... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 14. januar 2010

Iskunst og ein liten dæsj funderingar

Ungane har vore kreative.
Princess syntes det var på sin plass med skjell i isen,
vi ventar tross alt på vår og sommar!


I går fekk eg ein gledeleg, skummel og overraskande telefon.
Det har satt i gong tankar om kven og kva eg er.


Eg har vore sjukmeld i eit år og har søkt om tidsbegrensa uførestønad.
Dette har vore voldsomt tungt for meg,
for eg vil so gjerne fungere, men det nyttar ikkje.
Eg har prøvd i 20 år og no sei kroppen stopp.


Økonomien blir vesentleg dårlegare
og følelsen av å vere "ei byrde" i samfunnet ligg der.


Men eg har ikkje tenkt å legge meg ned å grine for det.
Eg veit at eg er flink til det eg kan.
Eg veit at eg kjem meg på beina igjen etterkvart, berre eg tek tida til hjelp.
Kanskje blei ikkje livet slik eg hadde trudd at det skulle bli,
men eg har dusinvis av ting å vere glad for!
Kunsten er å glede seg over det ein har, og ikkje det ein kunne ha hatt.
Eg har blitt ganske flink til det, om eg får seie det sjølv:)

Meir om den hemmelege telefonen om nokre dagar;)

onsdag 13. januar 2010

Tv-kroken vår

No gjenstår det berre småtteri før tv-kroken er ferdig.


Sjekk taklampa!
Den fekk eg med ein nabo, saman med kulebordet som står under.
Lampa har stått i ei kasse i ein kjellar i ørten-fjørten år
og samla støv, noko den òg bar preg av,
men det fiksa eg fortare enn fort.
Stakkars stålampa har ikkje fått skjermar enno,
men no når draumesofaen har kome på plass
so er eg sikrare på korleis skjermane skal sjå ut.


Kulebord, burkapuff og litt av den kvite stolen som eg har pimpa.
Det kvite lever litt farleg no når eg kjøpte denne sofaen.
Kjæresten: " Ja.. skal du sy nytt trekk på kvitestolen so får du værsågod å velge eit SLITESTERKT stoff som det går an å sitje på, utan å vere redd for å krølle stoffet."

Stakkars... han får stadig strenge blikk for at han sit skeivt i stolen eller har på mørke bukser. Det kan jo hende at eg skal blogge den snart!


Då eg sa at eg skulle fotografere tv-kroken i dag
so skynda kjæresten seg på kjøkkenet med desse orda:
"Skal du blogge so går eg ut, eg har tross alt ikkje blogge-dressen på"

(eg trur han håper på at kompisane hans på austlandet
ikkje skal oppdage bloggen min,
det vil avsløre han som ein supermjuk mann *S*)


Fleire og fleire veit om at eg samlar på "skrot"
og det ender av og til med at "skrotet" kjem heim til meg.
Det kunne ikkje vore betre!

Ein fin dag til alle!
No skal vi ut og trimme juleflesket i finevèret:)

mandag 11. januar 2010

Postman Pat og eit par strikkepinnar

For ei tid tilbake vann eg ein konkurranse hjå Lindas skattekammer.
I helga kom Postman Pat med den herlege pakken,
eg er vel heldig!!
Tuusen hjarteleg takk, Linda!


Nydeleg blått ullgarn, oppskrift på tova hjartegrytelappar,
sydd hjarte og ei søt fyrstikkeske.
Det klør i strikkepinnane mine
og eg gler meg til å prøve meg på slike grytelappar,
eg synes dei er so fine.


Fyrstikkeska ligg no på skjenken, saman med salmeboka og kvite lys.


Det er verkeleg vakkert.
Små stilleben, lyse sarte fargar og litt forandring i heimen.

I dag har vi rydda på plass, flytta bort, hit, dit, fram og tilbake...
Eg måtte flire litt medan vi holdt på å prøve å få det raude teppet under rokokko-sofaen igjen. Det har flytta fram om tilbake nokre gongar og for nokre veker sidan bestemte eg meg for at det ikkje kunne ligge der.
I dag ombestemte eg meg.
Igjen.

I går sa eg stolt til kjæresten: " men ...sjølv om eg, tidlegare, ikkje heilt har klart å bestemme meg for kva sofa eg ville ha, so driv eg iallefall ikkje å ommøblerer so ofte!"
Kjæresten: "øøhh..."
I dag skjønar eg kvifor han laga litt rare lydar.
Eg tek den.
Litt treg i oppfattelsen kanskje.
Men...

Gjer eg noko anna enn å ommøblere då?
Nei, faktisk ikkje;)



søndag 10. januar 2010

oooh, lukke!!

Vi dro til Averøy i går. 7 timars reise.
Biletet på Finn viste draumesofaen, men vi kunne ikkje vere sikre.


Vi kom inn i ein fantastisk flott og lekker heim,
eg var himmelfallen og trur faktisk at eg var mållaus...
ei bittelita stund.

Duken er det Besta-kjære som har strikka.

Eg brukte nøyaktig 3.2 sekund på å bestemme meg for at sofaen var ein like stor draum
IN REAL LIFE
som på bilete.
Perfekt farge, form og størrelse!


Titt-titt...
Her skulle det skruast ja..

Eg har ommøblert heile kvelden, fram og tilbake med teppe, bord, skåp og stolar.
Kjæresten har vore ein engel og gjort "skitarbeidet".
Han har skrudd, bært vekk, støvsugd og køyrd vekk det vi ikkje har hatt plass til.


No har eg kome fram til at vi skal krysse fingrane
for at dama frå Averøy skal få lyst til å selge stolane som høyrer til òg...
Høyrer du Vigdis?? :)


Dagsenga som eg kjøpte i sommar har havna i venninnekroken til Princess,
den rammemadrassen som stod der har flytta bort til Mellomste-søs.

Denne sofaen er den 4. i løpet av 1.5 år, men no skal eg slå meg til ro med denne.
Eg lovar!
Eg har lovd kjæresten at eg skal vere nøgd minst til tysdag!
Det skal eg klare å halde:)


Fin? Jah! Den er faktisk heilt perfekt!!

fredag 8. januar 2010

"Her er det fullt"... både inne og ute.



Sløøvedagen!


Eg har gjort ingenting i dag, herlighet kor deilig det kan vere!
Av og til.
Vi har sett ein film, vaska klede og ete middag, that`s it!
No høyrer/ser eg på Lenny Kravitz live på dvd
og det rykker i dansefoten, den mannen er fantastisk!


Vi fyrer i ovnen, slik som resten av Noreg, og nyt late dagar,
men hovudet mitt jobbar litt med sengehimmelen
og stoffet ligg framme på syrommet.
Eg tittar innom av og til, for å sjå om alt stemmer.
Inspirasjonen ligg litt på lur...
Av og til gjer den det.
Men eg er god på "gøyme og leite" og finn den alltid att:)
Det skal bli mellomverk, blondar og to typar stoff.

Det einaste som manglar på soverommet etterkvart
blir blondemamelukk til kjæresten;)

Sjå den søte boksen eg fekk av ei venninne til jul!!




Innbilt kafèkunde på terassen vår: "Vi skulle hatt eit bord til to"
Kjæresten: " Dessverre, her er det fullt"

*knegg*

Sjubbiduu...
Kontoen er skrapa.
Kva gjer eg?
Jaaudå, eg snokar på Finn.
Kva finn eg på Finn?
...ny sofa...
IGJEN!

Junior: "Mamma... kor skal du gjer av alle sofaene du kjøper?"
Mamma`n: "Eg har ein plan..."


torsdag 7. januar 2010

Kulda møter ulljakke..snart.

Det er sprengkaldt, her og ellers i landet.
Eg vakna til 18 grader i huset og frost på vindauga.


Eg har mest lyst til å legge meg under dyna og sove til det blir vår.
Eg kan rett og slett ikkje fordra vinter og kaldt.
Vi på nordvestlandet er faktisk ikkje van med kuldegrader i denne skalaen.

Folket i nord flirar av oss pinglene,
værsågod nordlendingar
det er ei gratis gåve frå oss "søringa".
Flir høgt og mykje, med utepilsa i handa,
noko må de jo halde dykk varme på;)




Til alt overmål so har ei venninne lurt meg med på gåtur i dag!
Vi skal skrive revysong.
18 kalde og frk Ellemeller...
Dårleg kombinasjon.
Men eg hiv på meg termoskjørtet (ein er då fortsatt dame)
og ei jakke og satsar på at eg ikkje frys ihjel.

Den raude jakka er ikkje ferdig sydd enno,
det manglar band og anna greier på nederkantane.
Det er so artig å ha fått bestillingar på jakkene mine,
no kan eg tenke på at snart ruslar det damer rundt om i landet
med mitt design på kroppen!
(ingen av jakkene blir like)

Tusen takk for hjartevarme kommentarar på forrige innlegget.
Eg syslar med tanken om å selge frå bloggen min:)

tirsdag 5. januar 2010

Småkrise i heimen!

Fattigmann-Lusefrans og spinkespareSara!
Det er meg, i starten på 2010.


Det blir tøffe månader framover.
Eg kan risikere å gå utan løn i 4 månader.
Det kler ikkje alle planane mine so godt....
Eg må ta til takke med småprosjekt fram til ca påske.

Denne puffen skal få nytt trekk
og kanskje ein fin tekst på framsida.
(Sjablongmaterialer har eg liggande)



Eg har fått ein avleggar med lillesøster-LilleLavendel,
denne skal bli mange fine hengeplanter i vindauga mine utover våren.


Mellomste-søster jobbar som platearbeidar
og er ein kløppar på slike sveise- og stålarbeid som eg ikkje skjønar eit fnugg av...
før jul spurde eg henne om ho kunne "ta ein pinne" og lage ein sengehimmel til meg.
Svisj, so var pinnen ferdigvalsa og eg fekk den i julegåve:)
Den skal opp om ikkje so lenge,
eg skal berre sy blonde-rysje-stysje-gardin først
(til kjæresten sin store fortviling)


Når sengehimmelen er på plass blir det lekkert å legge på det hekla sengeteppet,
som eg har blitt veldig glad i!



...vi må leve på luft og kjærleik.

Eg ser ikkje svart på det, sjølv om løna mi er redusert til 1/3.
Vi skal klare det på eit vis,
og denne tida skal eg bruke på å planlegge alt eg skal få utført til våren.

Eg har kilometervis med tekstilar på syrommet, so eg blir nok ikkje arbeidsledig:)