... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 23. september 2010

Lukkeleg av sjokkis?

Ellemeller har hatt ei lita tenkepause.
Kvar går eg,
kva gjer eg
og sist, men ikkje minst
kven er eg?

Tenkepausa har ikkje gjort meg so mykje klokare,
men heller rolegare.
Eg er den eg er...


Frukost med laks, eggerøre og salat.


Eg har fått spørsmålet mange gongar siste månadane:
Kan ein vere lukkeleg utan å ete
svinekjøtt, sukker, gluten og melk?

Kan ein det?
Ja...
Vi kan... alle kan.

Det tek berre litt tid å kome dit,
å venne kroppen av med sukkergifta
og å la smakslaukane få jobbe med naturlege smakar.


Lunsj med blomkål-brokkolipurè, salat og kalkunkarbis.
(middagsrestar)

Kva er grunnane til at vi ikkje skal bli lukkelegare av sunnare kosthald?

Eg tenkjer høgt, på tastaturet:
Huda blir reinare
celluitane forsvinn
humøret blir meir stabilt
meir overskudd
vi kranglar ikkje
psoriasis blir betre
vi søv betre
kviser forsvinn
etc
etc

Ikkje eitt av punkta ser eg på som negative biverknader
som kunne gjere at vi skal bli ulukkelege.





Middag med pasta og kylling


Mange trur at ein ikkje kan leve utan sjokolade,
men ein kan faktisk det:)
( no skal det innrømmast at eg unnar meg sjokolade av og til,
men den kjøper eg ikkje i godtehylla,
eg kjøper handlaga.
Ordentlege råvarer og best på smak!)

Eg har vore avhengig av stratos og troika
og har nok ete ca 1-2 kg i veka tidlegare,
no et eg sunt, jamnt heile dagen,
og det gjer at eg ikkje har sukkersug i det heile tatt.

Bileta over viser ein heilt vanleg frukost, lunsj og middag her hjå oss.
I tillegg et eg riskaker med eggesalat og smoothie.

Tidlegare åt eg èin gong for dag: middag
og so fylte eg på med sjokolade i mellom...

Kven har eg blitt etter at eg har starta å ete sunnare?
Ein mamma/kjæreste som har meir overskudd, er blidare,
meir tolmodig,
er utkvilt og sprekare.
Og...
tryggare på meg sjølv!

Oppdatering på kjellarstove:
varmekablar og parkett har kome på.
Veggane er måla.
No er det berre resten igjen:)



6 kommentarer:

  1. Du er flink! Har sysla litt med tanken på å gjere noko med kosthaldet sjølv. Slutta og ete sjokolade for snart to år sidan, og det går, ja, heilt sant! Men det er ein del å sette seg inn i, og det er det som er kneika for meg. Beundrar deg som er komt så langt, og så bra at du har utbytte av det!

    SvarSlett
  2. Så flink du er!! Dette så jo veldig fristende ut og!!;)
    Sjokoman kan nok jeg kalle meg, bare må ha det..:)

    SvarSlett
  3. Flinke du! Eg er på veg dit eg også, men det går SÅ sakte! Eg held opp med sjokolade, potetgull og godteri i fire år, og starta på att å ete litt sjokolade og godteri i vår. Eg trur ein må ha ein balanse i det meste. Bruker mest nøtter når eg vil ha noko godt. Det eg er stoltast av, er å ha slutta med lettbrusen, som styrte meg i 25 år. Har halde opp i over seks månedar no. Og når eg klarte det, kan eg klare alt! :)

    Hurra for alt du har oppnådd,
    håper du forstår at du er bra nok
    akkurat som du er, såpass har eg funne ut! :)

    God klem frå Elin :)

    SvarSlett
  4. Så fint innlegg!
    Livet blir ikke bedre av søtsaker og dårlig ferdigmat, tvert i mot, det blir bedre!
    Selv kjenner jeg virkelig hvordan formen stiger etter at jeg la om kosten totalt 1. september.
    Det er så HERLIG.

    Man blir mye mer kreativ med matlaging, og det smaker så mye bedre.

    Kommentar fra datteren i går, da broren kom hjem fra trening: "Gled deg til maten, mamma har laga DEN gode sausen til kyllingen!"

    He, he, det var bare meierismør, litt kyllingfond og fløte.....

    Klem Lykkeliten

    SvarSlett
  5. Kjempebra innlegg! Jeg er på samme stadiet som deg, men uten energi grunnet sykdom. Men sukkersuget er borte!! Fantastisk!

    SvarSlett
  6. Det så jo fantastisk lekkert ut det du viser bilder av, og jeg synes faktisk jeg kan kjenne smaken.

    Jeg er dessverre en ordentlig søtmons, men kanskje jeg skulle tenke nærmere over det som du skriver. Det er slett ingen umulighet.

    Klem

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)