-)

    Klem

    SvarSlett
  3. Armbåndene er utrolig lekre og du slipper nok å sitte igejen noen når markedet er ferdig;-D

    Sengetøyet kan du jo farge lilla, kansje!?

    Klem fra Grete

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)