... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



lørdag 20. juni 2009

Hyllest!
...Besta, den beste i verda...


Dette er staden mamma voks opp og delvis eg voks opp.
Gamle epletre, bærbusker, låve til å gøyme seg i og
fulle klesskåp på loftet slik at vi kunne kle oss ut.

Besta og Bestefar var den trygge havna,
her fekk me omsorg, kjærleik og mykje god mat.
Dei hadde alltid tid til oss, eg hugsar eventyrlesing,
kos med den store og mjuke barma til besta
og bekrefting på at me var verdfulle.

Denne vegen, som er ein bratt bakke,
har me traska mange gonger etter at me hadde vore og handla mat eller godteri på "bua".





Verdens beste Besta.

Ho lagar all mat frå botnen av, fiskekaker, fiskebollar med fløte, potetball og saft, syltetøy og hermetiserte fruktkompottar.
Ho vaskar brødposane, brukar opp att kaffeposar til å fryse i, og sorterar all slags avfall.
Matrestar blir til kattemat, feks.
Gamle konvoluttar blir brukt til å skrive handlelister på.

Her på kjøkenet har vi hatt mang ein samtale,
både alvorsame og morosame.
Her kan me vere oss sjølve, fri frå klokka og kvardagsmas.
Til Besta kan eg fortelja alt, ho er fordomsfri og let seg ikkje sjokkere.

Det har nok vore ei lukke for ho, mang ein gong:)



Ho strikkar dei vakraste kunststrikkdukar...


..og dei flottaste raggsokkar... i hundretals, opp gjennom åra...


Hagen blir stelt,
sjølv om ho lever med eit handicap som gjer at det blir tyngre og tyngre kvart år.
Det er sjelebot å vere der inne, både sommar og vinter.


Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan besteforeldra mine,
eg hadde ikkje vore meg, eg hadde ikkje vore... trur eg.
Bestefar døydde for 6 år sidan, eg klarar ikkje å akseptera at han ikkje er her lenger.
Saknet er enormt stort og augene fylles fortsatt med tårer ved tanken på han.
Siste åra har eg vore i eit par situasjonar der eg har trengt hjelp til å overleve,
då har Bestefar "vore der",
han har "snakka" til meg og gitt meg styrke til å kjempe.


Takk til både Besta og Bestefar!


4 kommentarer:

  1. Og her renner tårene...

    Så varmt og fint skrevet, men sånn blir det jo når det kommer ekte rett fra hjertet:)

    Tusen takk for at du valgte å vente med det...
    GID

    SvarSlett
  2. Tusen takk:) Ord blir fattige når eg skal beskriva kor mykje dei har betydd for oss.
    GID mæ!

    SvarSlett
  3. Så flott blogg du har!
    Rørende innlegg om besteforelda, minner meg utrolig mye om bestemor på Hoem, der jeg bodde de 9 første årene i livet mitt. Hun var veldig spesiell for meg. Dessverre døde hun den dagen jeg ble mamma for føste gang. Bare noen få timer etter....

    Klem fra Nina på Nesjestranda

    SvarSlett
  4. Tusen takk!
    Besteforeldra mine har vore uerstattelege.
    Eg kan ikkje tenkje meg noko verre enn å miste nokon i ein sånn situasjon som du opplevde...

    SvarSlett

Kommentarar blir verdsatt:)