... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



torsdag 25. juni 2009

To lapp or not to lapp,
That`s the question



Kjæresten og eg gjekk oss ein liten tur ein sein kveld.
Eg hadde sett nokre hageblomar som hadde forvilla seg ned i ei grøft
og dei hadde eg lyst til å rappe. Kjæresten blir villig med på litt kvardagskriminalitet.
På turen stakk vi innom ein container for å levere ein pose med klede som Princess har vokse ut av. Eg opnar døra, fokusert på blomar og eg lurer litt på om eg skal ha alle dei rosa saman,
eller om eg skal blande lilla og rosa.
Eg er eigentleg tilhengar av å ikkje blande og konkluderar med at lilla står for seg og rosa for seg..... eg undrar òg litt på om eg skal tre den svarte terroristhetta over hovudet
før eg snik meg bortetter vegen for å spane på blomane.

Midt i desse alvorsame spekulasjonane ser eg noko
... blått... rosa... ruta... sydd saman til eit teppe.

Kva gjer eg?
Skal eg ta det med, no når eg likevel har havna på skråplanet?

Eller skal eg la det ligge og la nokon andre få tak i det,
for ein billeg penge?
Tankane surrar i 230 km/t då kjæresten kremtar litt diskret på sidelinja.
"La det ligge du, so kan vi stikke innom her etter at vi har fått fatt på dei blomane."


Aldri har vel sjølvrappa blomar kome fortare opp av jorda!
Og aldri har eg vel gått fortare med ruter i blikket.
Tenk om nokon har vore innom og tenkt det same som meg?
Tenk om teppet er borte når vi kjem dit?
Det er riktignok berre 10 min sidan, men....
ein veit aldri!


Vi (les: eg) hasta bort att til containeren og eg heiv meg over døra, stakk hovudet inn og med eit triumferande grynt kjem eg ut med teppet i handa.
Med dårleg samvit rullar eg det saman og prøver å gå med
"eg-har-nettopp-vore-på-picnic"-mina mi.
(ikkje tenkte eg på at klokka faktisk var over 23)
Eg trur det funka.
Ingen ringte 112, ingen kom etter meg for å spørre kva eg tenkte på...
det var berre samvitet som snakka, heile vegen heim att.
(nevnte eg at det tek to minutt å gå?)
Den gneg fortsatt.


Teppet passar heilt perfekt på terrassen, i korga og på tørkesnora!

Oppdatering: Eg har letta samvitet mitt med å betale for teppet,
rett skal vere rett:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarar blir verdsatt:)