... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 30. april 2010

Konfirmasjonskort med ein liten vri.


"Måtte alle dine draumar bli oppfylt!"



-står det på to av korta eg laga i dag.

Eg er kortmakar-debutant...
grøss, so skummelt det var før eg kom skikkeleg i gong!

Guttekort,
eg har vore med på å pynte middagsbordet
til denne kjekke konfirmanten i dag
og det går i grått/svart/lime.
Vi var særs nøgde med oss sjølve i kveld!!
Bilete kjem i morgon.



Dette blå kortet var det aller aller første,
veldig enkelt og greit.


Inne i konfirmasjonskorta har eg bretta hjarte av sedlane.
Eg skar eit snitt i bakerste sida på kortet og stakk hjarta ned i.


Det blei skikkeleg stilig
og eg tenkjer konfirmantane er glad for
at ikkje alle pengegåvene er innpakka slik.
Det blir nok ei lita tolmodsprøve å brette den ut att.

Det er to år til vi skal ha konfirmasjon
og eg gler meg.
Notatboka er i bruk,
her blir ikkje noko overlatt til tilfeldigheitene!


torsdag 29. april 2010

Kreativt kaos!


Vi har hatt besøk av kreative jenter.


Jentene har perla
og laga makramèarmband i metervis.


Slik såg spisebordet ut midt i kampens hete!



Litt av dagens produksjon.



Eg skjønar meg ikkje på makramè,
men har slått meg til ro med at dette kan jentene betre enn meg.
Eg kan so mykje anna:)


tirsdag 27. april 2010

Glad-glede-lukke



Det var ein gong ein liten bjørnefamilie som hadde kjøpt seg hus...

Bjørnemor og bjørnefar har vore i hi i heile vinter.
Bjørnemor, som er meg,
har vore småstressa for at vi ikkje har "gjort ein skit".

Bjørnefar er godt nøgd med det vi gjorde før vinteren
og stressar ikkje i det heile.
(nokon som kjenner seg igjen?)



Men no... no må det skje noko.
Og det gjer det.
Eg har lyst til å ha det ryddig rundt meg igjen,
eg har lyst til å bruke tid på å dille.
Eg har lyst til å gle meg over dei fine tinga mine.


Medan bjørnefar pussar,
borar,
støvsugar,
kakkar laus stein
og støvar ned heile huset,
sit eg og ventar på tid for pynting.

Vi har henta den lekre flisa
og no GLER eg meg til å fyre i ovnen.
Eg lovar at eg skal fyre same kor varmt det er ute.

Då skal eg legge meg ned
på dei nye svarte saueskinna mine
med sjampanje i eine handa
og den fine, pynta fyrstikkeska i den andre!
Dokumentasjon kjem;)

søndag 25. april 2010

På treet veks det.... eh... sko?

Aller først vil eg vise flisa
vi har valt ut til pipa på stova.


Ååå, den er so lekker!
Gler meg til å få det ferdig:)

Mykje vil ha meir,
er det noko som heiter,
eg er mykje:)
No har eg ferdigtenkt
uteplass,
pipa på spisestova,
flis på kjøkkenet,
og byrja å planlegge kjellarstova.

Hovudet er på plass igjen,
og godt er det,
for alle rundt meg:)



På "byvandring" i dag kom vi over dette treet.
Først måtte eg myse litt... eh...
"kva er det som heng i treet?"...



Jau, sko i alle variantar!
Skikkeleg stilig var det!


tirsdag 20. april 2010

Seriøst problem med den grusomme ovnen!



Endeleg skal det skje!


Vi skal rive liksom-muren, hive ut oljefyren
og setje inn den kvite vedovnen.
I morgon startar rivinga og planlegginga.

Kva skal eg gjere?
Eg har hatt brannvesenet på besøk
og fått vite kva som er lov
og kva som ikkje er lov...

Eg er i villrede!

Flis?
Stein?
Omramming?
Kva golvplate skal eg bruke?
Korleis skal eg oppbevare veden?

Eg treng HJELP!

søndag 18. april 2010

Oh Glede!

I januar lovde eg meg sjølv
at eg ikkje skulle handle verken
klede eller møblar før 1.7.


Eg har vore kjempeflink!


Eg har ikkje kjøpt anna enn to små plagg
som høyrer under kategorien undertøy
og ein liten svart sak som kan kallast underkjole.


Ikkje har eg handla noko til huset heller.


Men eg har hatt bursdag
og det er lov å ynskje seg "naudsynte" ting...
eller klede...


Dette har gått so bra at eg har kome fram til at
prosjektet kan utvidast.
Eg lovar herved at eg ikkje skal kjøpe
nye klesplagg i 2010
(bortsett frå ei varm vinterjakke,
for det treng eg)!


Det er fortsatt lov å sy eller ynskje seg i gåve.


Dette skal gå bra, det er eg sikker på!

Bileta viser gåvene eg fekk av ei god venninne.
Ikkje nok med at eg syntes det var ei flott gåve,
den ga meg lyst til å pynte i heimen igjen!
Den lysta har vore fråverande i det siste.

No ser eg lyset i tunnellen!

fredag 16. april 2010

Settekassa

Eg har funne nøkkelen. Bokstaveleg tala.


Livet er ikkje berre ein stor dropspose,
det er òg som ei settekasse.


I fjor sommar var eg so heldig av eg fekk kjøpt to originale settekasser
og den eine heng over skrivebordet på stova.


Den har stått tom lenge, men no føler eg for å fylle den.
Den skal fyllast med ting og følelsar eg likar
og som gir meg glede.
Slik skal livet mitt ordnast framover òg.


Tre fine nøklar.
Nøklar kan brukast til so mangt;
inn i sin eigen heim,
inn i hjartet på sitt livs kjærleik
eller inn i si eiga sjel.



To fingerbøl som har blitt brukt av ei ukjent dame.
Dei minner meg på det eg likar aller mest.... å skape.



Eg gler meg til å fylle settekassa med små vakre ting!!