... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 25. desember 2009

Heimelaga julegåver

Det er stas å gi vekk heimelaga julgåver,
her kjem eit lite utvalg av det vi har gitt vekk i år:


Slik vart innpakninga i år:)


Lyspose, fyrstikkeske og glas med sjokolade som ungane har laga.


Slike lysposar har eg sydd ein del av i år.
Eg har eksperimentert med pynten og blei fornøgd med resultatet:)


Nokre lavendelposar har det òg blitt, og fleire blir det,
både til meg sjølv og andre.
Eg har vore raus med lavendelen
og det duftar himmelsk!!


Sjokolade laga av englane mine.
Mørk sjokolade med chili og tørka tranebær
Melkesjokolade med mandel
Kvit sjokolade med hasselnøtter.


Vi laga 14 glas med sjokolade til å gi vekk
og eit par glas til heimebruk:)


Pompadour, Timoteipungar og panneband til dei eldste jentene.


Nokre av pannebanda.
Dei er so kjekke å strikke
og eg lurer på om eg ikkje må produsere fleire på nyåret:)



Panneband og pulsvantar til Princess. Dei matchar ulljakka hennar.


Endå eit panneband og ein Timotei-pung.
Desse pungane er superenkle å sy og dei kan varierast i det uendelege!
Klikk her for enkel og idiotsikker oppskrift:)....
(eg sei ikkje eit ord om at eg faktisk klarte å dra ut glidelåsen på første forsøk)
Dei fleste andre gåvene har eg blogga i eit par innlegg under her,
og resten har eg gløymd å ta bilete av.

Eg fekk fantastisk mykje fine gåver i år!!
Eg er ikkje enkel å kjøpe til, eg er veldig bestemt på kva eg vil ha i hus...
og eg ser helst at folk kjøper det som står på ønskelista;)...
men med dyktige vener og familie so er det ingen sak:)

Det var ein superkoseleg dag!!

4 kommentarer:

  1. Mange flotte julegaver du har laget!
    Ha en fortsatt fin jul;)

    SvarSlett
  2. Masse lekkert;o))) Sjokoladen så nammy ut, og pannebånna er jo bare en slager;o))
    Jeg fikk en slik Timoteipung i julegave av en gammel dame som hadde kjøpt den på ei julemesse, så jeg tror den har favnet vidt omkring i det ganske land;o)))
    Ha en fin romjul.
    Klem
    Linda;o)

    SvarSlett
  3. Så mange flotte julegaver du har lagtet.....er så gøy at det er blitt så populæt med hjemmelaget ting....
    håper du har hatt en flott jul...og fortsatt en kos jul:)
    klemmer fra meg

    SvarSlett
  4. Hjemmelagede julegaver er det beste av alt! Kjempefine punger du har laget. Koselig at du ville bruke oppskriften min. Jeg tenker på å lage noen flere slike jeg også. kanskje jeg forstørrer dem litt slik at det blir små toalettvesker.
    Ønsker deg fortsatt fine romjulsdager!

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)