... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 13. januar 2010

Tv-kroken vår

No gjenstår det berre småtteri før tv-kroken er ferdig.


Sjekk taklampa!
Den fekk eg med ein nabo, saman med kulebordet som står under.
Lampa har stått i ei kasse i ein kjellar i ørten-fjørten år
og samla støv, noko den òg bar preg av,
men det fiksa eg fortare enn fort.
Stakkars stålampa har ikkje fått skjermar enno,
men no når draumesofaen har kome på plass
so er eg sikrare på korleis skjermane skal sjå ut.


Kulebord, burkapuff og litt av den kvite stolen som eg har pimpa.
Det kvite lever litt farleg no når eg kjøpte denne sofaen.
Kjæresten: " Ja.. skal du sy nytt trekk på kvitestolen so får du værsågod å velge eit SLITESTERKT stoff som det går an å sitje på, utan å vere redd for å krølle stoffet."

Stakkars... han får stadig strenge blikk for at han sit skeivt i stolen eller har på mørke bukser. Det kan jo hende at eg skal blogge den snart!


Då eg sa at eg skulle fotografere tv-kroken i dag
so skynda kjæresten seg på kjøkkenet med desse orda:
"Skal du blogge so går eg ut, eg har tross alt ikkje blogge-dressen på"

(eg trur han håper på at kompisane hans på austlandet
ikkje skal oppdage bloggen min,
det vil avsløre han som ein supermjuk mann *S*)


Fleire og fleire veit om at eg samlar på "skrot"
og det ender av og til med at "skrotet" kjem heim til meg.
Det kunne ikkje vore betre!

Ein fin dag til alle!
No skal vi ut og trimme juleflesket i finevèret:)

11 kommentarer:

  1. Så koselig Tv-stuen har blitt!! Kjempe-fin! Sjarmerende gammel lampe og bord:)

    Ha en fin dag!

    Klem
    Anette:)

    SvarSlett
  2. Veldig fin Tv-stue, kunne godt "slanga" meg på sofaen der i timesvis foran tv-skjermen!

    Og taklampa var òg veldig fin! Vi har akkurat likedan i feriehuset vårt!

    Ha en fin fin dag!

    Klem fra Charlotte

    SvarSlett
  3. He...he...he... Syns stolen passer inn jeg, men skjønner godt at kjæresten din kunne tenke seg nytt trekk der ja, av den mer slitesterke sorten ;0) Dette blir kjempe bra! Kos deg videre :0) *Klem* -Kamilla-

    SvarSlett
  4. Du får det sannelig nydelig i tv-kroken! Ikke at det er overraskende! ;)

    SvarSlett
  5. Guri ko fint du (de) har fått det. Elsker bordet og sofaen (det andre også). Heldige dokke som har fått tak i det.
    ha ein fin dag!

    SvarSlett
  6. :) Det blir kjempefint. Synes det er bra at du tek vare på gamle ting! Eg har fått ein del skattar sjølv siste dagane, som folk hadde tenkt å kaste! Og eg blir SÅ glad!

    Ha ein fin kveld!
    Klem Elin :)

    SvarSlett
  7. Super fint!!
    Du gjør en super jobb med å vise kor fine gamle ting er!!
    <3<3
    Natta fra Beate

    SvarSlett
  8. Tittenteiandrefondrei!

    :O)

    Kosligt er det blitt,harmonisk!
    Suss i panna fra lille

    SvarSlett
  9. Så fint det var;o))) Deilig med litt "nye" ting inn, og alltid gøy å ommøblere og stæsje;o)))
    Her har vi ikke så mye valg på hva som skal hvor, men mannen himler med øynene hver gang jeg har gjort noe på finn. "hvor skal du ha det da?????" Og nå går jeg faktisk snart tom for plass, går det ann å montere stoler oppunder taket tro?????;o))))
    Klem
    Linda;o)

    SvarSlett
  10. :) Eg hadde ikkje tenkt å handle inn til kinoen... Har sikkert noko glam i skåpa? Ser ut som store solbriller kan vere tingen, men det får ein vel for ein hundrelapp? ;)

    Ha ein flott dag! :)

    SvarSlett
  11. Så koselig Tv-krok du har med mange sjarmerande ting. Ha ein fin kveld.

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)