... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



fredag 19. juni 2009

Dukkehus!

Endeleg har eg fått kjøpt meg dukkehus.
For mange mange år sidan laga eg meg eit gedigent eit, i fire etasjar og tre store rom i kvar etasje. Uteplass med gras, balkong og takstein. Det var parkett på golva, brystningspanel på kjøkenet og sjakkruta fliser på badet... eg la ned mykje arbeid i det.
Kosa meg.

So skulle eg flytte heim att til Møre, og då fekk eg ikkje med meg huset, det var for stort.
Synd!
Men i går, låg det eit lite søtt hus ute på finn, og det fekk eg tak i, med møblement. 800,-
Det må pussast opp og eg skal lage balkong og...og...
å! eg har so mange planar!




Eg har vore oppe på loftet og funne fram dei gamle møblane mine.
Støvete, umåla og ufikse.
Men det skal det bli ei greie på no.
Eg har i tillegg ei skoeske full av små fat, glas, utelamper, symaskin
og mykje anna som ein treng i dukkehuset.
Listverk, parkett og balusterar og....

Gu`som eg gler meg!!

3 kommentarer:

  1. Du kreative menneske! *Målløs*

    <3 May-Brit

    SvarSlett
  2. Så fint hus:) Tror jammen jeg skal ut å lete på finn.no istedet for å kjøpe et nytt til jentene mine:)

    SvarSlett
  3. ej mæ ælska dukkehus!!! d he ej gjort sia ej va ei lita jente. å tenk,mannen min va so snill at han ga mej et stort,fint og lyseblått dukkehus til bursdagspresang!!! så no he ej innredningsprosjekt i lang tid framover!

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)