... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



onsdag 1. juli 2009

Skrinet med det rare og magiske i.


Dette skrinet måla eg for 20 år sidan, eg hadde nettopp gått på eit lite målekurs og var veldig inspirert. Eg har ikkje hatt hjarte til å måle over det. Synes egentlig det er litt fint.
Oppe i dette skrinet har eg lagt skattane mine. Små ting eg fekk av bestefar og min biologiske far, før dei døydde. Det er ikkje kvar veke eg opnar opp for å sjå, men eg ser det står der, i skapet mitt, eg veit eg kan opne det når eg vil, og minnast.


I dag har eg planta ned tomatplantane til kjæresten. 4 stk, rett nedanfor terrassen, akkurat der han ville ha dei. Handlinga blei symbolsk. Eg plantar liv her heime, medan Irene kjempar for livet på austlandet.
Tomatane vil bety mykje for meg i år.
Dei blir som ei utendørs skattekiste.

2 kommentarer:

  1. Jeg vet ikke om det går an å skrive meldinger noe sted på disse bloggene... Og jeg skjønner ikke hvordan jeg skal få laget kategorier for bloggene mine... Men det kommer nok... =)<3

    SvarSlett
  2. Hei og god morgen
    Så kjekt å ha slike ting som man kan samle gode minner i. Hele huset her er en stor minne bok for det er hit alle i familien kommer med alle de gamle skattene som eies av familien. Jeg blir like glad hver eneste gang det dukker opp noe nytt, spennende og fullt av minner.

    Ha en fin dag. Masse gode klemmer fra Elin:O)

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)