... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



tirsdag 30. juni 2009

Vaffeljern som toaster.


Det er nok ikkje so sensasjonelt å bruke vaffeljarnet som toaster, men i dag blei vi nødt. Princess fann ut at ho hadde lyst på toast, toasteren blei satt på og då ho skulle putte skiva i so dukka det opp ei litt ubehageleg overrasking. Der låg det ei skive frå før, gitt.
Jeez!
Fin og grøn.
Det er KUN princess som brukar toasteren, so ho fekk beskjed om å vaske det reint. Ho og kusina grein på nasen og var nok litt furtne for at ikkje mor sjøl ordna biffen. Nei, for mor sjøl var litt opptatt med å spraylakkere ei korg og eit speil.

Kva får eg sjå når eg kjem inn att?
*sukk* Princess hadde satt toasteren under springen og spylte det!!!
Takk vår store skapar for at kontakta ikkje sto i!
Toasteren havna i søpla, eg tek ikkje sjansen på at det kortsluttar neste gong det skal brukast...
So, då måtte vi fram med vaffeljarnet.

3 kommentarer:

  1. Hahaha!:)
    vi har laga arme riddere i vaffeljernet de siste dagene, og jeg var egentlig ganske irritert for at det ikke går ann å bare spyle vaffeljernet under springen! stakkar da, ikke så godt å vite bestandig:))

    SvarSlett
  2. Tihi, du fikk jo ett GLIMT av kjendislivet no da;))
    Hihihi:))

    Koslig på altanen, gler meg til å komme og se!

    Ja nå krysser vi alle fingrer for Irene, og satser på det beste!
    Klem:)

    SvarSlett
  3. Det blei litt komisk heile greia, vi måtte flire. Ho sto som eit spørsmålstegn ei lita stund og skjønte nok ikkje jvifor eg blei irritert.

    Og ja, eg fann ute at kjendislivet ikkje er til å spøke med.

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)