... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 20. februar 2010

Kreativ laurdag

Ellemeller-tunikaen har sett dagens lys.
Første eksemplar er rosa og grå og sydd av stoffrestar.


For å gjere antrekket komplett sydde eg pulsvantar til.
Pulsvantar var kjekt å sy,
det endte opp med 4 ferdigklipte og 4 ferdigsydde i lekre fargar.


No har vi vinterferie og eg har lova Princess at ho skal få sy seg ein slik kjole ho òg.
Det bli kjekt det!


Lang lang hette med knute nedst.


Princess og eg har vore på Husfliden i dag
og laga makramè-armband.
*Kremt*... ho knytte mystiske knutar og eg strikka...

Princess lærde seg ein ny teknikk og eg er so stolt!
Flinke jenta!


Dette svarte og raude armbandet laga ho til meg.
Det passar meg heilt perfekt!


Dette rosa, koks og svarte armbandet er noko av det lekraste eg har sett!
Eg har prøvd å fortelje ho at det hadde passa perfekt
til den nye tunikaen min...
-men eg trur ho har vorte døv på det øyret;)


Princess laga to til seg sjølv i ettermiddag,
og eg er litt misunneleg!

Er ho ikkje flink vel?
Neste laurdag skal vi òg ut til Husfliden,
same opplegg.
Har du lyst, og bur i nærleiken, er det berre å møte opp.


Dette armbandet laga ho før ho fekk kursing i den nye teknikken,
fint det òg:)
Princess bestemte seg i dag for at ho vil melde seg inn i Husflidslaget,
og det er klart vi skal ordne det.
Det blir kjekt å ta ho med seg inn i noko som interesserer meg so mykje.

fredag 19. februar 2010

Smil til den skjulte telefonen.

I går ringde telefonen min, eg registrerte at det var eit ukjent nummer og sa:
"Hallo, det er Anita" slik eg plar når ukjende ringer til meg.


Biletet er googla

Ukjent: "Ja, eg såg deg i avisa i går, skikkeleg fin artikkel"
*ukjend stemme*

Eg: "Tusen takk" *høfleg og litt usikker*

Ukjent: "So duuu... er Pippi på heiltid du, also?"

Eg: (Tusen tankar rasar gjennom hovudet...er det ein ny journalist som ringer? Kven snakkar eg med? Er det nokon som prøver å lure meg? Kva skal eg svare?)
*ler litt forsiktig* "eeh, tja, eg er vel det... innimellom so syr eg litt òg då"

Ukjent: "Ja, skikkeleg fin artikkel" .... "So du bur i Haram, i Brattvåg?"

Eg: "jaaa" *veldig usikker no* "Eg bur i Brattvåg..."

Ukjent: "likte artikkelen veldig godt og tenkte eg skulle ta meg ein tur neste gong eg tok turen til Brattvågen"

Eg: *mållaus* "Kven pratar eg med?"
(litt sein i oppfattinga kanskje? Men eg er oppdratt til å vere høfleg)

Ukjent: "Det er XX, vi ser då, kanskje tek eg meg ein tur"
Ukjent: "Ja, for eg er åleine"

Eg: "Men det er ikkje eg"

Ukjent: *litt raskt* "men då snakkast vi seinare" "Hadet" *legg på*

Eg: ??..... Eh... *står som eit spørsmålsteikn og ser på tlf før eg bryt ut i latter*

Anten er det nokon som har drive gjøn med meg,
eller so har eg ein hemmeleg beundrar,
begge deler er vel delvis ubehageleg.
Men vi fekk oss ein god latter, heile gjengen:)

torsdag 18. februar 2010

Putekrig


For kort tid sidan hadde Emmeline give-away
og eg var so heldig å bli trekt ut blant
ThuusenmillionaaRR

(som Gullars ville sagt)
deltakarar!


Puta har kome vel i havn,
de vil ikkje tru kva tape-teknikk ho har brukt
;)
Ho har sikra arbeidsplassane til 3,
kanskje 5 ansatte på tapefabrikken
og muligens 2 på plastposefabrikken.
Eg sat innesnurra i
brun pakketape
og plast
med eit stort glis i andletetet
då denne lekre puta openbara seg.

So var det tid for putekrig,
kven er det heldige møbelet som skal få lov til å smykke seg med vidunderet?


Skal den ligge i godstolen til kjæresten?


I senga?


I gyngestolen?



Eller nysofaen?
... ehm... forresten, nei!
Her passa den ikkje i det heile tatt.
Stakkars puta.

Her i heimen er vi so kreative for tida,
Stovegolvet er fullt av arbeid.

Kjæresten var litt bekymra for at han ville ende opp som
ein McCheeseburger, godt innepakka i mønsterarket mitt.
Tss...
Kvar skulle då evt osten kome frå?
Månen?

-Svisj, tilbake til ellemellertunikasying.

onsdag 17. februar 2010

Eg, ein annleis bloggar?

Nytt I uka har skrive om meg denne veka.
Ein fin artikkel der reportaren har skrive korleis han oppfattar meg som bloggar.
Eg må innrømme at det er litt rart å lese.
Kanskje av di eg då skjønar at folk gjer seg opp ei meining om meg,
utan å kjenne meg?

Det er litt skummelt:)


Har du lyst å lese? Klikk på biletet.

Biletet blei veldig stilig! Dette er meg!
Det er forøvrig kjæresten som har knipsa det, arme mannen..

I artikkelen står det at eg brått blei råka av trong til å hoppe i senga.
Fantastisk språk! :)


So har eg kome til å sy ei Ellemeller-jakke til.
Sær og kul fargekombinasjon, eg har verkeleg kost meg.
Håper du blir nøgd, snuppa!


Sidan modellen bor på austlandet
so må arbeidsstolen gjere nytte som "nøgd dame med lilla jakke på".


Eg håper eg kan få tilsendt bilete med den rette dama inni.

Det er rett so triveleg å gå i butikken for tida,
folk stoppar og pratar, skryt av avisinnlegg, bloggen og bileta.
Eg har ikkje skrive autograf enno ;) , men det er kanskje like greit.

Positiv merksemd på det eg driv med gir energi og skaparlyst.
Tusen takk til alle som er innom og les
og til alle de som kjem med positive tilbakemeldingar.

Eg er audmjuk og takksam!!

tirsdag 16. februar 2010

Tid til alt?

Midt i den kreative usprekkelege bobla mi
har eg ikkje so mykje tid til hus, heim og interiør.



Eg syr, syr og syr.

Sa eg at eg syr?

Og ser litt på sport.
I tillegg surfar eg litt rundt etter isnpirasjon.
Skrekk og gru,
eg har byrja å tenke på andre fargar enn kvitt.
I og med at eg har litt raudt i alle rom
so er det begrensa kva andre fargar eg kan putte inn.
Rosa og suppe-romlemantisk, kanskje?

Hysj! Ikkje sei det til kjæresten!!


Skjenken fekk eg då far min døydde.
Den blomstra under målingsstrøka og er heilt perfekt der den står.
Spisestovebordet fekk eg av lillebror (som er ein halvmeter høgare enn meg)
og eg trur han angra litt då han såg at det gjekk an å gjere noko med det...
Stolane har kome langveisfarande frå Sverige, Hareid og Finnskogen.
Lampa har vore Farmor si
og klokka kjem frå eit dødsbu der dei skulle kaste mykje.


Hjørneskåpa kjøpte eg i Molde, dei er eigentleg einegga tvillingar.

Alt har fått måling med kjærleg og litt utålmodig hand.
Sjølv om eg har lyst på litt fargeforandring, so vegrar eg meg.
Det er so grusomt keisamt å måle!
Vi får vente til sommaren, kanskje kjem lysta med finevèret.

Kjøkkenet skal jo faktisk gjennom ei lita forandring...

mandag 15. februar 2010

Eg treng hjelp.

Ein gong for lenge sidan, lenge før eg fekk blogg,
susa eg rundt og googla.
Stadig vekk.
Då kom eg over denne kjolen hjå ei superflink dame
som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på.

Eg skreiv ein kommentar på denne bloggen
og sa at eg kom til å halde pusten heilt til ho fortalde meg kvar ho hadde funne oppskrifta.

Dette er sikkert over eit år sidan og no byrjar eg å bli desperat etter å trekke pusten igjen:)
Det eg ikkje tenkte på var at bloggarar ikkje registrerar kommentarar på gamle innlegg,
so denne dama veit faktisk ingenting om mi sjølvpining i påvente av eit svar.

Men no spør eg dykk, er det nokon som veit kvar eg får denne oppskrifta?
Eg MÅ ha den!
Kjolen er so lekker!!
Kanskje er det nettopp du som har strikka den?
Eg ber på mine kne.

Oppdatering:
Eg skal få låne mønsteret av ChatrinesLiving,
tusen takk,
du er ein knupp!!
No kan eg endeleg trekke pusten igjen;)


lørdag 13. februar 2010

Eg skal berre...


"Eg stikk berre ein liten tur ut eg,
blir sikkert ikkje vekke meir enn ein halvtime!"
Sa eg.



3.5 timar, eit strikkekafèbesøk på Husflidsutsalet,
eit kafèbesøk saman med Mellomste,
2 liter mjølk, nokre egg
og mykje skravling etter var eg heime igjen.
Kjæresten løfta ikkje eit augebryn ein gong...
hm...
Anten synes han det er godt å vere åleine ei stund
eller so er han blitt van med sunmørshalvtimen.

Eg har levert lavendelhjarte på Husflidsutsalet i Storgata 47,
der heng dei i vindauget saman med mykje anna fint.
Det er mange flinke i kommuna her also!
Eg har nettopp meldt meg inn og kjenner ingen av damene frå før.
Eigentleg so er det litt skummelt...
Men eg fekk det bevist i dag at Husflidsdamer ikkje er skumle,
dei er faktisk berre hyggelege:)

-Dansa med ei lita vikingjente fekk eg gjort også,
so no er vekas trim unnagjort!

Ha ein strålande laurdag,
eg skal til ei venninne og ete kalkun i kveld!!
Nammis!