... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 20. juni 2009

Hyllest!
...Besta, den beste i verda...


Dette er staden mamma voks opp og delvis eg voks opp.
Gamle epletre, bærbusker, låve til å gøyme seg i og
fulle klesskåp på loftet slik at vi kunne kle oss ut.

Besta og Bestefar var den trygge havna,
her fekk me omsorg, kjærleik og mykje god mat.
Dei hadde alltid tid til oss, eg hugsar eventyrlesing,
kos med den store og mjuke barma til besta
og bekrefting på at me var verdfulle.

Denne vegen, som er ein bratt bakke,
har me traska mange gonger etter at me hadde vore og handla mat eller godteri på "bua".





Verdens beste Besta.

Ho lagar all mat frå botnen av, fiskekaker, fiskebollar med fløte, potetball og saft, syltetøy og hermetiserte fruktkompottar.
Ho vaskar brødposane, brukar opp att kaffeposar til å fryse i, og sorterar all slags avfall.
Matrestar blir til kattemat, feks.
Gamle konvoluttar blir brukt til å skrive handlelister på.

Her på kjøkenet har vi hatt mang ein samtale,
både alvorsame og morosame.
Her kan me vere oss sjølve, fri frå klokka og kvardagsmas.
Til Besta kan eg fortelja alt, ho er fordomsfri og let seg ikkje sjokkere.

Det har nok vore ei lukke for ho, mang ein gong:)



Ho strikkar dei vakraste kunststrikkdukar...


..og dei flottaste raggsokkar... i hundretals, opp gjennom åra...


Hagen blir stelt,
sjølv om ho lever med eit handicap som gjer at det blir tyngre og tyngre kvart år.
Det er sjelebot å vere der inne, både sommar og vinter.


Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan besteforeldra mine,
eg hadde ikkje vore meg, eg hadde ikkje vore... trur eg.
Bestefar døydde for 6 år sidan, eg klarar ikkje å akseptera at han ikkje er her lenger.
Saknet er enormt stort og augene fylles fortsatt med tårer ved tanken på han.
Siste åra har eg vore i eit par situasjonar der eg har trengt hjelp til å overleve,
då har Bestefar "vore der",
han har "snakka" til meg og gitt meg styrke til å kjempe.


Takk til både Besta og Bestefar!


fredag 19. juni 2009

Sommarens store prosjekt.




I ein container låg det ein kommode og berre skreik etter å bli redda av meg,
den er ikkje heilt frisk, veldig våt og treng ein kraftig make-over.
Eg blei forelska!





I dag har eg skrapa heilt ned til treverket, og no skal den få stå og tørke ei stund,
før eg soppbehandlar den, grunnar og målar nokre strøk.
Eg trur nok ikkje før- og etter-bilda blir presentert før til hausten.
Eit vakkert møbel er det og eg gler meg til å setje tekoppen på det til neste sommar.
Dukkehus!

Endeleg har eg fått kjøpt meg dukkehus.
For mange mange år sidan laga eg meg eit gedigent eit, i fire etasjar og tre store rom i kvar etasje. Uteplass med gras, balkong og takstein. Det var parkett på golva, brystningspanel på kjøkenet og sjakkruta fliser på badet... eg la ned mykje arbeid i det.
Kosa meg.

So skulle eg flytte heim att til Møre, og då fekk eg ikkje med meg huset, det var for stort.
Synd!
Men i går, låg det eit lite søtt hus ute på finn, og det fekk eg tak i, med møblement. 800,-
Det må pussast opp og eg skal lage balkong og...og...
å! eg har so mange planar!




Eg har vore oppe på loftet og funne fram dei gamle møblane mine.
Støvete, umåla og ufikse.
Men det skal det bli ei greie på no.
Eg har i tillegg ei skoeske full av små fat, glas, utelamper, symaskin
og mykje anna som ein treng i dukkehuset.
Listverk, parkett og balusterar og....

Gu`som eg gler meg!!

torsdag 18. juni 2009

Loppis-funn

For den nette sum av 40,- blei dette mitt.
Det er ikkje mange år sidan eg ga vekk ei kasse med messinggreier til mellomste-syster, menmen... no skal vi fikse!



Kjæresten fann fram ein sekk og lot meg halde på i garasjen,
4 "strøk" og eit breitt smil seinare var eg fornøgd.



Den tre-arma har fått seg mansjettar frå Jacobine`s.




Slik vart det. Loppemarked er fine greier!


Stein, sprute gal!


-"kjæresten? Kan ikkje vi grave litt rundt den steinen der oppe for å sjå om vi kan setje ein benk på den ?"
-*sukk* "jooda, klart vi kan"


Fram med spade og dertil egna reiskap, madammen har bestemt seg, og då skal det gjerast ganske fort.


Her har nokre rosa gamle planter fått ny heim, dei ville stått i faresonen til neste vår.


Førebels...


Etter mykje krafsing og vekkøyring av jord og rusk, fekk vi fram steinen.
Om benken skal stå der, gjenstår å sjå.




I går kveld når vi la oss sa kjæresten:
" Du? Eg fekk lyst til å grave opp heile området oppover, eg"

Det var ein god plan, eg får meir stein, og han slepp å klippe so mykje plen!
Vi raserer hagen...

Neste vår skal vi utvide terrassen til det dobbelte,
då har eg funne ut at det kan vere lurt å flytte plantane,
eg har lyst å bevare,
no medan eg ser kor dei er.


Eg burde ha tatt eit førbilde av inngongspartiet vårt,
her var det bøttevis med ugras, barnåler og gamle krypplanter som vi ikkje ynskja å ha der.

Det var berre å setje i gong og "røske laus".



Kjæresten har fått seg ein plass i sola,
til å drikke morgonkaffen.



Det blei so koseleg atte!





Vi er so heldige å ha vår eigen skog på tomta.
Ungane skal få seg ein egen plass der oppe,
og då må mamma lage steinsti og rydde.
Eg har planer om å lage til teltplass og få hengt opp ei hengekøye.



"tass-tass-tass"


Veit ikkje kva eg skal gjere med desse,
dei er ganske søte,
men det ser litt ruskete ut og so sprer dei seg som ugras...


onsdag 17. juni 2009

Deilige dagen!





I dag har vi kosa oss i hagen, flytta litt planter og rydda i gamle og ustelte bed.
Bilete kjem i morgon, eg kan leggja meg med veldig godt samvit i dag.

Mira er rask å rappe solplassen min so snart eg går min veg.