... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 30. september 2009

Hortensiakrans

Siste vekene har eg kikka skeptisk på hortensiane mine,
dei har ikkje sett so bra ut og eg har lurt på kva eg skal gjere med dei før vinteren.
Har lest at dei skal vere fine å tørke, i dag var det ein passande dag for hortensiatørking.


Eg har vore på polaritetsbehandling og fått beskjed om å ta det med ro nokre timar,
det er ikkje alltid like enkelt.
Men eg har vore flink, kokte meg ein kopp sjokoladekaffe
og sat heilt fint og avslappa i sofaen i over ein time og las i "Drømmehjerte".
Eg må innrømme at det kribla i kroppen og fokuset ikkje var i boka heile tida:)


Eg tusla meg ein liten tur ut i hagen i øspøsregn og klipte med meg nokre clematisgreiner
og vikla saman til dørpynt og hengde på hortensiablomar.
Litt klønete å få festa blomane på greinene, men ikkje umogleg.


Medan eg var i gong hadde eg lyst til å skifte pynten i fugleburet mitt.
Kven i alle dager er det som har kome på at det skal berre vere ei bittelita dør inn i eit slikt bur da??
Herlighet, det er ikkje råd å få inn meir enn småtteri... Arg!
Eg streva, med begge hendene inne i buret, for å få til ein dekorasjon oppi eit vinglas.
Takk vår skapar for at hendene mine er små:)


Hortensia og kolibri.


Junior var mektig imponert over kransen min
og påstod at han hadde lurt heile livet på korleis man laga slike...
Eg trur nok at det klikka nokre bilete inne i hovudet hans,
ikkje om kransar, men våpen eller andre guttegreier man kan lage av kvistar
og andre ting man finn i naturen.

8 kommentarer:

  1. Jeg er glad for at du kunne bruke bildene jeg har lagt ut på bloggen min! Koselig at du stakk innom :) Og kransen din er superflott!!!

    SvarSlett
  2. Hortensia er berre den mest fantastiske! Fine dekorasjonar, både krans og bur!

    SvarSlett
  3. Må få se ine funn da ??Blir så nyskjerrig...ha ha artig å se !!

    SvarSlett
  4. Hei hei. Så gøy å se bloggen din som jeg ble tipset om av din kjære, hihi. En veldig hyggelig kunde:) Kjempe kreativ og fin blogg og du er herved lagret på min liste!
    Håper resultatet av Indiska hyllene kommer på bloggen din, nå er jeg nyskjerrig:) Ha en fortsatt fin kveld.

    SvarSlett
  5. Så fint det ble Anita;o) Virkelig lekre dekoraskjoner;o)
    Klem
    Linda;o)

    SvarSlett
  6. Hortenisa er utrolig lekkert. Fin krans du har laget :) Og du, bare hyggelig at du vil "stjele" kortidéen ;)

    SvarSlett
  7. Hortensiakransen var skjønn. Ser mange lagar det om dagen, og dei er berre så dekorative! Takk for koseleg kommentar hjå meg- Eg kjem att:-) Ha ein god dag.

    SvarSlett
  8. Jeg har også lurt på hvordan man får til en krans - også hele livet... *glis* Fin er den! Men skulle ikke du slappe av??? ;)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)