- "Hei, har du slutta å blogge?"
Spurde ei dame meg i dag.
Neei...
Eg veit ikkje heilt kva eg skal svare nå folk spør.
For det har vore mange som har spurt desse vekene,
både på sms, mail og slik som denne dama; "face-to-face".
Det er triveleg å bli spurt,
det er kjekt at folk er innom bloggen
for å sjå om det har skjedd noko.
Det har vore ein tøff, vanskeleg og grusom periode,
MEN...
Eg håpar at alt det vonde no skal snu
og at eg får att lysta til å styre med hus og interiør.
Kanskje viser eg fram det eg har brukt litt tid på;
nemleg scrapping.

Vi har vore på Ungdommens Kulturmønstring i dag,
dotter mi og to av niesene mine har stått på scena.
Vi er utruleg heldige som bur i ei kommune som tek
kultur på alvor,
og her bur so mange talentfulle ungdommar!
Det har vore ei oppleving!
Då håpar eg vi sjåast plutseleg:)
dotter mi og to av niesene mine har stått på scena.
Vi er utruleg heldige som bur i ei kommune som tek
kultur på alvor,
og her bur so mange talentfulle ungdommar!
Det har vore ei oppleving!
Då håpar eg vi sjåast plutseleg:)
























